JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Etter den arabiske vinteren

Opp frå krigsruinane stig eit anna Midtausten enn det vi kjenner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I juni i fjor var den saudiarabisk kronprinsen Mohammed bin Salman på sitt første besøk i Tyrkia etter drapet på den saudiarabiske spaltisten Jamal Khashoggi i Istanbul.

Foto: Burhan Ozbilici / AP / NTB

12866
20230714
12866
20230714

Då Sverige søkte vern i Nato mot eit meir aggressivt Russland, valde president Erdogan å halde tyrkisk basar. Svenskane gav etter, sette menneskerettane til sides og gjekk etter fiendane til Erdogan (kurdarar og Gülen-folk). USA gjekk tilbake på sanksjonar mot Tyrkia og lovde å levere F-16-kampfly til Ankara, og kanadiarane la sin Tyrkia-boikott på hylla og skal atter levere kamera til Tyrkias våpendroneindustri.

Først då var det aktuelt for den tyrkiske leiaren å seie ja til Sverige i Nato. Høgt spel og frekke manøvrar? Kanskje det, men heilt i tråd med dei nye tonane frå det indre Middelhavet og Midtausten. For her er det nye takter. Truleg må Europa snart lære å danse etter denne pipa.

Stormaktsrivalisering

Russlands krig mot Ukraina har teke Europa ut av etterkrigstida og inn i ei meir uroleg tid der stormaktsrivalisering, handelskrig, underskot på energi og mat set det gamle kontinentet i skvis. Midtausten på si side har alt vore fanga i ein malstraum av uro, konflikt og endring i halvtanna tiår, sidan 2008.

Sentrale ingrediensar har vore amerikansk militært nedtrekk, auka russisk engasjement, store kinesiske avtalar med lita skrift, arabisk vår med påfølgjande vinter, maktkupp, raskt skiftande alliansar, hyppige diplomatiske brot og regionale kamphanar som barkar saman i krigar via mellommenn. Skvis er noko dei forstår godt i dagens Midtausten.

Men dei siste par åra har stemninga i regionen snudd. Ein ny orden er i ferd med å setje seg i Midtausten. Det nye regionale tøvêret har særleg tre trekk som vedkjem oss.

Forsøket på å demokratisere den arabiske verda tok til på 2000-talet og eksploderte med den arabiske våren i 2011. Men prosessen gjekk seg sur, motkreftene vart for sterke og støtta utanfrå enda med å vere for svak (særleg frå oss i Europa). Då den egyptiske generalen Sisi i 2013 tok makta frå dei valde styresmaktene i Egypt, og kjemiske våpen vart brukte ustraffa i Syria, vart det frie taumar, og den reaksjonære motreaksjonen sette inn for fullt.

I land etter land vart det stramma inn att, og tidlegare valde styresmakter hamna i fengsel. I Tunisia, der folket først velta regimet i 2011 og prosessen var mest vellukka, vart makta til slutt kuppa i 2022. I mai i år vart også den åndelege leiaren for den tunisiske overgangen til demokrati, Ghannushi, dømd til fengsel.

Våren er steindød, og politisk forfølging hardare og meir utbreidd i desse landa enn på mange tiår. Egypt smykkar seg blant anna med den tvilsame æra av å ha verdas høgaste tal på politiske fangar.

Strammar grepet

Autoritære styresmakter strammar grepet i Tyrkia, golfstatane, Iran og Egypt. Alle landa i regionen fell stadig på indeksar over demokrati og menneskerettar. Sjølv Israel, «Midtausten sterkaste (einaste?) demokrati», er i ferd med å bli fanga i malstraumen. Dersom forslaget til israelsk rettsreform fremja av den ytterleggåande høgrevridde og nybyggjarvenlege regjeringa til Netanyahu går igjennom, vil rettsstaten bli svekt, og religiøse krefter og pengesterke familiar vil i større grad styre skuta, altså ein transformasjon til eit meir ordinært Midtausten-land. Israel is going local.

For Europa er dette ei utfordring på to vis. Saman med USA skal Europa gjere felles sak med demokrati verda over for å kontre eit aggressivt, autoritært og fascistoid Russland. Men for dei stadig meir autoritære nabolanda våre i Midtausten er det slett ikkje innlysande kva dei har å tene på å velje «rett side». Ikkje kjem dei til å selje seg billig heller.

For det andre er den store skilnaden i politisk og sosial kultur mellom landa i Midtausten og Europa ikkje lett å halde på avstand med teknologien av i dag. Det er den enklaste sak i verda for styresmakter og andre krefter i den autoritære naboregionen vår å setje i verk (eller oppmode til, eller la vere å hindre) kampanjar mot sentrale trekk ved dei europeiske samfunna.

Desinformasjon

Desinformasjonskampanjar på sosiale medium her hjå oss kan til dømes styrast frå aktørar som sit nettopp i desse nabolanda våre. I ein nyleg publisert rapport om LVU-kampanjen mot svensk barnevern i 2021 viser dei svenske forskarane Magnus Randstorp og Linda Ahlerup korleis egyptarar i Egypt var avgjerande i det som Myndigheten för psykologiskt försvar omtalar som den største påverknadskampanjen mot Sverige nokosinne.

Enkeltpersonar, grupper eller styresmakter frå autoritære land i Midtausten kan verke som superspreiarar som manipulerer innhald i den nordiske sosiale medium-allmenta (og med kunstig intelligens kan dei òg i aukande grad omsetje til og frå våre språk).

Ytringsfridommen vår vert til «rett til å krenkje profeten» (dødssynd), pride-samfunnet vert «homofili som livsstil» (ditto), og barnevernet vårt vert til ein vond plan for å «stele barn frå muslimske familiar og gje dei til kristne eller ateistar, eller til og med homofile!». Vi er utmerkte lynavleiarar for autoritære styresmakter i konservative samfunn på jakt etter fiendar.

Som den franske samfunnsforskaren Serge Sur har sagt: «Midtausten er verdas Las Vegas. Her kan ein gjere alt det som ikkje er tillate andre stader. Skilnaden? What goes down in Las Vegas, stays in Las Vegas. Det same gjeld ikkje for Midtausten.»

Dei autoritære regima som no florerer i Midtausten, har få interesser i å verne dei europeiske demokratia. Om styresmaktene i Tyrkia, Iran, Egypt eller Saudi-Arabia kan nytte sosiale medium til avleiingsmanøvrar i og mot Europa, eller til å samle sitt eige publikum, vil dei gjere det. Dei er ikkje våre allierte i kampen for det europeiske demokratiet i tida framover.

Ny regional orden

Eit anna trekk ved dagens Midtausten er at eit tiår med vakuum etter amerikansk militært nedtrekk og påfølgjande maktkamp mellom regionale stormakter går mot slutten. Ein ny orden er i ferd med å setje seg. Det har ført til normalisering av forholdet mellom Saudi-Arabia og Iran. Tyrkia og Egypt har lagt stridsøksa til sides, og Tyrkia og Saudi-Arabia har funne tilbake til meir normale samarbeidsformer.

Dette er statar som i stor grad har stått på kvar si side i krigane som har rast i Syria, Irak, Jemen og Libya. Det nye samarbeidsklimaet får derfor store konsekvensar for rammene rundt desse konfliktane, og gjev gode utsikter til at krig og væpna konfliktar er på retur i regionen.

I Jemen har tilnærminga mellom Iran og Saudi-Arabia fått effekt for lengst. Samtalar mellom Iran og Saudi-Arabia har gjort at våpenkvila i Jemen har vorte uoffisielt forlengd. I april starta samtalar mellom houthiane og Riyadh. Saudi-Arabia ser for seg ein tretrinnsprosess med houthiane, sjølv om jemenittane ikkje er klare til å grave ned stridsøksa heilt enno. Somme kallar dette peace by proxy, altså ein stråmannsfred som er påtvinga utanfrå. Men sidan det er desse same eksterne maktene som i stor grad har hindra konfliktløysing i Jemen etter 2017, er det av det gode.

I Syria har tøvêret mellom golfstatane og Tyrkia òg fått verknad. Tyrkias nye sentralbanksjef, finansminister og visepresidenten har nett vore på smigertur til ei rekkje mindre golfstatar, inkludert erkefienden Emirata, og neste veke står Saudi-Arabia for tur. Målet er å skaffe 25 milliardar dollar i investeringar frå golfland til ein tynnsliten tyrkisk økonomi.

Saudi-Arabia skal ha hjelpt den tyrkiske leiaren med kapital for å «lette valsigeren» i vår. Arabiske truslar frå eit par år attende om å mobilisere militært mot Tyrkia er borte og gløymde for lengst. Det er òg parteringa av Khashoggi.

Betre relasjonar til Tyrkia og Iran har gjort det mindre risikabelt for Saudi-Arabia å ta Syria inn i varmen att. I juni inviterte Riyadh sin gamle erkefiende Bashar al-Assad attende i Den arabiske ligaen. The King taketh and the King giveth. Saudi-Arabia vil ha styr på Damaskus. Også her kan golfpengar gjere susen. Andre arabarland er med fordi dei vil ha stansa narkostoffet captagon, ettersom Syria har vorte heile Midtaustens narkolangar. Dei vil òg sende syriske flyktningar heim.

Men ein annan viktig føresetnad for arabisk normalisering med Assad-regimet er den svekte posisjonen til Russland i Syria som følgje av Ukraina-krigen. Tilnærminga gjer i sin tur Assad mindre avhengig av Moskva. Sidan 2015 har Russland halde si hand over regimet i Syria og også hatt kontroll med luftrommet i Syria. Dermed har Moskva vore den naturlege bufferen (eller «mellommannen») mellom Iran og Israel.

Dette er ein funksjon Mohammed bin Salman ser for seg at Saudi-Arabia med tida kan overta (med europeiske jagarfly, tru?). Det er ein klar fordel for Saudi-Arabia å ha eit betydeleg ord med i spelet i Israels bakgard, Syria. For normalisering med Israel står snart for tur.

Også dette har lege i kjømda ei stund. Abrahams-avtalane om diplomatisk tilnærming mellom Israel og fleire arabarstatar, framforhandla under Donald Trump, er ei klargjering til det store gjennombrotet – diplomatisk normalisering mellom Saudi-Arabia og Israel. Alle veit kva Saudi-Arabia vil krevje i retur for ein slik avtale. Då vert det stans i nybyggingar på Vestbreidda ein gong for alle, og truleg vil Saudi-kongen verte den nye beskyttaren til bedande muslimar på Haram al-Sharif i Jerusalem.

Dette er vegen det går, og både dei israelske nybyggjarane og palestinarar (og jordanarar!) mobiliserer og strittar imot. Nybyggjarane er villige til å øydeleggje Israels demokrati for å komme i posisjon til å stanse dette.

Men i stort lakkar og lir det mot mindre krig i Midtausten.

Auka sjølvstende

Eit siste trekk ved utviklinga er større grad av regional (eller strategisk) autonomi. Når regionale makter i Midtausten no går saman om ei sak, kan dei halde globale stormakter i sjakk.

Då Saudi-Arabia og Iran underteikna avtalen om normalisering i mars, valde dei seg Kina som garantist for avtalen. For Riyadh er det sentralt at Kina har tiltakande økonomisk makt over Iran gjennom store bilaterale avtalar, og med Irans medlemskap i Shanghai Cooperation Organisation i juni i år får Kina òg auka «multilateral» militær påverknad i Teheran.

USA (utan direkte dialog med Iran) og Russland (svekt posisjon i Midtausten) glimra med sitt fråvær. Det var ein symbolsk gest frå Teheran og Riyadh å invitere Kina til bords. Bodskapen er klar. Ingen utanforståande stormakt kan diktere i Midtausten lenger. Det nye Austen i midten stig fram.

Same dag som Tyrkia sleppte Sverige gjennom Natos nålauge, nekta Russland å forlenge FN-avtalen om den siste humanitære grensekryssinga mellom Tyrkia og Syria. Berre etter jordskjelvet i februar har 3400 lastebilar med hjelpesendingar kryssa grensa med humanitær hjelp inn til Syria her. Truleg vil ei løysing komme i hamn samstundes som Russland vil forlenge kornavtalen med Ukraina som går ut 17. juli. Stenginga set syrarar i ein uuthaldeleg situasjon, og den set Tyrkia i sin (halv-)årlege skvis.

Men denne russiske knipetanga er mindre farleg for Tyrkia no. Golfstatane trugar til dømes ikkje lenger med å etablere militærbasar i kurdiske område for å «lage bøll», slik dei gjorde for berre få år sidan. Via golfen kan også Assad overtalast til å opne andre grenseovergangar. Tyrkia har meir å gå på mot sør. Det er nok eit teikn på at Russlands faste grep om Syria (og dermed Midtausten) er i ferd med å gleppe.

USA er i ein liknande situasjon. Amerikansk politikk i regionen etter 2018, då stormaktsrivaliseringa tok til for fullt, er å halde Kina i sjakk, Iran nede, Russland ute, golfstatane inne og Israel oppe. Men det blir stadig meir krevjande i det Midtausten som no veks fram, der regionale makter kan ringje på i Beijing eller Moskva alt før Washington har stått opp. Golflanda sitt oljeprissamarbeid med Russland er eit døme der USA har mislukkast. Maritim militær mobilisering mot Iran eit anna.

I 2022 prøvde USA å samle ein maritim koalisjon, der blant anna golflanda, Egypt og Israel inngjekk. Emirata trekte seg på forsommaren i år, og like etter kom ei erklæring frå Iran om maritimt samarbeid mellom Iran, Saudi-Arabia, Emirata, Qatar, Bahrain, Irak, India og Pakistan (!).

Den iranske leiaren for IRGCs maritime styrke nytta samstundes høvet til å presisere at desse landa saman kan passe på tryggleiken i den arabisk-persiske (!) golfen og Hormuzsundet, og at «illegitime patruljar frå utanforståande statar» derfor kan halde seg unna.

Nye former for regionalt samarbeid som berre for eit par år sidan var heilt utenkjelege, tek stadig form i Midtausten. Det vil kunne transformere naboregionen vår, og forsterke eit Midtausten som er meir autoritært, meir stabilt og meir kravstort enn det vi kjenner.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein ny orden er i ferd med å setje seg i Midtausten.

Arabiske truslar frå eit par år attende om å mobilisere militært mot Tyrkia er borte og gløymde for lengst.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis