Kommentar

Ein statsmann?

Einar Gerhardsen høyrde til Tranmæl-flokken som hadde prioritert utanomparlamentarisk kamp og organisering av ei militant arbeidarrørsle, skriv Jon Hellesnes.

Statsminister Einar Gerhardsen (1897–1987) ved skrivebordet i 1965.
Statsminister Einar Gerhardsen (1897–1987) ved skrivebordet i 1965.
Publisert

Dokumentarserien Einar er sett saman av gamle ueinsarta filmsnuttar og nye intervju og har høveleg bakgrunnsmusikk: Programskaparen har komponert dette så bra at resultatet er ei einskapleg forteljing med god framdrift. Som fjernsynsunderhaldning er det vellykka. Korleis er så serien som historisk dokumentar? Det blir spørsmålet i dette skriftstykket.

Etter 1945 var Einar Gerhardsen, på godt og vondt, med på å forme landet på ein avgjerande måte. Dokumentarserien handlar primært om det som var bra. Privatpersonen og familiemannen Einar får eit stort rom, og der er tillaup til «human touch»-journalistikk. Det går på kostnad av ei breiare og tydelegare framstilling av samfunnsproblema og dei politiske grepa til Gerhardsen.

Ulovleg overvaking

Men den ulovlege overvakinga i Gerhardsen-perioden er likevel med i serien. Overvakinga retta seg mot påståtte kommunistar og andre venstreorienterte med etterfølgjande tap av jobb for ein del av desse offera. I røynda var det initiativtakarane til denne overvakinga, som var ekstremistar. Det dei gjekk i gang med, var å undergrave rettsstaten og rettstryggleiken til norske statsborgarar. Ein destruktiv presedens synte seg ved at ulovleg overvaking skjedde under fleire seinare regjeringar også. Dermed fekk tilhøvet mellom overvakingstenesta og det norske samfunnet varig skade. Mistillita til overvakingstenesta breidde seg i landet og finst framleis. Men det skjedde meir rettsstridig i Gerhardsen-perioden; det var minst like ille. Det er ikkje med i dokumentaren. Kvifor ikkje? Vi kan lese om dei mørke gjerningane i memoarboka til avlidne major Svein Blindheim Offiser i krig og fred (1981).

Blindheim, som hadde vore offiser i Kompani Linge, blei rekruttert til den militære etterretningstenesta etter krigen. Alt frå 1949 fekk han underlege oppgåver. Han blei knytt til ein hemmeleg geriljaorganisasjon med store våpendepot kring i landet. Medlemmene var sterkt høgreorienterte nordmenn. Organisasjonen blei sagt å vere eit resultat av ein avtale mellom USA, Storbritannia og Noreg, men var ukjend i Stortinget og dermed ulovleg. Blindheim skriv: «At det var forsvarsministeren frå dei første åra etter 1945 som var initiativtakaren og krumtappen i det heile, gjer ikkje organisasjonen meir lovleg.» Det som kom i stand, var dei såkalla Stay behind-gruppene. Men Blindheim fekk ordre om å utføre endå mørkare gjerningar.

Politisk kriminalitet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement