JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den langvarige krigen

Ukraina ser ikkje ut til å klara å kasta dei russiske okkupantane ut av landet i år. Krigen kan koma til å strekkja seg ut i 2024 og 2025.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den ukrainske vår- og sommaroffensiven som tok til i byrjinga av juni, har gjeve få resultat.

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

7736
20230818
7736
20230818

Mange i Ukraina og i Vesten gjekk omkring i vinter og håpa på ei rask avgjerd: Berre ukrainarane fekk nok moderne vestlege våpen, ville dei gjennom eit par offensivar våren og sommaren 2023 rulla den russiske armeen attende. Slik kunne ein til hausten eller seinast til våren neste år sjå ein slutt på krigen.

No skriv me snart datoen 24. august 2023. Den såkalla fullskalakrigen i Ukraina vil då ha vart i halvtanna år. Det er ni månader sidan dei ukrainske styrkane tok kontroll over byen Kherson, den siste verkeleg store ukrainske sigeren.

Resultatlaus offensiv

Den mykje omtalte vår- og sommaroffensiven, som tok til i byrjinga av juni, har gjeve få resultat. Om ein ser på eit kart over frontlina dei siste par månadene, er endringane ikkje store. Nokre få stader, til dømes vest i Zaporizjzja-fylket og kring grensa mellom Zaporizjzja- og Donetsk-fylka, har ukrainarane dei siste dagane hatt nokre framgangar. Likevel er det lite som tyder på eit russisk samanbrot nokon av desse stadene.

Om ein ser nøkternt på det, er det klart at dei russiske frontlinene har halde seg langt meir stabile enn sjølv den mest pessimistiske militæreksperten i Vesten trudde for nokre månader sidan. Noko som på den andre sida har endra seg, er talet på krigsoffer. Ingen offisielle tal blir gjevne ut, men fleire titusen unge ukrainarar er dei siste månadene blitt hardt skadde eller har mista livet. Dette er ei påkjenning på den ukrainske nasjonen som det er vanskeleg for oss å forstå omfanget av.

Ingen lynkrig

Manglande ukrainsk framgang har overraska oss så sterkt fordi alle hugsar måten den russiske overkommandoen leidde krigen på i fjor. Dei russiske militære synda mot ei rekkje av dei reglane for krigføring som står nedskrivne i lærebøkene. Denne inkompetansen håpa me å sjå endå fleire døme på.

Så snart ukrainarane hadde fått trena opp tilstrekkeleg med nye, slagkraftige einingar, ville dei slå hòl i det russiske forsvaret. Ein såg føre seg eit klassisk lynkrigscenario: Sterke pansereiningar fylgde av mekanisert infanteri med sterk støtte frå lufta bryt gjennom dei russiske linene på i alle fall tre–fire punkt. Dei framrykkjande avdelingane lagar kaos i det russiske baklandet, som bryt saman. Etter kvart flyktar dei russiske soldatane hals over hovud attende bak den internasjonalt anerkjende grensa.

Slik har det ikkje gått. Den russiske overkommandoen har synt seg mykje dyktigare til å organisera defensiv enn offensiv krigføring. Ved å byggja opp fleire rekkjer med godt sikra skyttargraver og forsvarsverk bak breie felt med miner har dei klart å gjera den ukrainske framrykkinga langt vanskelegare enn nokon hadde sett føre seg.

For det fyrste har me fått demonstrert den gamle sanninga om at ein offensiv mot ein godt førebudd fiende krev fleire gonger meir mannskap enn det forsvararane treng. For det andre har russarane ei befolkning som er tre gonger større enn den ukrainske. Når ein ikkje i nokon særleg grad treng å ta omsyn til eigne tap, men berre kan henta inn fleire unge gutar frå dei russiske provinsane, sit plutseleg dei russiske militære med gode kort på handa.

Ingen kompromiss

Den militære stillstanden inneber ikkje at noko kompromiss er i sikte. I Ukraina finst det knapt nokon som er viljug til å laga ein avtale med Putin der Ukraina gjev opp delar av territoriet, eventuelt går med på å bli såkalla finlandisert. Samstundes har Vesten – sist på Nato-toppmøtet i sommar – synt ein sterk vilje til å støtta Ukraina.

Å finna ein vestleg politikar som vil setja seg ned og forhandla med Vladimir Putin, er òg på det nærmaste umogleg. Heller ikkje om Donald Trump blir vald til amerikansk president i 2024, er det veldig sannsynleg at vestleg politikk vil bli endra. I den amerikanske kongressen er det folk i Det republikanske partiet som vil gje Ukraina over til Russland, men det er langt fram før dette blir til eit fleirtal.

Dei aller fleste i Vesten forstår at maktbalansen i Europa vil bli endra den dagen Putin samlar Russland, Belarus og Ukraina under si jarnhand. Veldig få vil lika å leva i eit slikt Europa.

Manglande klarleik

Nokre gonger kjem det utspel som fører til manglande klarleik om den vestlege haldninga. Under Arendalsveka for få dagar sidan kom til dømes stabssjefen til Nato-sjef Jens Stoltenberg, Stian Jenssen, med eit innlegg der han orda frampå om at «ei sannsynleg løysing var at Ukraina gav frå seg landområde», og fekk Nato-medlemskap til gjengjeld.

No var ikkje orda til Jenssen så klare som dei blei framstilte i pressa etterpå, men fråsegna blei etter få timar snappa opp av Tass, nyhendebyrået til Putin. Fleire russiske politikarar fann ho «interessant», og ekspresident Dmitrij Medvedev sa at det ville bli fred så snart ukrainarane gav opp Kyiv og flytta hovudstaden sin til Lviv, lengst vest i landet.

Ukrainarane slo på si side fast at dette utspelet var så lite fruktbart som i det heile teke mogleg. Ein annan deltakar i den same debatten i Arendal, Nupi-forskaren Karsten Friis, understreka at alle ordskifte i Vesten om kva for område ukrainarane må gje ifrå seg for å få til ein fredsavtale med Russland, ikkje kan bli karakterisert som anna enn umoralsk.

Mist alt truverd

Sagt på ein annan måte: Forhandlingar om fred er lite sannsynleg, spesielt så lenge Vladimir Putin sit med makta i Moskva. Han har brote alle avtalane han tidlegare har underteikna med Ukraina, slik at han har mist alt truverd. Samstundes kan ein sjå føre seg ein situasjon der det syner seg militært vanskeleg eller umogleg – i alle fall på kort sikt – å kasta dei russiske okkupantane ut av heile det ukrainske landområdet. Spørsmålet er kva alternativ ein då kan stå overfor.

Det er her ein kan henta fram røynslene frå den kalde krigen. Denne 40 år lange perioden i europeisk historie – frå 1949 til 1989 – har blitt miskjend både i historiebøkene og i den offentlege debatten. Mange hentar fram den kalde krigen som eit skrømt som me for all del ikkje vil sjå igjen.

Men det er viktig å hugsa på at den kalde krigen, sett frå ein vestleg ståstad, var ein i særklasse vellukka periode. Då Stalin senka sitt totalitære mørke over heile det gamle Aust- og Sentral-Europa, blei det drege ei line gjennom Tyskland. I aust levde stalinismen, men i vest voks demokratiet fram. Når ein kom fram til 1960, berre 15 år etter krigen, var Vest-Tyskland heilt integrert i den vestlege verda, politisk, økonomisk og militært. Ein hadde då berga det ein berga kunne unna klørne til Stalin. Etter nokre tiår braut heile det russiske herredømet over Aust-Europa saman.

Opprusting

Skal Europa bli i stand til å gjera det same ein gong til, forhåpentleg på mykje kortare tid, vil det krevja mykje. Fyrst og fremst må den frie delen av Ukraina byggjast opp att. Mesteparten av dei pengane som skal til for dette, må koma frå Vesten, ikkje minst frå Noreg, som har tent usannsynleg mange dollar på krigen.

Det ukrainske forsvaret må også rustast opp, slik at ny russisk framgang på slagmarka blir umogleg. Om ein skal klara å gjera det, må Vesten og Ukraina byggja fabrikkar for våpen og ammunisjon i ein heilt annan skala enn i dag. Langt fleire unge kvinner og menn enn det me har vore vande til, må gjera teneste i det militære.

Historia lærer oss at frie samfunn til vanleg klarar seg langt betre enn ufrie samfunn, som me såg då Berlinmuren fall i 1989. Difor vil Ukraina på lengre sikt, sjølv om ein ikkje klarar å ta tilbake alt okkupert land denne eller den neste sommaren, bli ein mykje sterkare og meir robust stat enn Putins Russland.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis