JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Dei vasstette skotta

Når skiljet mellom annonse og redaksjonelt innhald vert viska ut, skjer det med stil og smil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fiksjon & Fakta. Forente Forlags uunnværlige bokmagasin. Første utgave. Høsten 2023.

5443
20231027
5443
20231027

Hugskot

havard@dagogtid.no

Eit sobert og teksttungt bokmagasin såg dagens ljos førre helg, på papir, mellom anna som innstikk i Klassekampen, Morgenbladet og tidsskriftet Prosa. Fiksjon & Fakta fekk meg til å tenkja på Audun Lindholm og Titanic, Vagant-redaktøren og dampskipet.

Lindholm fyrst. Den triste stoda til litteraturmagasina ramsa han opp i ein Klassekampen-artikkel 11. oktober: «Bonniers litterära magasin (nedlagt i 2004), Café Existens (nedlagt i 1998), Folkemål (skiftet navn til Eg i 1984, nedlagt i 1995), Norsk litterær årbok (som Det Norske Samlaget utga fra 1966 og sa farvel til i år), Vinduet (papirutgaven nedlagt i 2021, nå kun på nett).» Lista kunne vore lengre.

Er det ikkje då di større grunn til å feira eit nytt bokmagasin, like stilreint som det meste han elles tek i, ansvarlege Fiksjon & Fakta-redaktør Håkon Harket, som bokbilaget til Aftenposten for tretti år sidan?

Tidene endrar seg, og utviklinga får meg til å tenkja på «Titanic» –?skipet som ikkje kunne søkka av di det var bygd med vasstette skott. Men under vasslina laga eit isfjell ei flengje i skroget.

Like viktige som dei vasstette skotta er mellom dei tre statsmaktene, har dei vore i den fjerde òg, i pressa – skotta mellom reklame og redaksjonell tekst, mellom journalistikk og informasjonsrådgjeving, Stortinget og reklamebyrå.

Flengjene har med tida vorte mange og lange. Det er ikkje meir enn drygt femten år sidan mange var støkte då ein kulturredaktør i ei riksavis vart informasjonssjef i eit konsern. I dag vert eit slikt jobbyte sett som ein suksess, ikkje eit svik.

Kva har dette med det nye bokmagasinet å gjera? Utgjevar av Fiksjon & Fakta (F&F) er dei fire forlaga Dreyer, Pax, Press og Spartacus, under namnet Forente Forlag (FF). I F&F vert det berre omtala bøker som er gjevne ut på FF, utgjevarforlaga til F&F. Faktisk er det meir mangfald i bokannonsane i F&F: Éi av dei sju–åtte annonsesidene kjem frå eit ikkje-FF-forlag (Verbum).

Annonsemagasin er det sjølvsagt ikkje noko gale med. Mest heile livet har eg kvart år gledd meg til å saumfara Mammutkatalogen. På framsida står «Mammutsalg» og «Boksalg» med langt større bokstavar enn dei som nettavisene no nyttar når dei i minst mogeleg grad markerer «Annonsørinnhald».

Ho kjem i lita skrift, merkinga til F&F òg. Ikkje på framsida, men i ei leiarspalte inni bladet, der det med eit resignert smil heiter at «vi er alle inhabile med hensyn til bøkene som omtales».

Kva for flagg siglar F&F under? Det vert ikkje markert, heller ikkje av dei som nyttar prentet som innstikk, jamvel om leiaren luftar ein vesal UVS-vimpel («utan vasstette skott»).

Snedig nok vert det – i sjølve magasinet, innanfor ein total annonsekontekst –?skilt skarpt mellom annonsar og redaksjonell tekst. Som i eit fartøy der ein rett nok ikkje har vasstette skott, men i det minste veggplansjar med vasstette skott.

Ein stad går grensa: Hadde bokmagasinet hatt bokmeldingar, ville dei truleg vore utan terningkast, men meldingar er musikalsk nok utelatne. Mykje av innhaldet er overtydande godt. Her er lange intervju, eitt av dei frå The Guardian, og eit essay, omsett frå Harper’s Magazine. Kvalitetstekstar står side om side med forfattarintervju skrivne av det lesaren ikkje veit er forlagsredaktøren til boka.

Rett skal vera rett: Flengja oppstod ikkje med F&F. Bokmagasinet liknar bokmagasina til ei anna forlagssamanslutning, De norske Bokklubbene, som kombinerte rein salsverksemd av eigne utgjevingar med gode pennar som skreiv om dei same utgjevingane. At F&F i utforming er mindre glansa og markskrikersk enn dei gamle bokklubbmagasina, speglar at F&F-forlaga er smalare og seriøse. Finare flengje såg ein sjeldan.

Han er ironisk, likskapen med dei gamle bokklubbmagasina frå Sehesteds plass – eit samlenamn for storforlaga Gyldendal og Aschehoug, slik Akersgata var eit samlenamn for dei største avishusa. Dei no foreinte forlaga vart lenge urettvist skvisa av Sehesteds plass – som eigde eller har eigd både bokklubbane, bokbyråkratane og bokhandlane.

At småforlaga no har samla seg til å få gjeve ut eit sobert bokmagasin, er sånn sett noko å feira, jamvel om det under vasslina er eit salsmagasin.

Men nei, feiringa lyt venta –?Sehesteds plass eig dette òg no. Majoritetsaksjonær i Forente Forlag er Gyldendal.

Den norske bokheimen var ein gong sentral i den sentrale ålmenta i Noreg. På godt og vondt har teknologiske og demografiske endringar redusert den sentrale ålmenta til éi av fleire delålmenter, der bokheimen i seg sjølv har vorte mindre sentral, og no stundom liknar – for å nytta ein pessimistisk metafor frå gravferda til essayisten Pål Norheim for fem år sidan – «eit søkkande skip i eit søkkande skip».

Tidlegare ytterpunkt som kulturradikale Pax og verdikonservative Dreyer finn saman. I den nye, meir mangfaldige storålmenta er dei ikkje lenger ytterpunkt, men grannar i same grenda.

Økonomien er det store havet som til sjuande og sist ber publiseringsverksemd òg. Men skal ei fri ålmente halda seg flytande, treng ho vasstette skott, ytringsrom med plass til anna tenking enn vinning og tap.

Eg vel å vera optimist. Somme av fartøya som på sikt vil halda seg flytande, anten dei er store tankarar eller berre borkebåtar, er dei som held skotta sine vasstette.

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Oppdatert 30. oktober.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den nyvalde presidenten i Indonesia, Prabowo Subianto (til venstre), i følgje med den avtroppande Joko Widodo går til innsettingsseremonien i presidentpalasset i Jakarta.

Foto: Willy Kurniawan / Reuters / NTB

Ordskifte

Ny president i Indonesia

«Indonesia har no fem års presidentperiodar, med høve til attval éin gong, liksom USA – for å blokkere for nye trettiårspresidentar som Soeharto.»

Lars S. Vikør

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

ArildBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis