JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Gjer det for lett for seg

Ytringsfridomskommisjonen har utdefinert nokre vanskelege problem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6299
20220819
6299
20220819

Rapporten om ytringsfridom som kom denne veka, er velkomen i alle leirar, men løyser han alle problem, i alle leirar? Eg er redd for at det ikkje er tilfellet.

Rapporten er vel mykje oppsedande i tonen. Det er uklårt kven som er adressatar: folk flest, politikarar, juristar? Mottakarmedvitet vekslar, men betrar seg utetter i teksten. Især tykkjer eg det er bra at redsla for internett vert dempa monaleg, dessutan at arkivstellet får sin rettkomne plass – kva skal vi gjere om vi ikkje får tilgang til informasjon i den nye skriftkulturen?

Avgrensing

Det undrar meg likevel at ein avgrensar seg til internett og mediesituasjonen, i staden for også å sjå på rolla til bokbransjen og tidsskrifta, to livsnervar som på aktivt vis produserer nytt stoff og jamt formidlar nytt frå utlandet som mat for tanke og debatt. At informerte ytringar i debattbøker, fagbøker og tidsskrift ikkje er vurderte skikkeleg, ser eg som ein stor mangel. Kunst – helst då biletkunst og sikkert på grunn av karikaturstridane – er heldigvis drøfta interessant.

Sjølve skriftkulturen er lite teken omsyn til. Det heng saman med at dei definerer «sanning» som det empirisk verkelege. Såleis vel ein å setje skilje mellom «ytringsfridom» og «ytringskultur». Men kulturaspektet får likevel minst plass, om vi ser bort frå moraliseringane om ansvarskjensle, ut over det om er juss.

Slik kan ein sjå bort frå sentrale problem i ålmenta. Det er vel og vakkert at ein erstattar omgrepet «danning» med «kultur». Problemet er då at ein kan få inntrykk av at ein ikkje eigenleg kan utvikle kulturen ein tek del i, for ein lyt te seg slik at ein sjølv tek ansvar for verknaden av ytringane sine. Altså vert tilpassing og sjølvkontroll det viktigaste, og ein legg mange av problema med ytringsfridomen ned i det personlege og lokale, eller i institusjonslivet.

Juridiske spørsmål

Det er utmerkt at rapporten går grundig inn på juridiske spørsmål. Her møter vi gode grunnar til å dempe impulsen til straffeforfylging. Forventninga om at folk er lettkrenkjelege og bør få oppreist, gjer at vi sensurerer oss sjølve og kvarandre. Men ein treng kan hende ikkje gå så langt som utvalet gjer; eg tykkjer faktisk ikkje at politiet skal utsetjast for grove utskjellingar; eg ser ikkje poenget med å svekkje autoriteten til, eller for den del frykta for, ordensmakta.

Men så vil ein brigde paragraf 185 i straffelova, det vil seie ta bort omtalen av diskriminering, og presisjonen om det å truge eller håne nokon som grunnlag for straff. Grunnlaget er problemet med å definere «hatefulle ytringer». Kommisjonen har truleg gjort eit arbeid som aldri før er utført, med å få fram meiningane til minoritetar i Noreg gjennom ein serie møte og innhenting av materiale.

Hatefulle ytringar

Rapporten drøftar grundig kvifor «hatefulle ytringer» er vanskeleg å definere, juridisk og kvardagsspråkleg. Mange skal ha opplevd hatefulle ytringar, men kva er eigentleg det? Ein kunne likså gjerne kvitta seg med uttrykket. Men når ein så kjem til spørsmålet om «kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk» ifylgje paragraf 185 i straffelova, lyt ein spørje om det er emokratiet, kjenslestyringa, som skal ta over vurderinga. Her krasjar nok juss og dagleg kultur ettertrykkjeleg.

Eg har observert diskusjonar om kjønnsoppleving og kjønnsuttrykk, ikkje minst av di Anne Kalvig, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger, har delteke aktivt i ordskiftet. Ho er blitt truga og forsøkt fjerna frå sine posisjonar på grunn av meiningane sine, som eg grovt oppsummerer slik: Sjølv om vi fullt ut respekterer biseksuelle og transseksuelle og andre kjønnsidentitetar og -opplevingar, finst altså det maskuline og det feminine som grunnleggjande kategoriar.

Sjølv har eg erfart at å føresetje at Carl von Linné-inndelingane av artar ut frå reproduksjonsevnene, må vere grunnleggjande i moderne naturvitskap, fører til sanksjonar og skuldingar om diskriminering. Skal kjenslene til motparten styre all debatt, kjem vi ofte ingen veg.

Men slik er det ofte. Det er lite kjent at Christina Eline Ellingsen, leiaren av Women’s Declaration International i Noreg, i sommar har sete i lange avhøyr i dagevis. Ho er skulda for å ha kome med hatefulle ytringar. Der er mange konkrete døme med i rapporten, men ikkje dette, og Ellingsen kan altså ikkje seiast å vere hatretorikar, all den tid ho har prøvd å diskutere kjønnsidentitetsgrunnlaget opp mot kvinneaktivisme. Når ho vert handsama slik, kan ein spørje seg om kvar grensene går i «ytringskulturen» for at noko skal vere juridisk uakseptabelt.

Alle vaksne lyt definere seg som dei vil. Ungdom er alltid søkjande. Det har vi vanlegvis ikkje problem med. Likevel er det problematisk å drive påverknadsarbeid i barneskulen om at borna, før puberteten, bør undrast over kjønnsidentiteten sin. Er det verkeleg pedagogisk forsvarleg å utfordre ikkje-kjønnsmogne born på dette, før dei kjem i den alderen då dei normalt undrar seg på kven dei eigentleg er, altså i tenåra? Men med dette spørsmålet, motivert av mi lange røynsle som lærarlærar, har eg då støytt imot ein «ytringskultur», eller har eg gjort eit brotsverk?

Understraumar

Det overraskande er at delar av rapporten har understraumar som heller kan lesast som ei innsnevring enn som ei opning av ytringsfridomen. Det kan verke som om tilhøvet til «ytringskultur» er opp til den diskresjonen og det huglaget kvar einskild rår over. Det likså pussige er at kommisjonen ikkje har slått opp i aktuell læreplan. Dei etterlyser retorisk medborgarskap (altså deltaking i den ålmenne debatten) og kritisk tenking, som er grunnfest som tversgåande oppgåver for alle fag – i samsvar med OECD-reguleringane.

Ein kan mistenkje at kommisjonen atter ein gong har falle for lysta til å dominere og fortelje lærarar – i strid med lærarane sin ytringsfridom – kva dei bør halde på med. Tanken om å overstyre skulen er visst umogleg å leggje attom seg i offentlege utgreiingar.

Det siste ordet om desse tinga er enno ikkje ytra.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det overraskande er at delar av rapporten har understraumar som heller kan lesast som ei innsnevring enn som ei opning av ytringsfridomen.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis