JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Firar utan styrmann

Statsminister Erna Solberg (H) har farta rundt på mange sportsarrangement i seinare tid. Men den sportsgreina ho er mest familiær med, er rodisiplinen: firar utan styrmann som har vart i fire år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg (H) og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) då dei opna den nasjonale integreringskonferansen til regjeringa.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

3683
20170818
3683
20170818

KOMMENTAR

Solberg regjerer på grunnlag av ein samarbeidsavtale mellom fire parti, to i regjering og to utanfor. Det seier seg sjølv at slikt kan skape problem med både parti og representantar som kjenner behov for å markere seg.

Det fekk Jens Stoltenberg (Ap) merke då fleire av regjeringspartnar SVs stortingsrepresentantar demonstrerte mot eiga regjering utanfor Stortinget straks etter at dei inntok regjeringskontora hausten 2005. Då galdt det norske kampfly til bombing i Afghanistan. Opposisjonen, med Høgre og Frp i spissen, raljerte over den manglande disiplinen i regjeringspartia.

Oppgjeret som fylgde internt, må ha vore så kraftig at då Stoltenberg-regjeringa i 2011 sendte norske bombefly for å bombe i Libya, var det knapt knyst frå SV.

Frp har lenge vore skulda for å drive dobbeltspel: stå for éin politikk i regjering og stå for ein annan kurs i Stortinget, openbert for å tekkast eigne veljarar. Dette er så systematisk at det skil seg klårt frå tidlegare regjeringskonstellasjonar.

Langt verre er det at statsministeren heller ikkje har styr på eigne regjeringsmedlemer. Fleire av statsrådane har i tur og orden kome med utspel som ikkje har dekning korkje i regjeringa sin politikk eller i samarbeidsavtalen mellom dei fire partia.

Normalt ville ein regjeringssjef ikkje ha tolt slikt dobbeltspel frå ein regjeringspartnar, men Erna Solberg finn seg i det. Det må ein forstå slik at det er prisen ho må betale for å halde Frp i regjering. Det som er vanskeleg å forstå, er at Erna Solberg ikkje ser at dette svekkar autoriten hennar som statsminister. For kvar slik runde får både opposisjonen, men også dei to samarbeidspartnarane KrF og V, nye kort på handa som kan nyttast effektivt i nye forhandlingar.

Det er ikkje eit ukjent fenomen at regjeringssjefar har henta inn brysame stortingsrepresentantar og plassert dei i regjering eller som statssekretærar for å nøytralisere vanskelege kritikarar. På utanlandsk heiter det gjerne: «better have them inside pissing out than outside pissing in».

Dette kan forklare at Per Sandberg i desember 2015 vart gjort til statsråd etter at han i lang tid hadde stått i brodden for det som mange oppfatta som Frps dobbeltspel på Stortinget.

Men noka slik forklaring gjeld ikkje tilfellet Sylvi Listhaug. Mange stussa alt i 2013 då Erna Solberg tok Sylvi Listhaug inn i regjering. Ho hadde ingen plass på Stortinget, og vart henta inn frå lobbyfirmaet First House. Ho hadde tidlegare markert seg som ein kontroversiell byråd i H/Frp-byrådet i Oslo.

Mange vil seie at Solberg kan takke seg sjølv for problema ho no slit med. Hadde ho teke seg bryet med å sjekke Listhaug si merittliste som byråd, burde ho ha forstått at Listhaug er jamgodt med å be om trøbbel.

Listhaug har hatt mange utspel som har skapt strid og problem for regjeringa, og som må ha ergra statsministeren. Likevel held Listhaug fram både med utspel og som statsråd.

Listhaug har demonstrert at ho ikkje tek korkje regi eller korreksjon frå eigen sjef etter at statsministeren fann det naudsynt å refse henne offentleg for utfalla mot KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Resultatet av dette er at statsminister Erna Solberg sit att med svekka autoritet. Ho kan heve peikefingeren, men det får ingen konsekvensar. Dette er eit særsyn. Noko liknande har knapt skjedd frå ein sitjande statsråd.

Vidar Ystad

Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Listhaug har

demonstrert at ho

ikkje tek korkje regi

eller korreksjon frå

eigen sjef.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis