JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Det store forfallet

Alle snakkar om skjermane. Vi burde også snakke om korleis vi skal unngå at norsk skule på nytt blir eit bytte for politikarar med fikse idear.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5640
20240105
5640
20240105

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Det er sjølvsagt ei mager trøyst. Men vi er ikkje åleine i vår uro over skuleprestasjonane til den framveksande generasjonen. Så mange som 690.000 15-åringar frå 81 land deltok i den internasjonale Pisa-undersøkinga denne gongen. Og det var mange som fekk Pisa-sjokk. 35 OECD-land gjorde det dårlegare enn sist. Pandemien får mykje av skulda. Men det finst også andre forklaringar.

Norske 15-åringar fekk svakare resultat i både matte, naturfag og lesing enn sist gong undersøkinga vart gjennomført. Verst gjekk det med matematikken. Norske elevar har aldri prestert dårlegare i matte. Resultata i naturfag var svakare enn OECD-gjennomsnittet. For lesing var resultatet likt som i 2006, då resultatet var på eit historisk botnnivå.

Det er fleire enn før som får svake resultat. Sidan 2018 har andelen lågtpresterande elevar auka frå 19 til 31 prosent i matematikk, frå 21 til 28 prosent i naturfag og frå 19 til 27 prosent i lesing. Samstundes forsvinn det som tidlegare var eit særmerke for skulen i Noreg: at det ikkje er eit like sterkt samband mellom inntekts- og utdanningsnivået til foreldra og barnas skuleprestasjonar som i andre land.

Det finske fallet

I denne undersøkinga gjer alle 15-åringane i alle nordiske land det dårlegare i alle fag – med to unntak: svenske og danske elevar er på same nivå i naturfag som i 2018. Mest oppsiktsvekkande er situasjonen i Finland.

Dei siste tiåra har landet stått fram som eit flaggskip for kvalitet i skulen, med stadige topprangeringar i Pisa. Internasjonale delegasjonar av politikarar og pressefolk har valfarta til landet for å lære om den finske utdanningsmodellen. Finske elevar presterer framleis over gjennomsnittet i OECD på desse testane.

Men resultata har falle år for år sidan 2006, ifølgje eit oversyn frå den finske allmennkringkastaren YLE. Også i Finland presterer dei svakaste elevane dårlegare enn før. I tillegg gir ulik sosioøkonomisk bakgrunn større utslag enn tidlegare.

Også finnane jaktar på forklaringar. Skuleforskaren Jari Salminen gir auka skjermbruk, manglande kvalitetskontroll med læremiddel og opne klasseromsløysingar skulda for fallet i den finske skulen.

Det første sjokket

Noreg fekk det første Pisa-sjokket i 2001. Den gongen var resultata middelmåtige i OECD-samanheng.

Ole Helge Bergesen, som var statssekretær for dåverande kunnskapsminister Kristin Clemet, skreiv sidan at resultatet vart ein «flying start» for slaget om kunnskap i den norske skulen som regjeringa han var ein del av, ønskte seg. Resultatet vart skulereformer og eit test- og rangeringsregime som norsk skule aldri før hadde sett maken til.

Men elevane presterte ikkje særleg mykje betre av den grunn. Sett i ettertid er det nærliggande å tenkje at norsk skule den gongen var eit lett bytte for politikarar med ei fiks og sterkt ideologisk tilnærming til utdanningspolitikk.

Den store distraksjonen

Denne gongen snakkar alle om skjermane. Pisa-undersøkinga gir sjølv drivstoff til diskusjonen. I Finland rapporterer 41 prosent av elevane at dei blir distraherte av å bruke digitale læringsressursar. I Noreg seier 31 prosent av elevane det same. I Sverige er talet 37 prosent.

Elevane vart også spurde om dei blir forstyrra av at andre elevar brukar digitale ressursar. I alle nordiske land svarar meir enn 20 prosent av elevane at dei blir det. Ei endring er alt varsla: Utdanningsminister Kari Nessa Nordtun vil ha ein smarttelefonfri skule. I eit nyttårsintervju på Politisk kvarter varsla statsminister Jonas Gahr Støre at skjermar i skulen frå no skal «bli brukte med fornuft».

Systematisk problem

Nett som Støre har eg også inntrykk av at ufornufta har rådd grunnen til no. Det skremmande er at ufornufta vart praktisert så systematisk: Skulebøker vart erstatta av nettbrett. Ingen tenkte på personvern eller på å hindre at barna vart utsette for reklame eller skadeleg innhald. Også den gongen skjermane kom inn, var norsk skule eit lett bytte for folk med fikse idear. Spørsmålet det er viktig å stille no, er korleis vi skal unngå at det skjer igjen.

Det nye Finland

I dei komande åra kjem delegasjonane som skal finne svara på kva som gir ein god skule, til å reise til Estland, som er det landet i Europa som gjer det aller best på Pisa-undersøkinga no om dagen.

Svara dei kjem til å få derifrå, vil truleg handle om elevar som trivst på skulen, og eit einskapleg skulesystem der elevar får individuelt tilpassa opplæring. Det er iallfall slik den estiske skulemodellen blir presentert på ei statleg estisk nettside.

Då Finland toppa listene, fortalde skuleforskarane i landet om høgt utdanna lærarar, om mange lærarar per elev og om vilje til å bruke pengar på skulen. I 2020 brukte Finland 5,9 prosent av BNP på skule. Gjennomsnittet i EU var 5 prosent

Læring er ein kompleks aktivitet. Det som fungerer éin stad, fungerer ikkje nødvendigvis like godt ein annan stad. Noreg har etter kvart ei lang historie med å la fikse idear om læring styre utdanningspolitikken.

Samstundes har Noreg over lang tid slite med rekrutteringa til den yrkesgruppa som er heilt avgjerande for skuleprestasjonane – altså lærarane. Det er vanskeleg å sjå på det som anna enn eit kriseteikn for landet vårt når læraryrket står fram som så lite attraktivt at også institusjonar i dei store byane slit med å fylle opp studieplassane.

Løysinga på denne krisa er iallfall ikkje å finne i fleire testar eller fleire skjermar.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør av Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis