Kommentar
Få er bra, mange er dårleg
Equinor er 50 år. Særs få menneske har skapt utrulege verdiar for oss alle. Vi bør slutta å lytta til desse som seier dei vil skapa arbeidsplassar.
Jens Stoltenberg var ein ivrig oljemann. Her, i 2008, står han saman med dåverande Statoil-sjef Helge Lund i Brasil, der Equinor har investert stort og lønsamt.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Den 14. juni vert Statoil, som no heiter Equinor, 50 år. Ja, du har rett, det har vore heilt forunderleg stilt om jubileet, endå selskapet er Europas største skatteytar. Jau, Petoro, statens direkte eigarskap på sokkelen, gjev meir pengar i statskassa, men i røynda er ikkje Petoro noko anna enn ein ressurs som staten i si tid tok frå Equinor. Om vi slår saman Petoro og Equinor, er Equinor Europas suverent mest suksessrike verksemd i snart to generasjonar.
Det burde vi kanskje ha feira, men sidan det ikkje er populært å halda på med olje og gass lenger, ligg leiinga i Equinor lågt. Tala er likevel ufattelege, til og med når vi ser på Equinor åleine. Desse tala er ikkje inflasjonsjusterte. Hadde dei det vore, snakkar vi truleg om dobbelt så høge tal. Sidan oppstarten til og med fyrste kvartal 2022 har Equinor selt olje og gass for 12.248.753 millionar kroner. 12.200 milliardar der altså.
Overskotet
Overskotet har vore på 2674 milliardar før skatt og utbyte. Om lag 85 prosent av det har hamna i statskassa. Kvifor har ikkje overskotet vore større? Av di verksemda fortløpande har investert i nye felt. Den dagen Equinor sluttar å investera i nye felt, vil overskotet gå gjennom taket. Dei siste åra, om dei kjem, vert endå meir lønsame. Ingen bør verta forundra om Equinor gjennom levetida gjev ti billionar kroner til den norske staten.
Selskapet burde vore verdt ein fest, for å seia det slik. Pengane er éi sak, det som er endå meir forunderleg, er kor få menneske som står bak suksessen. Ved utgangen av 2021 var berre 21.126 menneske tilsette i selskapet, stab og alt. Equinor har aldri vore eit stort selskap internasjonalt, om vi ser på dei tilsette.
Suksessforklaringa
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.