JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Dei verjelause

Terrorgruppa IS set både europeiske rettsstatar og statsborgarrettane på prøve. Den prøven må vi bestå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
14293
20210319

Saka mot IS-kvinna

Ei 30 år gammal kvinne er tiltalt for å ha delteke i terrororganisasjonen IS.

Ho passa borna sine og stelte heimen til sine tre ektemenn, og la på det viset til rette for at dei kunne slåst for IS.

Ho kom til Syria i 2013 og oppheldt seg i IS-kontrollerte område heilt til ho vart plassert i ein interneringsleir av kurdiske styrkar i mars 2019.

Kvinna kom attende til Noreg i januar 2020.

Cecilie Hellestveit fylgjer rettssaka i Oslo tingrett for Dag og Tid.

KOMMENTAR

ch@intlaw.no

IS-kvinna som står for retten i Oslo tingrett, skulle eigentleg ikkje vore i Noreg. Ho kom heim frå Syria i kraft av å vere mor til eit sjukt barn som var norsk statsborgar.

Noreg praktiserer avstammingsprinsippet, altså er statsborgarskap arveleg hjå oss. Kalifat-borgarskap finst derimot ikkje. Guten som er fødd under kalifatet i Syria som barn av to norske foreldre, er følgjeleg norsk like mykje som andre barn i kongeriket. Han trong helsehjelp som ikkje kunne skaffast der han var. Og som kjent forbarma godt over halve regjeringa seg over den norske guten gjennom «ekstraordinær assistanse». I Noreg er det prinsippet om barnets beste som rår. Arvesynda som prinsipp har vi lagt bak oss.

Mor til guten fekk vere med heim som nisse på lasset. Då det storma rundt heimkomsten til den vesle familien i fjor, erklærte utanriksministeren at det ikkje er norsk politikk å bidra til retur av vaksne som har slutta seg til IS. Kjem dei heim, skal dei stillast til ansvar. IS-kvinna i saka vart likevel frakta heim av styresmaktene. Dermed ligg det ein tung politisk eim over saka som no går for Oslo tingrett.

Rettssaka der kvinna står tiltalt for deltaking i terrororganisasjonen IS, handlar meir om heimreiser enn om utreiser. I januar 2013, då kvinna reiste til Syria, fanst det ikkje straffebod i Noreg som famna om det ho gjorde, og straffebod kan ikkje ha tilbakeverkande kraft. Å reise etter mannen sin som hadde drege i krigen, og kanskje hjelpe muslimske medsøstrer mot ein brutal fiende, var ikkje straffbart då, sjølv om norske styresmakter arbeidde på spreng med å få på plass eit eigna straffebod. Først i juni det året vart det straffbart å «delta i terrorrørsle». Rettssaka handlar difor meir om heimreiser. Dei heimreisene ho kanskje ønskte seg, eller planla, eller prøvde å få i stand, men som ho ikkje makta eller torde å gjere.

Forsøk på å kome seg heim framstår som indikasjonar på at ho ville vekk, og skal belyse spørsmålet om kvinna eigentleg støtta IS, eller om ho vart tvinga til å verte verande og i praksis var gissel hjå IS-ektemennene sine og kalifatet. I rettssaka har vi høyrt kvinna sjølv, far hennar og andre frå krinsen rundt henne som alle er klare på at ho gjorde det som var mogeleg og forsvarleg for å prøve å kome seg heim. Far til den radikaliserte og valdelege ektemannen Vasquez, ein kristen mann med chilensk bakgrunn, tek utan vilkår IS-kvinna sitt parti i tingretten: Ho gjorde som best ho kunne. Kvinna kunne truleg fått reise ut av kalifatet for å sjå til den sjuke mor si, men måtte då ha reist utan barn. Som svigerfaren har mint oss på: Inga mor som har eit val, ville ha etterlate barna sine på ein slik stad.

I kalifatet var disiplinering i familien ei privat sak, så lenge det ikkje gjekk på livet laus. Den valdelege Vasquez skal ha forårsaka døden til ein steson, barn av den andre kona hans, Aisha Shezadi. Dette skal han ha vorte varetektsfengsla for i kalifatet, men saka vart lagd til sides.

Den islamske staten hadde islamske domstolar, og sharia gjev ei (lita) opning for at kvinner kan krevje skilsmisse. Men i kalifatet hadde kvinner forsvinnande små rettar samanlikna med ektemennene. Om ei kvinne vart funnen åleine saman med ein mann som ikkje var ein slektning, risikerte ho at retten dømde henne for utruskap. Ho kunne då risikere steining, i tråd med ei bokstaveleg tolking av sharia. I Oslo tingrett gav ei sakkyndig på temaet «kvinner i IS» eit døme der ei kvinne som vart dopa ned av ektemannen sin og «delt» med venene hans, ikkje fekk lov av domstolen å skilje seg av den grunn.

Tingretten i Oslo er del av eit meir rettvist system. Problemet hjå oss er at det kvinna har gjort, ikkje eigentleg passar til straffebodet «delta i terrorrørsle». Har ho i tillegg gjort det ho kunne for å kome heim, vert det endå rarare. Enden på visa kan verte at rettsstaten Noreg må la IS-kvinna gå fri.

Liknande problem har vi sett i andre europeiske land med langt fleire IS-kvinner blant statsborgarane sine: Det er vanskeleg å finne ut kva dei skal haldast strafferettsleg ansvarlege for. Men kan det vere rett at dei skal gå fri? Ber ikkje dei òg på eit tankesett som kan vere farleg?

Det er fleire returnerte framandkrigarar i Europa enn nokon gong, konstaterer terrorforskaren Petter Nesser ved Forsvarets forskingsinstitutt. Han har sett på fullførte og avverja islamistiske terroråtak i Europa dei siste åra, og tala etter 2017 overgår dei samla tala for alle år før 2015. Dei som vender heim frå krigssoner som Syria, vert assosierte med både radikaliseringsrisiko og fare for terrorisme. Det er òg lov å hugse på at europeiske militærmakter bidrog til å knuse det utopiske prosjektet til kalifatet.

Folk vert gjerne arge av slikt. Framandkrigarar er ikkje ufarlege. Enkelte kjem heim frå krigen og legg han bak seg. Mange gjer ikkje det. Vil ikkje dette òg gjelde IS-kvinner?

Her ligg altså hovudforklaringa på at norske styresmakter ikkje er særleg lystne på å hente heim desse vaksne norske statsborgarane. Det hjelper ikkje at kurdiske styresmakter i Syria, dei som sit med ansvaret for kvinnene, har bede europeiske land om å ta imot dei. Sjølv ikkje oppmodinga frå USA til europearane har verka. Bøna om å «lette trykket» i Syria var ein diplomatisk måte å seie dette på: «Sjå no for pokker til å ta ansvar for eigne borgarar, og ikkje tyng Syria og Irak med dei òg!»

Etter at fem foreldrelause norske barn på hengjande håret fekk kome heim i 2019, og den sjuke guten med mor og søster vart henta heim i 2020, har Noreg vendt det andre øyret til. Vi læst som vi ikkje høyrer. Det same gjer dei fleste andre europeiske landa.

Frå si menneskerettslege høgborg argumenterer europeiske styresmakter med at desse statsborgarane har reist på eige initiativ og er utanfor «vår jurisdiksjon». Det er ein annan måte å seie at det er meir naturleg at andre statar straffar dei, på. Til alt hell for Europa ligg dei kurdiske fangeleirane utanfor området der Den europeiske menneskerettskonvensjonen og -domstolen gjeld. Konvensjonen rekk berre til den tyrkiske grensa mot Syria (sjølv om han truleg gjeld i dei områda i Nord-Syria der EMK-staten Tyrkia er okkupasjonsmakt). I staden for å ta heim dei europeiske kvinnene frå al-Hol leiren, der den tiltalte IS-kvinna vart halden, synest mange europeiske land at det er ei betre løysing at dei vert «handterte der dei er». Men kva tyder eigentleg det?

Styresmaktene i Syria, Assad-regimet, har ikkje kontroll i områda der dei europeiske IS-kvinnene og barna deira vert haldne. Dei er i kurdiskkontrollerte område mellom Assad-regimet (og russarane) i sør, og Tyrkia (og amerikanarane) i nord. Nokre europeiske og amerikanske soldatar står att saman med kurdarane. Desse områda kjem truleg til å hamne under Damaskus igjen, men vilkåra for dette er ikkje klare enno. Når det skjer, hamnar truleg dei norske statsborgarane i Assads fengsel. Der vert fangar torturerte i stort omfang, noko ein tysk domstol i førre månad karakteriserte som «brotsverk mot menneskeslekta» då ein syrar tilknytt Assad-regimet vart dømd for brotsverk mot fangar.

Er det dette som er vår eigentlege og utanomrettslege straffemåte – å late dei rotne i Assads fangehol? I så fall er det svært ulikt måten den norske staten handterte dei to eventyrarane Tjostolv Moland og Joshua French. Vi bør vakte oss vel for å lage eit A-lag og B-lag av norske statsborgarar.

Alternativt kan kvinnene utleverast til Irak, der dei store rettsprosessane mot IS-folk går unna så fort at bødlane knapt rekk å hengje alle dei dødsdømde. I Irak er det små sjansar for ein rettferdig rettargang, og det handlar ikkje om lang varetekt, dårleg forsvarsarbeid eller manipulerte bevis. Det handlar om å ha tilgang til advokat i det heile, eller at rettssaka der du vert dømd til døden, varer ein halvtime – eller om du faktisk er den personen retten hevdar at du er. Dei med midlar kan kjøpe seg fri (for eksempel irakarar med leiande stilling i IS), medan fattige fotfolk vert sende i galgen. Har du ikkje gjort det du er skulda for, får du gjerne så godt med juling at du kjem på at du visst var skuldig likevel. Her ligg årsaka til at mulla Krekar i alle år fekk verte verande i kongeriket. Sjølv ein som han, ein irakar utan rett til opphald i riket og truleg med mange liv på samvitet, måtte vernast mot tortur og henging. Snikinnfører vi no ein ny type allmennpreventive tiltak – å overlate norske statsborgarar til lagnader som vi ville spare sjølv mulla Krekar for?

Dette er ein lei kombinasjon: IS-borgarar som vender heim, kan vere farlege, dei kan vere vanskelege å døme utan å tøye strafferetten vår til det ugjenkjennelege, og dei kan difor kome til å gå fri. Og det gjer at mange europeiske land ikkje vil ha desse menneska heim. Fleire europeiske land har difor opna for å ta frå dei statsborgarskapen. Den britiske IS-bruda Shamima Begum, med familiebakgrunn frå Bangladesh, drog til Syria som 15-åring og vart fråteken den britiske statsborgarskapen av tryggleiksomsyn. Domstolane har slått fast at ho ikkje eingong får vende attende til Storbritannia for å klage på avgjerda.

Avnasjonalisering har lenge vore brukt som reiskap når statar ønskte å kvitte seg med politiske dissidentar, kriminelle eller uønskte minoritetar. Det endra seg mot slutten av det tjuande hundreåret. I verket The origins of totalitarianism omtalte Hannah Arendt statsborgarskap som «no less than the right to have rights». Amerikansk høgsterett slo fast på 1950-talet at «citizenship is not a licence that expires on misbehaviour». Dei siste 20 åra har likevel avnasjonalisering kome snikande attende.

Etter 2001 vart det vanlegare å deportere statsborgarar som følgje av terrortruslar. Strenge vilkår for administrativ fengsling (utan lov og dom) gjorde at deportasjon vart ein nyttig sikkerheitsventil for styresmaktene. Effekten er at verdien av statsborgarskap er redusert, fordi retten til å kome inn i landet og å verte verande er sjølve kjernen i statsborgarskapen. For å verne om statsborgarskapsinstituttet valde enkelte land heller å kalle attende sjølve statsborgarskapen i tilfelle der det var tale om «illojalitet». Det vart ein totrinnsprosess: Først mistar du statsborgarskapen. Deretter kan du utvisast eller nektast innreise. Slik kunne statsborgarar som var terroristar, verte deporterte utan at det fekk følgjer for «folk flest».

Etter at framandkrigarfenomenet greip om seg med etableringa av kalifatet til IS, har dette verkemidlet vorte vanlegare. Det vert brukt mot «terroristar» – dei som er dømde, dei som er mistenkte, dei som er potensielle terroristar eller dei som kan assosierast med ein terrorist (typisk muslim, innvandrar og mann). Når terrorlovgjeving og migrasjonslovgjeving smeltar saman slik, vert det mange kokkar, mykje søl og lett å miste dei viktige prinsippa av syne.

I Storbritannia kan naturaliserte statsborgarar (dei som ikkje er fødde britar) miste statsborgarskapen dersom det er «conducive to the public good», altså om det gagnar fellesskapen. Det kan òg skje dersom resultatet er at nokon vert statslaus. I 2013 åleine vart minst 20 britar fråtekne statsborgarskapen, og Frankrike har ein liknande modell. Er du ein dårleg borgar, kan du fort verte «ingen borgar».

Slik vert statsborgarskapen ein reiskap til å handtere saker i grenselandet mellom landssvik, terror og kulturskilnader. Er dette ein god måte å tryggje landet og rettsstaten på? Kanskje, men prisen er at statsborgarskap er i ferd med å endre karakter. Medan dette inntil nyleg var ein medfødd rett, er det no i ferd med å verte eit privilegium. Enkelte kategoriar av folk endar då opp utan statsborgarskap.

Sjølv om det ikkje er lovleg i folkeretten per i dag, ser statspraksisen ut til å vere rask endring. Samstundes er eit anna utviklingstrekk at rikfolk skaffar seg fleire statsborgarskap. Tyrkia og Emirata er døme på land som dei siste åra har tilbydd statsborgarskap til velståande personar. Det er ikkje så nøye om dei gjev opp det gamle. Har du råd, har du lov.

I Noreg har vi nyleg liberalisert reglane om fleire statsborgarskap. Er statsborgarskap i ferd med å verte (nok eit) privilegium som dei rike kan sjonglere med, der fotfolket må passe seg så dei ikkje misser det, og dei som er på botnen, skal verte kastelause? Vil vi verkeleg ha ein overflod av rettar på toppen av samfunnet og verjelause menneske på botnen? Og er det nokon som trur at dette er god tryggingspolitikk? Ta for eksempel ein prat med israelarane om kor mykje tryggleik det har gjeve dei å halde palestinarane i nabolaget statslause.

Som saka mot IS-kvinna viser, er det ikkje heilt lett å døme henne, fordi husstell, kosing og reproduksjon ikkje eigentleg kan seiast å vere straffbare handlingar. Ho har bidrege til eit prosjekt som er uhyrleg, men strafferetten er kronglete her. Og det skal han òg vere. I rettsstaten Noreg skal det sitje svært langt inne å døme menneske for haldningane deira. Å strekkje strafferetten vår for å få han til å passe inn i den røyndomen IS representerte, er ei akrobatisk øving som kan gjere strafferetten vår for slapp. Det skal vi vakte oss vel for, så vi ikkje kastar ut barnet med badevatnet. Rettsstaten vår må vere sterk nok og statsborgarrettane våre verdifulle nok til å overleve møtet med terrorgruppa IS. Vert kvinna dømd, er det truleg rett. Vert ho frikjend, skal det ikkje lesast som eit knefall, men som ein ufråvikeleg styrke. Det er den viktigaste styrken vi har.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi bør vakte oss vel for å lage eit A-lag og B-lag av norske statsborgarar.

Prisen er at statsborgarskap er i ferd med å endre karakter.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis