JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Det stygge spelet

VM i Qatar er eit resultat av korrupsjon. Men Fifa har langt verre ting på rullebladet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1978: Diktator Jorge Videla (med bart) på heimebane. Den argentinske kapteinen Daniel Passarella løftar VM-pokalen etter 3–1-sigeren over Nederland i finalen. Ein dryg kilometer bortanfor låg fengselet der opposisjonelle vart torturerte.

Foto: Heinz Ducklau / AP / NTB

14239
20221125
14239
20221125

KOMMENTAR

peranders@dagogtid.no

Det vart vingen Daniel Bertoni som sette spikaren i kista. VM-finalen mellom Argentina og Nederland 25. juni 1978 hadde gått til ekstraomgangar etter 1–1 ved full tid. Den store helten Mario Kempes scora 2–1-målet etter 105 minutt, og Bertoni sikra sigeren ti minutt seinare. Da dommaren bles av kampen, eksploderte jubelen på Estadio Monumental. Storparten av dei 71.000 på tribunane var heimefans, og Argentina var verdsmeister i fotball for første gong.

Gledeslarmen nådde òg ein staseleg kvit bygning med søyler kring inngangen ein dryg kilometer nordvest for stadion. Escuela de Mecanica de la Armada (ESMA) hadde vore eit skulebygg for den argentinske marinen, men under militærdiktaturet tente huset som fengsel og torturkammer for juntaen som styrte Argentina. Over 4000 opposisjonelle vart utsette for mishandling og grov tortur der inne under militærdiktaturet i åra frå 1976 til 1983. Dei færraste kom levande frå fangenskapet. Somme fangar vart pinte i hel i kjellaren til ESMA, andre vart tekne med i fly og dumpa i havet.

Ein av dei som overlevde, Graciela Dalo, har seinare skrive eit essay om minna sine frå 25. juni 1978. Fangane fekk beskjed om å reise seg og juble med fangevaktarane sine etter sigeren. Ein av fengselsleiarane, med kallenamnet «Tigeren», var ellevill av glede. «Vi vann, vi vann», skreik han, tok fangane i hendene og kyssa dei på kinna.

Somme av fangane fekk bli med på ein biltur gjennom byen for å sjå på folkefesten. Så bar det attende til fangeholet.

Boikott

44 år seinare er nok eit fotball-VM i gang. Og sidan 1978 har medvitet om koplinga mellom fotball og politikk blitt noko større. Kritikken mot Qatar har vore hardare enn mot nokon tidlegare VM-arrangør, mykje på grunn av den dårlege behandlinga av dei underbetalte gjestearbeidarane i landet – ikkje minst dei som har bygd anlegga til meisterskapen.

Medan Noreg framleis hadde ein sjanse til å kvalifisere seg, var det til og med ein hard debatt om boikott av meisterskapen i Norges fotballforbund. Mange fotballpubar nektar no å vise VM-kampar, og mange fotballinteresserte lovar at dei ikkje skal sjå eit minutt av kampane i Qatar. ABC Nyheter vil ikkje dekkje meisterskapen. Nyordet «sportsvasking» har på kort tid blitt ein del av daglegtalen.

Alt dette kan kallast framsteg, kanskje til og med ei oppvakning.

Samstundes: Korleis tek denne meisterskapen seg ut om vi samanliknar Qatar med andre arrangørar av fotball-VM?

Om ein stiller det spørsmålet, kan det lett avfeiast med eit anna nyord i norsk: Whataboutism – å bagatellisere ein feil med å peike på ein annan. Men kritikken mot styresettet og arbeidsvilkåra i Qatar blir ikkje mindre gyldig av at ein påpeikar syndene frå fortida. Og den mørke historia til Fifa er òg med på å forklare korleis dette diktaturet kunne bli tildelt VM.

Mussolinis VM

Det internasjonale fotballforbundet Fifa vart grunnlagt i Paris i 1904. Berre sju europeiske land var med frå start, og fotballens heimland England var ikkje blant dei. Fifa var lenge ein nokså puslete organisasjon. Den første offisielle verdsmeisterskapen i fotball vart ikkje halden før i 1930, og Uruguay fekk æra av å vere vert takk vere triumfane sine i OL i 1924 og 1928. Berre fire europeiske land sende laga sine den lange vegen over Atlanterhavet, og Uruguay gjekk igjen sigrande ut.

Den neste meisterskapen vart lagd til i Italia og vart eit paradedøme på korleis sport kan brukast til politiske føremål. Sjølve tildelinga skjedde i 1932. Også Sverige hadde meldt seg som kandidat til å arrangere VM, men Fifa ønskte seg eit større arrangement med fleire arenaer enn svenskane kunne tilby. Spørsmål om demokrati og menneskerettar var ikkje på dagsordenen. Mussolini hadde styrt Italia sidan 1922 og hadde skapt ein brutal politistat der opposisjonelle vart fengsla eller myrda. Dette var ikkje noko viktig hinder for Fifa, som ikkje ville blande sport og politikk.

Men det var nett det Mussolini gjorde. Han ville lage eit strålande fotball-VM, ein reklameplakat for fascismen som eit overlege system, og den italienske staten brukte store ressursar på å byggje nye stadionanlegg til meisterskapen. Dei italienske fascistane var svært opptekne av fotball. Dette var ein idrett som verkeleg engasjerte folket, og han hadde difor eit nasjonsbyggande potensial. Også den nasjonale ligaen, Serie A, vart etablert av Mussolini-regimet. Dei italienske fascistane fremma til og med ein myte om at fotballen eigentleg kom frå Italia, nærare bestemt frå det brutale ballspelet Calcio Fiorentino med opphav i Firenze på 1500-talet.

Fascisthelsing

For Mussolini tente fotball-VM fleire føremål. Han kunne syne fram fascismens stordom for verda. Det hjelpte òg på interessa at dette var det første idrettsarrangementet som vart radiooverført live i mange land. Men vel så viktig var den innanlandske propagandaeffekten av meisterskapen. Og ingen skulle vere i tvil om kven som stod som arrangør. Mussolini fekk like godt laga ein eigen førarpokal til turneringa, Coppa del Duce, seks gonger så stor som det meir kjende Jules Rimet-trofeet.

Og alt gjekk etter oppskrifta hans. Italia spelte seg veg til finalen på heimebane. Da Mussolini gjorde entre på stadion i Roma, skal storparten av dei 50.000 på tribunane ha ropa «Duce! Duce!». Og ikkje berre det italienske landslaget gjorde fascisthelsinga til føraren. Det gjorde òg den svenske dommaren Ivan Eklind og linemennene. Etterpå gjekk det rykte om at Mussolini bad Eklind på middag dagen før kampen, men dette er ikkje stadfesta.

Med eller utan kampfiksing, diktatoren fekk det i alle fall nett som han ville. Fascismen triumferte. Italia slo Tsjekkoslovakia 2–1 etter ekstraomgangar og vart den første europeiske verdsmeisteren.

Rein idrett

Så spolar vi fram til det grellaste dømet av alle, meisterskapen som denne artikkelen byrja med. Argentina fekk ansvaret for fotball-VM i 1978, tolv år før. Og da avgjerda var teken i juli 1966, kunne ein ha tenkt seg at politisk ustabilitet kunne diskvalifisere landet. Tildelinga kom berre nokre veker etter eit av ei rekkje militærkupp i Argentina. I åra som følgde, veksla landet mellom militærstyre og periodar med demokrati.

Men styresettet i Argentina spela inga rolle, meinte Sir Stanley Rous, som da var president i Fifa. Dette handla meir om idealisme enn kynisme, meiner David Conn, forfattar av boka The Fall of the House of Fifa. Fifa var enno ikkje blitt ei pengemaskin, og Rous var ein pensjonert fotballdommar som nekta å ta imot løn for vervet sitt. Han meinte ganske enkelt at idrett skulle vere ei rein og fri sfære, upåverka av politikk, og meinte til dømes at apartheidstyret ikkje burde diskvalifisere Sør-Afrika frå deltaking i internasjonal idrett.

Rous og Fifa var mot alle former for politisk boikott i fotballen. I 1973 nekta Sovjetunionen (som ikkje nett var verdsleiande på menneskerettar sjølv) å spele ein VM-kvalifiseringskamp mot Chile på Estadio Nacional i Santiago, der Pinochet-regimet hadde torturert og myrda fangar berre veker tidlegare. Fifa nekta å flytte kampen til eit anna land, og ekskluderte Sovjetunionen frå heile turneringa.

Tillit og velvilje

I 1974 tok brasilianske João Havelange over som president i Fifa. Heller ikkje han var interessert i politikk, men ulikt Rous var han svært interessert i pengar. Havelange såg inntektspotensialet for Fifa, som ansvarleg for verdas mest populære idrettsturnering.

Ifølgje David Conn var det Havelange som skapte korrupsjonskulturen som organisasjonen seinare har blitt berykta for. Og for den nye Fifa-presidenten var det ikkje eit problem at ein militærjunta leidd av general Jorge Videla tok makta i Argentina i 1976 og innførte eit skrekkregime som stod bak tortur og massedrap på opposisjonelle. Havelange hadde levd godt med diktaturet i heimlandet Brasil. Fifa-presidenten og Videla vart samarbeidspartnarar i åra fram mot VM.

For juntaen i Argentina var fotball-VM ei kjærkomen kjelde til legitimitet, både heime og ute. Regimet var under press frå geriljarørsler, økonomien var elendig og misnøya stor, og fotball kunne samle eit splitta folk kring nasjonen. Den brutale undertrykkinga i landet vart ingen løyndom rundt i verda. Juntaen trong sårt noko som kunne vise solsida av Argentina. For å møte kritikken hyra regimet inn det amerikanske PR-byrået Burson-Marsteller for å skape «tillit og velvilje» rundt i verda.

Burson-Marsteller bygde strategien sin kring ideen om eit nytt Argentina der stabilitet var eit nøkkelord, og med fotball-VM i 1978 som eit sentralt punkt. Eitt av trekka var å invitere europeiske journalistar på nøye regisserte turar til Argentina før meisterskapen for å vise kor flott alt var.

Eit flott land

Det var ingen mangel på protestar mot at ein slik stat skulle arrangere VM. I Frankrike starta journalistar og intellektuelle ein kampanje for boikott av VM, og dei prøvde å overtale både Frankrike og andre kvalifiserte land til å trekkje seg. «Vi burde ikkje spele fotball mellom konsentrasjonsleirar og torturkammer», heitte det i manifestet til boikottaksjonen.

Også Amnesty International protesterte iherdig mot meisterskapen, under slagordet «Ja til fotball, nei til tortur!» Men til ingen nytte. Ingen av dei kvalifiserte landa trekte seg frå meisterskapen. Den einaste spelaren som boikotta Argentina-VM av politiske årsaker, var den tyske forsvarskjempa Paul Breitner.

Og juntaen brukte store ressursar på å vise seg frå si beste side. Trass i den pressa økonomien brukte regimet truleg nærare sju milliardar kroner på fotball-VM – seks gonger meir enn budsjettet til Spania-VM i 1982. I samband med byggjeprosjekta vart tusenvis av heimar jamna med jorda.

Da Havelange besøkte Argentina i mai 1978, rett før VM tok til, var han raus med godorda. «Eg er blant dei som avheng mest av det harde arbeidet landet ditt har lagt ned, og eg har ikkje blitt skuffa», sa Fifa-presidenten til Videla.

Også mange trenarar og spelarar valde å leggje vekt på det positive ved Argentina. Den svenske landslagssjefen Georg «Åby» Ericson sa i eit intervju: «Opphaldet vårt her er strålande, vi har det fint. Eg har ikkje sett noko som tyder på at dette ikkje er eit flott land.»

President Vladimir Putin med Fifa-president Gianni Infantino etter VM-finalen i Moskva 15. juli i 2018. Infantino kalla meisterskapen i Russland «den beste nokon gong» og fekk ein venskapsmedalje av Putin.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Korrupt

Også Russland og Qatar var flotte land, meinte eit fleirtal i eksekutivkomiteen til Fifa i 2010. Komiteen skulle velje arrangørlanda av fotball-VM i høvesvis 2018 og 2022, og om denne prosessen er det alt sagt mykje. Ein serie avsløringar av muting har i ettertid rasert omdømet til Fifa. 11 av dei 22 komitémedlemene som røysta, vart seinare bøtelagde, suspenderte eller dømde for korrupsjon. I ei stor rettssak i USA i 2015 vart ei rekkje Fifa-tilsette dømde for korrupsjon, kvitvasking og anna grums, og i 2016 måtte Sepp Blatter gå av som Fifa-president.

Men avgjerdene om arrangørlanda av VM vart ståande ved lag. Det Russland og Qatar hadde sams, var store formuar bygde på olje og gass, og viljen til å bruke nesten uavgrensa ressursar på eit idrettsarrangement. (Russland hadde i tillegg fått tildelt vinter-OL i Sotsji i 2014.)

Skryt til Putin

Spørsmålet om menneskerettsbrot og styresett i Russland spela ikkje noka viktig rolle da Fifa-komiteen skulle røyste i 2010. Annekteringa av Krym-halvøya i 2014, og krigen som Russland stod bak i dei ukrainske provinsane Donetsk og Luhansk, var heller ikkje nok til å få Fifa til å snu.

Blant kritikarane var to amerikanske senatorar, Dan Coats and Mark Kirk, som skreiv brev til daverande Fifa-president Blatter og hevda at Russland verken burde få arrangere fotball-VM eller delta i meisterskapen. Dei peika på at Jugoslavia vart nekta deltaking i både EM og VM i fotball på grunn av krigane i 1990-åra. Men Blatter stod på sitt.

Blant dei mange skandalane under førebuingane til VM i Russland var avsløringa i det norske fotballbladet Josimar av at slavearbeidarar frå Nord-Korea var med på å byggje eit nytt stadion i St. Petersburg. For Putin spela det lita rolle – fotball-VM vart nok ein personleg triumf for han og ei anerkjenning av Russlands posisjon i verda. Ikkje minst takk vere attesten han fekk av den nye Fifa-presidenten: «Dette har vore den beste verdsmeisterskapen nokon gong», sa Gianno Infantino da VM i Russland var over. Som takk plasserte Vladimir Putin den russiske venskapsmedaljen på bringa hans.

Etter at Russland gjekk til full invasjon av Ukraina i februar i år, har Fifa – motstrevande – klart å handle. Men det var ikkje før Sverige, Polen og Tsjekkia alle nekta å spele mot det russiske landslaget at Fifa gav etter og stengde Russland ute frå internasjonal fotball.

Dobbeltmoral

Om ein samanliknar med Mussolinis Italia, Videlas Argentina og Putins Russland, kan det verke rart at kritikken mot meisterskapen i Qatar er den desidert hardaste som har blitt retta mot ein VM-arrangør. Ein av svært få som har teke Qatar-VM i forsvar i Noreg, er Usman Rana, leiar for Wasila – tankesmie for norsk islam. I ein kommentarartikkel i Morgenbladet 11. november peika han på ein dobbeltmoral i omtalen av Qatar: «ABC Nyheter har nå satt seg på sin høye hest og vil ikke skrive ett ord om Qatar-VM. Men hvorfor dekket ABC Nyheter behørig norske OL-gull i årets Beijing-OL, i et land som overgår de aller fleste av verdens land hva gjelder menneskerettsbrudd», skreiv Rana mellom anna.

Mange krev boikott av Qatar-VM av omsyn til menneskerettar og liberale verdiar, påpeika han. «Var ikke disse verdiene viktige nok da Russland arrangerte VM i 2018, fire år etter Krim-annekteringen?», spurde Rana.

Om Qatar blir dømd etter strengare kriterium enn andre vertsland for store idrettsarrangement, er det ikkje urimeleg å kalle det dobbeltmoral. Men etter alle korrupsjonsskandalane i Fifa, etter at alle illusjonar om at store sportsarrangement skaper fred, forståing og forbrødring ligg i grus, og etter alle erfaringar vi har med diktatur som svir av milliardar for å sportsvaske seg sjølve, kan ein jo håpe at standardane frå Qatar-kritikken er den nye moralen – med like spelereglar for alle.

Kjelder: Simon Martin:
Football and Fascism

David Conn:
The Fall of the House of Fifa

Artiklar frå The Guardian, History Channel, Jacobin Magazine, Esquire og Josimar

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis