JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Europa i strid med seg sjølv

Vi var knapt inne i januar før vi fekk årets fyrste kulturdebatt. Den iaugefallande framsida til Dagsavisen 9. januar lyfte fram to feministiske førebilete med hijab: Sumaya Jirde Ali og Rawdah Mohamed.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5827
20220121
5827
20220121

Frontane vakna snøgt. Kjetil Rolness harselerte med at eit plagg som i store delar av verda er symbol på kvinneundertrykking og kjønnssegregering, i norske medium vert hylla som eit symbol på fridom.

Leiaren i Dagsavisen svara med motangrep: Påstandane til Rolness om at hijab har ei særskild meining, nemleg å verna kvinna mot seksuell merksemd, er feil, gamaldagse og kunnskapslause. Det er nemleg ikkje dette Sumaya Jirde Ali og Rawdah Mohamed sjølve legg i symbolet. Ein hijab tyder det eigaren vil, og slik vert dei to unge somaliarane faneberarar for feministiske og humanistiske prinsipp ved å ta eigne val og ikkje la seg presse av forventningar.

Ikkje uventa trekte avisa fram talen til kongen på hagefesten i Slottsparken 2016 som fasit for mangfaldslandet Noreg: Nordmenn kjem frå heile verda, og «nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og ingenting. (...) Med andre ord: Norge er dere. Norge er oss.»

På kollisjonskurs

Sjølv om vi veit at Rolness ikkje er åleine om å reagere slik han gjer, vart han framstilt som ein einsleg tulling, på kollisjonskurs, ikkje berre med lesarane av Dagsavisen og redaksjonen sjølv, men med det moderne og etablerte Noreg, ja, med sjølvaste kongen.

For medan Rolness ser ut til å hevde at islam (hijab) ikkje er kompatibelt med vestlege verdiar (likestilling), hevda Dagsavisen at dette ikkje er nokon konflikt. Slik eg tolkar det, meiner avisa at kvart individ definerer verdiane sine sjølv. Kvinnene med hijab er ikkje representantar for nokon tradisjon, men er nettopp individ. Begge posisjonar kan sjølvsagt vere riktige, det handlar om kva premiss ein legg til grunn. Difor er det naudsynt å lyfte blikket for å forstå kva kulturdebatt dette er.

Både Rolness og Dagsavisen vil truleg meine at dei står for grunnleggjande sekulære vestlege verdiar. Det som kjem til syne, her i eit lite format, er såleis eit sekulært Europa i strid med seg sjølv.

I ein liten skala repeterte ordskiftet om Dagsavisen striden rundt Europarådets mangfaldskampanje i haust. Han synte eit kvinnehovud sett saman av to bilete, slik at halve hovudet var med hijab og halve var utan. Teksten var: «Beauty is in diversity, as freedom is in hijab… Celebrate diversity & respect hijab.»

Kampanjen vekte sterke reaksjonar. «Berre spør dei millionar av jentene i Nigeria, Burkina, Somalia eller Afghanistan om fridomen er ein hijab», var eitt døme på respons. Kampanjen vart avslutta etter protestar særleg frå Frankrike, opplysningsidealforsvararen framfor nokon. Men då hevda mellom andre organisasjonen Forum of European Muslim Youth and Student Organizations (FEMYSO) at denne avgjerda var eit angrep på menneskerettane.

To tunger

Debatten om Dagsavisen byggjer på dei same polane som kom til syne rundt mangfaldskampanjen: islam og eit sekulært Europa i strid med seg sjølv. Det moderne Europa taler med to tunger fordi det er midt i eit hamskifte.

Hamskiftet pressar på i Noreg òg. Også her står kvinnefrigjering og likestilling høgst på verdiskalaen. Kjønnssegregering og tilsløring av kvinna som ideal er ein praksis stikk i strid med dei verdiane som har vorte kjempa fram dei siste hundre åra. Men no trugar identitetspolitikken verditoppen.

Her trur eg den franske statsvitaren Oliver Roy har rett når han seier at samfunnet er i ferd med å verte innretta etter nye verdiar, tufta på individualisme, personleg fridom og verdsetting av begjæret. Den nye verdiskalaen kjem til syne ikkje minst der folk manglar historisk minne, det vil seie hos dei unge, dei som kanskje tar likestilling som noko sjølvsagt og difor ikkje har denne verdien fremst i pannebrasken.

Sjølv har eg testa dette, høgst uvitskapleg, på studentane eg underviser. Når eg spør kva dei, som framtidige lærarar, vil gjere om muslimske foreldre ønskjer delt symjeundervisning, svarar så godt som alle saman utan å blunke at dei kan freiste å leggje til rette for det. At dette er eit dilemma der verdien likestilling vert sett i spel, er det ingen som kjem på, fordi identitet og rettane til individet ropar så mykje høgare.

Det kan vere mange grunnar til å dele symjeundervisninga, men det er ikkje poenget her. Poenget er at det som for min generasjon er ein opplagt konflikt, ikkje treng å vere det for neste generasjon. Vi kan ikkje ta verdiskalaen for gjeven.

Skyttargravskrig

Debatten om hijab kan vere eit feministisk symbol eller ikkje, handlar ikkje om kva ein tykkjer om Sumaya Jirde Ali og Rawdah Mohamed. Det er liten tvil om at dei må ha vore ganske tøffe for å kome dit dei er i dag. Snarare handlar debatten om kva som legitimerer europeiske verdiar, og i neste omgang kva desse verdiane er.

Når ein spør om hijab kan uttrykke likestillingsidealet, slik Rolness gjorde, føreset han at opplysningsideala ber verdiane i vår kultur. Og ikkje berre det. Også historia er ein viktig komponent, for Rolness peikar på at eit symbol har ei historie. Om derimot symbola er avkulturaliserte og berre vert definerte av dei som ber dei, handlar det om identitet. Då vert symbolet plutseleg uangripeleg, fordi debatten går på ytringsfridomen og den personlege fridomen laus.

Frontane i hijabdebatten minner om ein skyttargravskrig der to posisjonar grev seg ned og skyt forbi kvarandre utan å kome nokon veg. Det er synd, for debatten om hijab handlar ikkje om hijab, men om kva for eit verdihierarki som skal vere fundamentet for vestleg kultur.

Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hamskiftet pressar på i Noreg òg. Også her
står kvinnefrigjering og likestilling høgst på verdiskalaen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis