Kommentar
Ein utrygg statsminister
Erna Solberg har verka meir styringskompetent enn alternativet. I kombinasjon med Frp-populismen var det lykelen til den siste valsigeren. No er både populistane og styringstillegget borte.
Erna Solberg minner stadig meir om Per Borten, det vert for mange staur, for mange kompromiss og for liten autoritet. Her er statsministeren saman med Siv Jensen, Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Året 2018 har ikkje vore eit godt år for Erna Solberg. Røystesankarane Sylvi Listhaug og Per Sandberg er ute av regjeringa, kvardagsmenneska har teke over. Kva gjekk gale? Men fyrst ein omveg. I nokre år var eg fast gjest og kommentator i TV 2-programmet Underhuset. Eg fekk òg vera med og plukka gjestar. Politisk var vi fire som var i redaksjonen, godt spreidde. Men det var tre vi alltid ville ha med: Trond Giske, Per Sandberg og Sylvi Listhaug. Med dei vart det alltid stemning og temperatur, og – vil eg våga påstå – dei som såg på, fekk ein god, gamaldags politisk debatt, ei form som nesten er borte i dag.
Den det var lettast å få til å stilla, var Sandberg, så kom Listhaug og til slutt Giske. Men for eitt år sidan fekk vi alle tre i studio pluss Hadia Tajik. Vi sende ein time frå Arendal på hovudkanalen til TV 2. Temaa var eldreomsorg og innvandring. Det var eigentleg ikkje meininga å diskutera innvandring, sidan vi ikkje trudde det ville verta eit stort tema i valet, men etter at Listhaug hadde kome attende frå fødselspermisjonen, hadde innvandring og dimed Listhaug vorte det absolutt største temaet, og det sjølv om asylinnvandringa var nær null i fjor.
Sandberg dominerte
Sidan vi hadde sett opp innvandring, rekna vi med at Listhaug og Tajik ville dominera debatten. Slik vart det ikkje: I redaksjonen var vi etterpå samde om at Giske og Sandberg var best. Dei to såg ut til verkeleg å trivast, og sjølv om tonen var særs hard, var stemninga mellom Sandberg og Giske god etterpå. Fullt så blide var ikkje dei to andre. Det Sandberg hadde, som Listhaug ikkje hadde, var fleksibilitet i debatteknikken, han hadde ei evne til å venda ordskiftet som Listhaug ikkje hadde. Dessutan hadde han humor. Listhaug kunne innvandring ut og inn, men det var òg det ho kunne.
Og slik Sandberg var sweeper i debatten i Arendal, har han òg vore den klassiske allroundpolitikaren i Frp, og som Torbjørn Røe Isaksen skreiv på Facebook denne veka: mannen som har spreidd godt humør i regjeringa og vore ein garantist for at samarbeidet også med Venstre har vorte halde oppe. At Sandberg ikkje har fungert den siste tida, er ikkje det same som å seia at tapet av han er eit udelt gode for Frp og Solberg.
Når det er sagt, i eit veldig hypotetisk alternativt univers der eg hadde vore statsminister, ville eg ikkje ha teke Sandberg inn i regjeringa. Og eg er forundra over at Jensen og Solberg tok han inn i varmen, for Sandberg er ikkje alltid til å lita på. Det veit eg av personleg røynsle. I november 2013 kom Sandberg med noko så pretensiøst som ein sjølvbiografi, boka heitte Mot min vilje. Eg hadde ingen intensjon om å lesa boka, men så såg eg at boka fekk særs god omtale, og eg byrja å lesa. Boka var faktisk god. Men at Sandberg kunne skriva, samsvarte ikkje med det biletet eg hadde av han. Då eg fekk i oppdrag å intervjua han, spurde eg han difor rett ut. Her eit direkte sitat frå Dag og Tid den 15. november 2013:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.