JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Det farlege folket

I scenaria til Forsvarets forskingsinstitutt ligg trugsmåla mot demokratiet i det lettpåverkelege folkedjupet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I eitt av FFI-scenarioa blir motstand mot EØS-avtalen i Noreg forsterka og utnytta av ei fiendtleg makt. Biletet viser ein demonstrasjon mot avtalen i Oslo i 1992.

Foto: Morten Holm / NTB

11128
20221028
11128
20221028

Kommentar

peranders@dagogtid.no

Truleg er soga alt kjend for dei fleste, men vi tek eit kort resymé: Kommunaldepartementet tinga i 2021 rapporten Scenarioer for uønsket påvirkning i forbindelse med norske valg frå Forsvarets forskingsinstitutt. Da kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik fekk resultatet, mislikte han det sterkt. I ein av dei tenkte situasjonane i rapporten prøvar ei fiendtleg makt å «isolere Norge fra det europeiske fellesskapet», og jobbar i det skjulte for å «forsterke proteksjonistiske og nasjonalistiske holdninger» og drive fram ei folkerøysting om EØS-avtalen i Noreg.

Dette fall tidlegare Nei til EU-leiar Gjelsvik tungt for brystet. Han meinte rapporten mistenkjeleggjorde legitim EØS-motstand. «Hvis forskere ønsker å presentere slike argumenter for EU og EØS, kan de melde seg inn i en organisasjon eller et politisk parti, i stedet for å pakke inn det i en forskningsrapport», sa Gjelsvik til Nationen sist fredag. Han nekta å publisere rapporten på nettsidene til departementet, før han snudde på måndag.

Handteringa av saka fekk nær unison kritikk i pressa. Geir Ramnefjell, politisk redaktør i Dagbladet, kalla statsråden «en fare for demokratiet». «Under en slik ledelse står Norge dårlig rustet til å takle en fremmed stats forsøk på å påvirke oss», skreiv VG på leiarplass. Statsråden sikra dermed rapporten ein langt større lesarkrins enn forfattarane kunne drøymt om. I tillegg skreiv Dagens Næringsliv onsdag at Gjelsvik tidlegare har vore aktiv på Facebook-gruppa «Nei til EØS-EU-Schengen-ACER», der konspirasjonsteoriar ikkje er uvanlege. Ikkje ei bra veke for Gjelsvik, dette.

Men denne saka fortel om meir enn dømekrafta til statsråden. FFI-rapporten og ordskiftet dei siste dagane seier òg noko om forståinga av makt og demokrati i krinsar tett på regjeringa – og i kommentaravdelingane i dei største avisene.

Det er skjønleg at forfattarane av rapporten vart provoserte av skuldingane frå Gjelsvik. Scenarioet der ei framand makt fyrer oppunder EØS-motstanden i Noreg, var ikkje ein påstand om at Nei til EU går fiendens ærend. Det var ein fiksjon som skulle vise kva mekanismar fiendtlege krefter kan bruke til å manipulere opinionen for å nå visse mål. Slike scenario kan vere nyttige til mange føremål. Men å kalle scenarioskriving for forsking, er å tøye omgrepet ein smule. I beste fall kan slike fantasiar vere forskingsbaserte.

Mange har tolka saka som eit spørsmål om akademisk fridom. Fagsjef Eskil Sivertsen ved FFI, ein av forfattarane, har gått høgt på banen: «At en statsråd ikke vil publisere en uavhengig forskningsrapport fordi han ikke liker innholdet, bryter med grunnleggende prinsipper for uavhengig forskning, åpenhet og offentlighet», sa han til NTB denne veka. «Kommunalministeren svekker tilliten til uavhengig forskning», skreiv Dagsavisen på leiarplass.

Det er mykje godt å seie om FFI, det jobbar mange flinke folk der, men det er ikkje ein uavhengig forskingsinstitusjon. «FFI driver anvendt forskning og utvikling for at Norge skal ha et effektivt og relevant forsvar, et sikkert samfunn og en konkurransedyktig forsvarsindustri», seier instituttet om seg sjølv. Den omstridde rapporten var ein leveranse frå ein del av statsapparatet til ein annan.

Og dette gjer rapporten meir interessant, ikkje mindre. Når ein skal lage eit scenario, er det vanskeleg å overskride sin eigen horisont. Dei fiktive døma forfattarane ved FFI laga, fortel ikkje berre om moglege farar for samfunnet eller demokratiet, men om ein måte å sjå verda på. Så kva kan vi lese ut av dei tenkte trugsmåla mot tryggleik, fridom og folkestyre i døma vi får presenterte? Korleis ser det norske samfunnet ut gjennom vindauga til Forsvarets forskingsinstitutt?

Rapporten inneheld ei rekkje ulike scenario, og det første av dei – Norge ut av EØS – var det som provoserte statsråden så sterkt. Scenarioet er eit døme på samfunnsomvelting: Ei framand makt manipulerer opinionen for å drive fram ei norsk utmelding av EØS, og nyttar mellom anna «skjult finansiering av anti-EØS-organisasjoner» og «manipulasjonsmetoder på sosiale medier».

Ein anna scenario er kalla politisk endring, der «en ikke-statlig, internasjonal, desentralisert bevegelse med forgreininger i Norge» krev ein langt meir radikal norsk klimapolitikk, og nyttar seg av udemokratiske verkemiddel som hacking og sabotasje. Mellom anna bryt hackerar seg inn på epostserverane til dei oljevenlege partia Høgre, Ap, Senterpartiet og Frp (og legg inn automatiske svarmeldingar som oppmodar folk til å røyste på MDG).

Men det mest interessante scenarioet heiter En regjering som er mer velvillig innstilt til en fremmed stats målsettinger. Her har Stat X «globale geostrategiske ambisjoner» og ønskjer å påverke Noreg politisk. Og korleis gjer Stat X dette? Ikkje ved å leggje press på regjeringa, for i statsapparatet er medvitet om nasjonal tryggleik høgt. Ute i kommunane, derimot, er folk lettare å lure. Stat X veit òg at «mange kommuner har store behov for, og forventninger til, økt verdiskaping, arbeidsplasser og investeringer i infrastruktur.» Slik kan den uvenlege staten skaffe seg «mest mulig folkelig og lokalpolitisk støtte til aktørens initiativer», som eit steg på vegen mot «et mer velvillig innstilt storting og regjering».

Mot denne sleipe strategien hjelper det ikkje at det er mange kloke folk som anar faren i hovudstaden, for trykket frå distrikta er så sterkt, går det fram av rapporten: «Initiativene høster skarp kritikk av sikkerhetspolitiske analytikere, kommentatorer og politikere, men denne blir konsekvent imøtegått av lokale interesseorganisasjoner og grupper på sosiale medier som mener «eliten i Oslo» ikke skal få ødelegge for utviklingen i distriktene.»

Og slike røyndomsbilete er gjennomgåande i FFI-rapporten: I scenarioet kalla Undergraving av tilliten til politikere spelar til dømes ein framand stat på «misnøye og mistillit i deler av befolkningen som føler at dagens politikere er til for å gi den politiske eliten makt og fordeler på bekostning av folk flest».

I dei sosiale media fyrar den framande makta opp under folkeleg misnøye på ei rekkje felt: «fra utbygging av vindkraft tross kommunal motstand og nedlegging av lokale, offentlige tilbud til tvangssammenslåing av fylker og en såkalt «nærpolitireform» som har ført til mindre politi der folk bor.»

Det står mest om skurkar og lite om heltar i rapporten. Men dei scenarioa som FFI-forskarane har tenkt ut, foregår i ei verd der forstanden, faktakunnskapen og dei demokratiske verdiane er lokaliserte nær sentrum av makta i Oslo, i dei store partia og statsapparatet, i dei store media (og i Faktisk.no). Når fiendtlege makter skal undergrave samfunnsordenen, spelar dei på kjenslene til folket, og da særleg folket i distrikta. I scenarioet der ei framand makt vil eskalere EØS-motstanden i Noreg, heiter det til dømes: «Alle stortingsrepresentantene mottar daglige, følelsesladde og personlige eposter fra velgere i sine fylker, med bønn om å ta opp EØS-spørsmålet i Stortinget.»

Det er heilt på sin plass å vere på vakt overfor fiendtlege forsøk på å påverke opinionen. Dei digitale media gjer samfunnet sårbart på nye måtar, og vi veit at stormakter prøvar å påverke politiske prosessar i ei rekkje land. Og på nettet florerer det av konspirasjonsteoriar også i Noreg – om EU og EØS, om vindkraft og krafteksport, om barnevern og NAV, om islam og innvandring, om vaksinar og covid-19, om Ukraina-krigen og Bill Gates. Og slett ikkje alt er heimeavla. Alternative nettmedium som Steigan.no kolporterer jamleg russisk propaganda, medan Document.no har adoptert konspirasjonsteoriane til Trump-kampanjen i USA.

Den som vil manipulere norsk opinion, har nok av fertil jord å så i. Men det ovanfrå og ned-blikket på samfunnet vi finn i FFI-rapporten, er dessverre eit døme på ei haldning som i seg sjølv er med på å skape mistillit mot staten og politikarane. Ikkje all mistru mot elitane er grunnlaus. Og det er ikkje sikkert at dei største truslane mot det norske demokratiet lurer nede i grasrota.

At FFI-forskarane valde seg ei utmelding av EØS-avtalen som scenario for samfunnsomvelting, er litt ironisk. For nett den avtalen innebar ei dramatisk innskrenking av demokratiet i Noreg. Sidan EØS tredde i kraft i 1994, har meir enn 12.500 EU-direktiv og forordningar blitt innførte i Noreg, dei aller fleste utan debatt eller motstand. «Norge har bundet seg til å overta politikk og regler fra EU over et svært bredt felt – uten å være medlem og uten stemmerett. Dette reiser demokratiske problemer», heitte det nøkternt i Europautgreiinga frå 2012. Det enkle demokratiske prinsippet om at våre eigne folkevalde skal vedta lovene landet blir styrt etter, blir konstant undergrave gjennom avtalen. Dette erkjenner også mange som ønskjer seg eit norsk EU-medlemskap. Erik Oddvar Eriksen, tidlegare leiar av ARENA senter for Europaforsking ved UiO og ein ihuga EU-tilhengjar, har til dømes kalla avtalen «ein demokratisk katastrofe».

Det er fullt mogleg å vite dette og samtidig meine at EØS-avtalen er så viktig – av økonomiske eller utanrikspolitiske grunnar – at han er verd prisen. Skiftande stortingsfleirtal har meint det heilt sidan avtalen vart signert i 1992. Men at Noreg betaler ein svært høg pris i form av eit svekt demokrati, er det vanskeleg å nekte for. Og det er dessverre ikkje så overraskande at den svekkinga kan føre til sinne, politikarforakt – og til og med konspirasjonsteoriar.

Kva er det som for alvor kan svekkje trua på demokratiet og staten, kva er det som undergrev tilliten til politikarane og politikken? Til dømes dette: Flytting av makt vekk frå folk, inn i lukka rom der vi ikkje får innsyn. Ansvarsfråskriving, som når sjukehusa blir overlatne til helseføretak så politikarane skal sleppe folkemaset. Nytale, som når regjeringa fjernar politiet frå lokalsamfunna og kallar det «nærpolitireform». Statnett-sjefar som villeiar oss om konsekvensane av straumkablar til utlandet. Justismord, som når Nav-klientar får fengselsstraff utan å ha gjort noko ulovleg. Svindyre lobbyistar som brukar eksklusiv kunnskap til å sikre enda fleire privilegium til dei privilegerte. Rigid byråkrati som får folk til å kjenne seg hjelpelause. Og meir til.

Når folk kjenner seg svikta av politikken og institusjonane, blir det òg meir armslag for dei som har lyst til å manipulere oss og skape splid. Men det finst eit immunforsvar mot slik påverknad, langt meir effektivt enn tusen FFI-rapportar: Politikarar som held ord og lyttar til folk. Institusjonar som gjer jobben dei er sette til å gjere. Eit politi, eit rettsvesen og eit embetsverk vi kan stole på, og som ikkje dekkjer over mistaka sine.

Eit rettvist samfunn som viser respekt for borgarane sine, er den beste medisinen mot konspirasjonsteoriar, for slike teoriar er aktivismen til dei avmektige. Og ingen russiske trollfabrikkar kan gjere alvorleg skade på eit ope, demokratisk samfunn som lever opp til sine eigne ideal.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis