JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Den amerikanske presidentens siste dagar

Donald Trump har dårleg tid. Han vil halde val­lovnaden sin og hente heim så mange soldatar som råd før Joe Biden tek over.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump trekkjer ut soldatane som USA har i Afghanistan.

Foto: Rahmat Gul / AP / NTB

12331
20201120
12331
20201120

KOMMENTAR

Donald Trump har tapt eit presidentval, nektar å akseptere valresultatet, skiftar ut leiinga i forsvaret med folk utan anna å vise til enn djup lojalitet til den tapande presidenten, og læst som ingenting. Det er som å høyre forteljingar frå enkelte afrikanske land etter frigjeringa i førre hundreår. Kva er det som skjer, eigentleg?

Dei som har gjeve seg over til twitraturet, trekkjer lett slutninga at det amerikanske demokratiet er ved vegs ende. No kjem diktatur eller borgarkrig til USA. Eg har ein annan teori. Pressa gjev oss eit klart bilete av ein Donald Trump som er krakilsk. Ei anna tolking er at det er pressa som er krakilsk, og at Donald Trump lever godt med det. La oss kaste eit blikk på ei slik alternativ tolking.

Vil hente heim soldatar

Heilt sidan Trump tidleg på 2000-talet vart høgrøysta på enkelte saker – medan det framleis var uklart om han var demokrat eller republikanar eller noko heilt anna – har The Donald markert seg som motstandar av å sende amerikanske soldatar til framande land, land som verken han eller brorparten av amerikanarane kan uttale namnet på eller anar kvar ligg.

Trump var den fyrste republikanaren i historia som kom med skuldingar om at Irak-krigen til George Bush jr. var ein katastrofe. Donald Trump har alltid hevda at amerikanske soldatar ikkje skal kaste bort livet sitt i fjerne strøk for heilt uklare formål. Endå viktigare for ein forretningsmann: Det kostar altfor mykje. Ein av hovudlovnadene til Trump i valkampen i 2016 var å hente heim troppane og ikkje starte nye intervensjonseventyr. Den siste lovnaden har Trump halde. Den fyrste vart forseinka som fylgje av koronapandemien. Men det er tid att.

Å hente heim troppane har vore ein definerande del av Trumps regjeringsperiode. Det passa godt med planen om å byggje ned det amerikanske statsapparatet («drain the swamp», som han sa), og då særleg det enorme amerikanske utanriksdepartementet, US State Department. Då Trump kom inn, hadde han med seg alt-right-ideologen Steve Bannon som sverddragar, og saman gjekk dei rett i strupen på det store diplomatiske maskineriet til USA.

Færre stillingar

Trump henta inn Rex Tillerson, toppsjef i det største amerikanske oljeselskapet Exxon Mobil, som i fleire tiår har fungert som eit (privat) utanriksdepartement i miniatyr. Om Exxon Mobil kunne klare seg med langt færre, måtte jo det også kunne gjerast for staten. Rex Tillerson skulle slanke utanriksdepartementet.

Dette gjorde at det dei fyrste to åra vart ganske utriveleg i gangane i Foggy Bottom, som er stad- og kallenamnet til det amerikanske utanriksdepartementet. Under Rex Tillerson var det fyrst mange ledige stillingar. Etter kvart vart dei kutta. Både storleiken og kapasiteten til departementet vart reduserte med minst ein tredel.

Mange meinte at amerikansk makt i verda no ville smuldre opp. På felt etter felt plukka andre statar opp stafettpinnen. Det var som ein vasspreiar med diplomatisk påverknad som vart fordelt til land som var villige til å ta tak. Russarane var ivrige, kinesarane nølande og europearane i sjokk. Også Pentagon – militæret – var misnøgd, og hevda at våpena deira ikkje kunne utrette noko av verdi om ikkje utanriksdepartementet kunne plukke opp og forvalte det som var oppnådd militært. Truleg var det nett det som var formålet til Trump. Utan utanriksdepartementet til å ta over der soldatane slapp, ville det verte mindre behov for soldatar.

Midtausten

Då arbeidet var ferdig, og Rex Tillerson vende seg mot sin eigen sjef fordi sjølv Rex meinte at det gjekk for langt, vart den mykje meir Trump-lojale Mike Pompeo henta inn frå sjefstillinga i CIA for å leie US State Department.

Samstundes vart Iran-hauken Bolton henta inn som tryggingsrådgjevar. Det var no offensiven for å hente heim troppane verkeleg tok til. I mai 2018 gjekk Trump og Pompeo ifrå Obamas atomavtale med Iran og lanserte «tidenes verste økonomiske krig» mot Iran. Denne raskt framveksande stormakta i Midtausten måtte pressast ned i kneståande, medan Trump førebudde uttrekking frå ørkenen i nabolanda til Iran. Samstundes flytta Trump ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem, og innan utgangen av året hadde han gjeve det okkuperte Golan til Israel. Trump gav bort USAs pressmiddel for å fred mellom Israel og Palestina. Men det var ikkje berre gåver. Politikken til USA i Irak og Syria har gjort det farlegare for Israel. Når USA trekkjer seg ut, står Israel att åleine. Jerusalem var plaster på såret. Golan var ein tryggingskompensasjon mot nordaust.

No var tida komen for steg to i planen om å «drain the swamp». Pentagon stod for tur. Trump fekk mykje motbør, men i desember 2018 erklærte han at no var det nok. Trass alt var det han som var president og som bestemte. Dei amerikanske soldatane skulle ut av Syria.

Det fall ikkje i god jord. General James Mattis, kalla «Mad Dog», er kjend for sitatet: «Be polite, be professional, but have a plan to kill everybody you meet.» Truleg bidrog gjetordet til å skaffe han stillinga som Trumps første forsvarsminister. Men Mattis er òg kjend for å ha sagt: «Dei viktigaste 30 centimetrane på slagmarka er det som sit mellom øyra.» Han gjekk lenge for å vere «den einaste vaksne i rommet» i Det ovale kontoret når Donald Trumps næraste tryggingskrins var samla. General Mattis tok hatten sin og gjekk på timen.

Ut av Syria

Trump hadde kunngjort at amerikanske soldatar skulle trekkjast ut av Syria, der dei stod saman med syriske kurdarar. USA har støtta kurdarane militært i Irak, bakgarden til Iran, sidan 1991, og i Syria, bakgarden til Tyrkia, sidan 2015. I militære krinsar vart uttrekkinga sett på som eit svik mot kurdiske allierte. Ingen militære dolkar venene sine i ryggen midt i kampens hete. Symbolsk innebar det å gje sigeren til Russland i Syria. Politisk var det uhøyrt. Samstundes var nærværet i Syria ein torn i auget på Tyrkia (ven) og ein gåvepakke til Iran (fiende). Det måtte ryddast opp i dette om Trump skulle få heim soldatane frå Syria. Ordren var no gjeven.

I Nato vart det murra sterkt. Kva slags Nato var dette, eigentleg? Eit USA som ikkje stiller opp når russiske fly vert skotne ned over Nato-land, og som gjerne lèt allierte i stikken midt i kampens hete? Franske og britiske soldatar stod òg saman med amerikanske soldatar i Syria (og, om ein vil vere vanskeleg, passa på blant andre norske framandkrigarar, slik at det var enklare for Noreg å ikkje la dei kome heim).

Emmanuel Macron erklærte at Frankrike skulle støtte kurdarane utan omsyn til kva amerikanarane måtte finne på. Samstundes understreka den franske presidenten at no var det på tide for Europa å sjå på felles forsvar mot sør utan amerikanarane om bord. Her hadde Europa og USA heilt ulike interesser, meinte han. Ein måtte til og med sjå for seg at Europa og USA kunne stå mot kvarandre i enkelte områder i Afrika og Midtausten, hevda den franske presidenten.

Massiv motstand

Motstanden mot uttrekkinga i Syria, Afghanistan og kanskje Irak var stor internt i Pentagon. Kanskje ikkje mot målet, men mot måten dette vart gjort på. Det var eit skot for baugen for tilliten til USA som alliert når det røyner på. Det ville øydeleggje amerikansk makt i verda, omstendeleg bygd opp gjennom dei siste hundre åra, ei makt som amerikanske soldatar har ofra mykje for å oppnå. Å gje det bort slik var uhøyrt. Ein forretningsmann med ring forstand på både militære og diplomatiske saker var i ferd med å øydeleggje alt. Motstanden i dei militære rekkjene var massiv. Nokre soldatar vart ståande i Syria «for å passe på nokre oljebrønnar», og for å gje dei etterlatne kurdarane litt betre forhandlingskort.

Etter Trumps kunngjering om å trekkje soldatane ut tok temperaturen seg opp i Midtausten i 2019 mellom Iran og USA. Det var fleire direkte militære trefningar mellom Iran og USA, men dei vart haldne i sjakk. Andre åtak gjekk gjennom tredjepartar. Mellom anna vart seks oljetankarar råka utanfor Den arabiske halvøya sommaren 2019. To av dei seks båtane var som kjent norske. «Nokon» gjekk til åtak på norske skip for å fortelja «nokon andre» eitt eller anna.

I Irak auka talet på direkte trefningar hausten 2019, og i januar i år henta Trump fram kanonen. Ein amerikansk drone drap både sjefen for sjiamilitsen i Irak og den iranske generalen Qasem Soleimani. Han var sjef for Irans militære operasjonar i heile Midtausten, altså mannen med militæransvaret i dei landa Trump gjerne ville trekkje amerikanske soldatar ut frå. Så kom koronaen.

Motsetnader

Motsetnadene mellom Det kvite huset og Pentagon heldt fram på heimebane. Då Trump etter George Floyd hinta om at kanskje forsvaret kunne trå til med å halde ro og orden i USA, gjekk sjefen over alle militære sjefar i USA, Joint Chief of Staff, ut med ein ordre til alle våpengreiner i USA om ikkje å etterkome ein slik ordre frå presidenten. Stemninga mellom Trump og militærleiinga var på eit lågmål.

Sommaren og hausten kom og gjekk, og soldatane i langtvekkistan vart verande på post. Valet gjer at Trump truleg ikkje vil klare å få henta dei heim. Biden har alt signalisert at Trumps politikk med reduksjon av soldatar, til dømes 12.000 i Tyskland, vil verte omgjord. Krinsen rundt Biden er òg imot å trekkje styrkar ut frå andre stader.

Men det er ikkje over enno. I staden for å starte nedstenging av eigen administrasjon har Trump skrudd opp tempoet. Nok ein forsvarsminister som motsette seg tilbaketrekking er ute. I staden sit no Iran-hauken Christoffer Miller i stolen. Med seg har han folk som er kjende for å ynskje å trekkje styrkane ut av Syria straks og å redusere styrkane kraftig på stader som Afghanistan og Den koreanske halvøya.

Ingen lame duck

Donald Trump gjekk til val på lovnader om å trekkje amerikanske soldatar ut av Syria og Afghanistan, men både forsvarsministrar og forsvarssjefar har så langt stritta imot. No er nye klutar inne som skal hjelpe Trump med å ta maksimalt press-kampanjen i hamn.

Og kva treng Trump då? Jo, han må skape så mykje uvisse og usemje om kven som skal ta over i januar, at han ikkje vert ein lame duck. Han held den nye presidenten og teamet hans unna tryggingsbrifane og viser at Donald trur fast på å vere president også i februar. Han styrer derfor uforstyrra vidare med viktige militære avgjerder. Trump treng å få pressa til å fokusera intenst på røysteteljing i små og store delstatar, tippekamp om kven rettsapparatet vil støtte, og spørsmålet om Trump er galen nok til å bli diktator. Pressa er truleg det minste problemet hans.

Samstundes treng Trump å skapa uro i Teheran for at han er truande til å gå til krig mot Iran. Skal han ut av Syria og Afghanistan raskt, må Iran haldast i skinnet. Førre veke vart det leke at Al Qaidas nestkommanderande vart drepen i Teheran i august. At Al Qaida og Iran er like usannsynlege allierte som Noas og Sian, er ikkje noko som den jamne amerikanar har kjennskap til, og dermed vert plaga av.

Samstundes har det kome lekkasjar om at embetsverket skal ha «lurt Trump til å behalde soldatar i Syria». Haukar i Pentagon og ein finfin grunn til at Iran no kanskje må bombast, gjer at Trump kan halde pulsen i Teheran på eit høgt nivå medan han førebur seg på å hente troppar heim.

Førebuing

Eg trur dette er Donald Trumps heilt eigne måte å førebu maktovertakinga i januar på. Då skal Biden overta. Men før den tid skal Trump ha gjort ferdig eit prosjekt han har tala om og lova i mange år. Soldatane skal heim. Dette skal vere ettermælet hans.

Det er ikkje sikkert Biden vil gå same vegen, men om han gjer det, vil Trump ikkje at Biden skal få æra. Tilbaketrekkingane vil vere klare bevis for at Trump leverte det han lova. Dermed kan han gå frå borde og med rette hevde at han stod opp imot dei store organisasjonane i Washington – US State Department og Pentagon – og henta heim den vesle amerikanske mannen. Det er eit ettermæle Trump kan leve med. Og eit farleg godt utgangspunkt for valkamp i 2024.

Cecilie Hellestveit

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om
borgarkrig og folkerett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trump fekk mykje motbør, men i desember 2018 erklærte han at no var det nok.

Han må skape så mykje uvisse og usemje om kven som skal ta over i januar, at han ikkje vert ein lame duck.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis