Fridomen på fjellet
«Folk blir latere og prioriterer alt annet enn jobb», slo Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen fast i 2012.
Stein Lier Hansen som direktør i Norsk Industri i 2022.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kommentar
peranders@dagogtid.no
Som dei fleste truleg har fått med seg: Stein Lier-Hansen, som inntil desember var adm. dir. i Norsk industri, er i hardt vêr. På åtte år brukte han 11 millionar på såkalla relasjonaktivitetar i form av jakt- og fisketurar, fortalde E24 førre veke. Mykje av pengane vart nytta til hytteturar, sjøflyleige og jaktrettar på Hardangervidda.
«Uakseptabel bruk av medlemmane sine pengar», sa NHO-direktør Ole Erik Almlid til NRK denne veka. Lier-Hansen skal òg ha nytta hytta til turar med familie og vener.
Denne historia tek seg ekstra dårleg ut om ein ser på rolla Lier-Hansen sjølv spela i Noreg dei siste 20 åra. Knapt nokon av toppane i NHO-systemet har argumentert meir intenst for moderasjon frå fagrørsla.
«Som direktør i Norsk industri fekk Lier-Hansen ei årsløn på 3,5 millionar kroner for å messe om moderasjon.»
Konvertitt
Stein Lier-Hansen er ein paradoksal figur. Han voks opp på Rjukan, men gjekk ikkje inn i industrien sjølv, heller ikkje i anna næringsliv. I staden vart han generalsekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund, direktør for Direktoratet for naturforvalting og statssekretær i Miljøverndepartementet i den første Stoltenberg-regjeringa. Så gjekk han til Prosessindustriens landsforening, før han vart toppsjef for Norsk Industri, den største og mektigaste NHO-foreininga, i 2006.
Det var ikkje opplagt at Ap-mannen Lier-Hansen skulle gå dit. Men som så mange konvertittar vart han særs ivrig i tenesta, og mana trufast til måtehald for å verne konkurranseevna og norsk industri. Seinast i fjor vår slo han fast at folk måtte finne seg i nok eit år med reallønsnedgang for å berge arbeidsplassane sine.
Slikt rollespel er alltid litt komisk: Som direktør i Norsk industri fekk Lier-Hansen ei årsløn på 3,5 millionar kroner for å messe om moderasjon. Men det særmerkte med Lier-Hansen var kor langt han kunne gå i moraliseringa. I eit intervju med Nettavisen i 2012, med tittelen «– Hele landet vårt er et eksperiment», tok det heilt av.
Latskap
«Overfloden av oljepenger gjør mange nordmenn late og flere og flere jobber nå innen en altfor stor offentlig sektor», sa Lier-Hansen. Folk var generelt for lite opptekne av jobben, meinte han. «Fritid har så høy prioritet at det er blitt viktigere enn karrieren. (…) Når man har en slik bra velferd som vi har, blir man rett og slett ikke sultne nok. Man blir litt sedat.»
Dette fekk konsekvensar: «Folk blir latere og prioriterer alt annet enn jobb. Når onsdagen kommer, planlegges langhelgen på hytta eller et sted i Europa», sa Stein Lier-Hansen. Artig nok sa han i 2019 til Dagens Næringsliv at han sjølv var kring 100 dagar på fjellet årleg.
Lier-Hansen-saka er ikkje så interessant som moralsk læresoge. Men ho fortel noko om det norske klassesamfunnet, og litt om Norsk Industri, som òg er arbeidsplassen der fagsjef Sindre Finnes fann tid til nokre tusen aksjehandlar i kontortida. Slike historier stikk hol i illusjonane om norsk egalitet og nasjonalt samhald over klassegrensene, illusjonar som mange har interesse av å halde ved like. «De små forskjellene i Norge gjør at dialogen mellom industriledere og ledelsen i fagbevegelsen alltid er god og tonen bestandig hyggelig», fortalde Sindre Finnes i Ved Ernas side.
Stein Lier-Hansen viste eit mindre idyllisk syn på verda da han snakka om energipolitikk i 2012-intervjuet i Nettavisen: «Det som kjennetegner et menneske, er at alle kjente ressurser blir tatt i bruk. Det å tro på noe annet, er å tro på julenissen. Da forstår man ikke hvordan mennesket er skrudd sammen som art.»
Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.