JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Det militante demokratiet vaknar i USA

Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane.
I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Baude og Paulsen talar mot presidentkandidaturet til Donald Trump med den same typen rettsleg argumentasjon som Trump og støttespelarane hans er tilhengarar av, skriv Holmøyvik. Foto frå golfturneringa LIV Golf Bedminster på heimebanen til Trump.

Foto: Vincent Carchietta / USA Today Sports / Reuters / NTB

7645
20230901
7645
20230901

I ein monumental 126 sider lang artikkel i eit juridisk fagtidsskrift har dei to jussprofessorane William Baude og Michael Stokes Paulsen konkludert med at den amerikanske grunnlova rett og slett forbyr Trump å stille som kandidat i presidentvalet.

Dei viser til det lite omtala tredje leddet i det fjortande grunnlovstillegget frå 1868. Det seier at ein person som gjennom eit offentleg verv eller embete har avlagt eid til den amerikanske konstitusjonen, og som seinare har engaged in insurrection or rebellion mot konstitusjonen, ikkje kan ha noko offentleg verv eller embete.

Ei slik nekting av å stille til val kan berre overstyrast av Kongressen med to tredjedels fleirtal. Baude og Paulsen skriv at forbodet gjeld automatisk og er bindande for alle med offentlege verv og embete. Konkret betyr det at alle valfunksjonærar og dommarar på føderalt nivå og delstatsnivå pliktar å nekte Trump å registrere seg som kandidat, og til å underkjenne valet dersom han skulle vinne.

Det fjortande grunnlovstillegget vart vedteke i 1868 for å hindre at tidlegare sørstatspolitikarar kunne veljast til offentlege verv og slik undergrave dei institusjonane som vann fram i borgarkrigen. I artikkelen søkjer Baude og Paulsen å vise at grunnlovsfedrane den gongen ikkje meinte å avgrense verknaden til oppgjeret etter borgarkrigen. Det fjortande grunnlovstillegget skulle verne konstitusjonen også i framtida.

Kva betyr det at to jussprofessorar i artikkelform går til åtak på Trump? USA er det landet i verda med flest juristar i høve til folketalet. At politiske stridar blir rettsleggjorde, er daglegdags. Artikkelen til Baude og Paulsen har så langt ikkje fått stor merksemd i media eller blitt eit tema i valkampen til dei andre republikanske presidentkandidatane. Det er likevel to grunnar til at Trump bør vere uroa for artikkelen til Baude og Paulsen.

For det fyrste er Baude og Paulsen framståande konservative jussprofessorar godt planta i det republikanske partiet. Begge er medlemmer av The Federalist Society, som er ein svært mektig juridisk tenketank og har stor påverknad på det republikanske partiet. Som president lét Trump denne tenketanken peike ut kven han skulle nominere som høgsterettsdommarar.

Av dei ni dommarane i den føderale høgsteretten er fem medlemmer i The Federalist Society. Baude var dessutan assistenten til den sjette konservative dommaren, justitiarius John Roberts.

Slikt betyr noko i USA. Særleg når vi veit at dersom Trump blir nekta å stille til val i ein eller fleire delstatar, så vil saka hamne hos dei ni dommarane i den føderale høgsteretten. På same måte som i valet mellom George W. Bush og Al Gore i 2000 vil desse dommarane ha det siste ordet i ein valtvist.

For det andre er argumentasjonen til Baude og Paulsen skreddarsydd for å vinne fram hos det konservative fleirtalet i den føderale høgsteretten. Som dei konservative dommarane der er Baude og Paulsen såkalla originalistar. Det er ein juridisk filosofi som går ut på å tolke konstitusjonen strengt etter ordlyden og den meininga han hadde då han vart vedteken.

Sidan den amerikanske konstitusjonen er gammal, betyr originalismen i praksis vern av retten til å bere våpen og ingen grunnlovsbestemt rett til abort og likekjønna ekteskap. Liberale juristar og dommarar vil gjerne tolke konstitusjonen i takt med samfunnsutviklinga for å kunne gje vern til slike «moderne» rettar og fridomar.

Med andre ord argumenterer Baude og Paulsen mot kandidaturet til Trump med den same typen rettsleg argumentasjon som Trump og støttespelarane hans er tilhengarar av, og viktigare, dei konservative dommarane i høgsteretten.

Vegen til den føderale høgsteretten er lang, og ein domstol kan ikkje ta stilling til kandidaturet til Trump på grunnlag av ein fagartikkel. Det må eit søksmål til. Difor brukar Baude og Paulsen mykje plass på å argumentere for at forbodet i det fjortande grunnlovstillegget gjeld automatisk, og at alle med offentlege verv og embete har plikt til å handheve det.

Her ligg noko av sprengkrafta i artikkelen: Det skal ikkje meir til enn at éin eller fleire av dei tusentals valfunksjonærane på føderalt nivå eller i dei femti delstatane – mange av dei demokratar – nektar å godkjenne kandidaturet til Trump. Då må Trump gå til domstolane for å få overprøvd avgjerda. Då vert vegen til den føderale høgsteretten brått kortare.

Det er ikkje lett for ein norsk jurist å vurdere om argumentasjonen til Baude og Paulsen er sterk eller svak. Statsretten er ofte tett samanvoven med den politiske utviklingshistoria til ein stat og ein omfattande praksis over tid. Det gjeld særleg land med gamle konstitusjonar, som USA og Noreg.

Det er likevel verdt å merke seg at Baude og Paulsen har fått støtte av leiande juristar i både det demokratiske og republikanske etablissementet, som den liberale Harvard-professoren Laurence Tribe og den konservative tidlegare dommaren Michael Luttig. Det var Luttig som før åtaket på Kongressen 6. januar 2020 overtydde visepresident Pence om at konstitusjonen ikkje gav han fullmakt til å erklære presidentvalet ugyldig, slik Trump ville.

Ein kan spørje korleis det er mogleg at ein grunnlovsparagraf kan gå i gløymeboka for så overraskande trekkast opp av hatten lenge etterpå. Svaret er at lovtekstar som er utforma for å regulere eit akutt samfunnsproblem, ikkje mistar rettskraft av di problemet vert løyst. Lovtekstar gjeld til dei vert oppheva. Samfunnsproblemet kan kome tilbake i nye former. Grunnlovsparagrafar som ein har tenkt på som avleggs, kan brått bli aktuelle.

Her heime måtte Høgsterett i 2010 ta stilling til om ei grunnlovsføresegn frå 1814 om det «benefiserte godset til presteskapet» var til hinder for at Stoltenberg-regjeringa påla det statleg eigde Opplysningsvesenets fond å gje gunstige vilkår for innløysing av tomtefeste. På dette tidspunktet hadde presteskapet for lengst vore finansiert over statsbudsjettet og ikkje av fondet. Etter ein grundig gjennomgang av lovhistoria og praksis kom likevel fleirtalet til at Grunnlova måtte tolkast slik at ho framleis sperra for at staten kunne gje vekk verdiar i fondet.

I Europa er vi ikkje ukjende med at demokratia har juridiske våpen mot dei som vil bruke ytringsfridomen og retten til å stille til val, til å undergrave demokratiet. Etter oppløysinga av dei kommunistiske diktatura i Sentral- og Aust-Europa i 1989–1990 vedtok dei nye demokratia konstitusjonar og vallover som forbaud kommunistpartia og nekta sentrale personar i dei gamle regima å stille til val. Den europeiske menneskerettsdomstolen godkjende desse lovene med grunngjevinga at demokratiet må kunne verne seg sjølv.

Europearane hadde lært av bitre erfaringar frå mellomkrigstida. Etter å ha sett korleis det tyske demokratiet under Weimarrepublikken var hjelpelaust mot nazistane i 1933 og spreiinga av diktatur i andre land, lanserte den tysk-jødiske juristen Karl Loewenstein i 1937 ideen om det militante demokratiet. For at demokratia skulle overleve møtet med antidemokratiske demagogar, måtte dei væpne seg med lover som slo ned på politisk ekstremisme.

Det vi ser no i USA, er at det militante demokratiet vaknar etter å ha lege i dvale sidan oppgjeret etter borgarkrigen i åra etter 1865. Dei konstitusjonelle våpena blir retta mot ein tidlegare president som ikkje vil konstitusjonen og demokratiet godt.

Eirik Holmøyvik er professor på juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis