JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Eit isolert Russland mot Europa

Europa går saman om å isolera Russland, militært, politisk og økonomisk. Det får fylgjer, ikkje minst for frontlinestaten Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6473
20230714
6473
20230714

Det var eit tidsskilje, det som hende i Vilnius i Litauen denne veka. Sverige, tradisjonelt den sterkaste staten i Norden, fekk grønt ljos for å gå inn i Nato.

Klarsignalet for det svenske Nato-medlemskapet kom ein månad etter at svenskane hadde feira 500-årsdagen for sjølvstendet i 1523. Men det var noko meir enn svensk lausriving frå Kalmarunionen som skjedde då Gustav Vasa den 6. juni det året blei vald til svensk konge: Sidan juni 1523 har dei nordiske landa anten vore i krig med kvarandre, høyrt til ulike alliansar eller hatt ulik tryggingspolitisk tilknyting. Frå og med juli 2023 vil alle dei nordiske landa, for fyrste gongen på eit halvt tusen år, ha den same tryggingspolitikken.

Barentssamarbeidet

Å peika på årsaka til at dette skjer, er ikkje vanskeleg. Etter at den kalde krigen tok slutt, prøvde dei europeiske landa å integrera Russland i den vestlege verda. Noreg var faktisk eit av dei leiande landa her.

Frå og med starten av Barentssamarbeidet i januar 1993 blei det kvart år frå norsk side løyvt store summar. Visjonen til den dåverande norske utanriksministeren, Thorvald Stoltenberg, var at meir kontakt og meir samarbeid skulle byggja bru over det djupe skiljet som gjekk langs den norsk-russiske og finsk-russiske grensa.

Endeleg punktum for dette prosjektet blei sett den 24. februar 2022, då Russland invaderte Ukraina. Barentssamarbeidet og alle andre initiativ for å bringa Russland nærmare Europa er i praksis avslutta. For alle dei som hadde lagt ned arbeidskrafta si og entusiasmen sin i å byggja opp det russisk-vestlege sambandet, inkludert forfattaren av desse linene, var det ein fortvila situasjon. Det som ein hadde trudd på og arbeidd for sidan byrjinga av Gorbatsjov-perioden, fall i grus. Store delar av det vestlege Russlands-miljøet – og også dei på russisk side som delte det same håpet – hamna i ein kollektiv depresjon.

Etter 30 år med brubygging synte det seg at Russland ikkje ynskte å bli ein del av Europa. I staden held landet fram som ein hybrid av tsardømet og sovjetepoken.

Detaljert forsvarsplan

Det er denne erkjenninga som har gjort at Nato-landa, no altså medrekna Sverige, denne veka har vore opptekne med å grava grøfter i staden for å byggja bruer.

Medlemslanda i alliansen fekk før møtet eit dokument på 4000 sider der detaljerte forsvarsplanar blei streka opp. Både under den kalde krigen og etter 2014 var haldninga i Nato at om det skulle bli krig med Russland, då måtte ein sleppa russiske troppar inn på vestleg territorium før ein samla krefter til å slå dei attende.

Den russiske krigføringa i Ukraina har endra dette konseptet. Bakgrunnen er det som har hendt på ukrainsk jord etter det russiske åtaket, ikkje minst i byar som Butsja og Izium. Massakrane på sivile der og den russiske øydelegginga av til dømes Mariupol syner at ingen Nato-land kan tillata at nokon delar av territoria deira blir tekne over av russiske styrkar. Russarane må stoppast på grensa, kort og godt.

Tre kritiske område

Dette handlar ikkje minst om Noreg. Skal ein tru tysk presse, mellom anna avisa Die Welt, har Nato blinka ut tre kritiske område der ein kan sjå for seg russisk aggresjon i framtida: Dei to fyrste er svartehavslanda Bulgaria og Romania og dei baltiske statane, Estland, Latvia og Litauen. Og så er det Noreg og Finland.

Kva forsvarsplanane konkret seier om desse tre områda, er i skrivande stund ikkje klart og vil truleg vera hemmelegstempla i lang tid. Men til dømes har Tyskland gått med på å utplassera ein heil panserbrigade i Litauen. Ein kan vera heilt sikker på at Nato ikkje syslar med nedrustingsplanar for dei to frontlinestatane som ligg lengst mot nord.

Noko me veit skjer i fyrste omgangen, er at Noreg byggjer opp ei sterk militær eining på Porsangmoen ved Lakselv og forsterkar kapasiteten til GSV, Garnisonen i Sør-Varanger. Dessutan er det alt gjennom store delar av året roterande styrkar frå andre Nato-land i Nord-Noreg.

Om regjeringa og Stortinget dei neste åra trappar opp forsvarsbudsjetta slik det er gjeve signal om, er dette berre innleiinga på ei omfattande opprusting i heile det nordlege Noreg.

Med ei meir eller mindre stengd grense til Russland blir det mindre attraktivt å bu i nord. Den auka militære aktiviteten i Troms og Finnmark vil mest sannsynleg demma opp for ein del av det tapet dei to fylka vil oppleva. For at folketalet i Finnmark skal vera stabilt eller helst auka, vil det likevel vera behov for mykje pengar og fleire politiske grep framover. Staten løyvde rett nok i juni i år 105 millionar kroner til ei tiltakspakke for Aust-Finnmark, men dette kan berre vera byrjinga.

Eit anna spørsmål som ein kan tenkja over, er kva Noreg gjer den dagen Russland prøver det same som dei gjorde i 2015, då 5500 personar frå Midtausten kom over grensa i nord. Det vil ikkje vera vanskeleg å mangedobla dette talet og slik freista å destabilisera Aust-Finnmark.

Finnane har tenkt på dette og byggjer opp eit forsterka grensegjerde mot aust. Norske styresmakter grundar nok på saka, men har hittil ikkje gjort noko.

Russisk by i Noreg

Eit eige problem for Noreg blir det demilitariserte Svalbard, der det er ein heil russisk by på norsk territorium. Også på Svalbard er kontaktflatene mellom nordmenn og russarar reduserte til eit minimum, og i framtida vil norske styresmakter halda Barentsburg så godt som råd er nede i fryseboksen. Om russarane finn ut at dei skal setja i gang med ei storstilt opptrapping av aktiviteten i Barentsburg, kan det koma til ein vanskeleg situasjon. Mest avgjerande er kva for langsiktige mål Russland har med Svalbard. Om Moskva meiner at det er godt nok at øygruppa er demilitarisert under norsk kontroll, vil status quo bli halden oppe. Om Moskva skulle koma på tanken å endra tilstanden radikalt i eigen favør, vil alarmklokkene gå i Oslo.

Denne artikkelen har handla om korleis ein skal isolera og avskrekka Russland, slik at landet blir svekt og stansar den militære ekspansjonen. Ein kan likevel ikkje sjå heilt bort ifrå at det på noko sikt kan oppstå ein livskraftig opposisjon til Putin-regimet. Om det skjer innanfor dei neste 10–15 åra, må me i Vesten tenkja over korleis me kan hjelpa desse gruppene, samstundes som isoleringa av makthavarane held fram. Det blir ikkje enkelt.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis