Cuba framfor kollaps?
Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida.
Teikning: May Linn Clement
Kommentar
redaksjonen.no
Ein novemberkald sundagskveld gjekk eit stille fakkeltog ut frå ein storslått seremoni på Den Nasjonale Scene i Bergen for å feire årets vinnar av Rafto-prisen for menneskerettar, med eit stort cubansk flagg først i prosesjonen. Prisen gjekk i år til den cubanske kunstaktivisten Luis Manuel Otero Alcántara (36) for den langvarige og modige kampen hans for ytringsfridom på Cuba.
Alcántara er ein av rundt 1100 politiske fangar på Cuba. Brotsverket hans dreier seg om samfunnskritikk basert på systematisk satire. Ja, beint fram utdriting av den cubanske makteliten. Men bak dette ligg den største freistnaden på opprør sidan revolusjonen i 1959.
Den 11. juli 2021 gjekk tusenvis av cubanarar over heile landet spontant ut i gatene og demonstrerte for fridom og demokrati. Alcántara var ein nøkkelperson i San Isidro-rørsla av kunstnarar, som via internett spelte ei hovudrolle bak demonstrasjonane.
Etter at regimet brutalt slo ned protestane og tok kontroll over internett, har det ikkje vore mogleg å gjenta liknande aksjonar. Aktivistane er fengsla eller dratt i eksil. Den stadig aukande misnøya finn inga form for å komme ope til uttrykk.
«Den velutdanna ungdommen som trudde på endring og kunne ha halde ved like produksjonen, reiser frå landet i strie straumar.»
Demokratimangel
Slik eg ser det, var Cuba ein gong den einaste velferdsstaten i Latin-Amerika, med helse, utdanning og sosial tryggleik for alle. Landet stod opp mot, og slo faktisk attende, USA-imperialismen då han freista invadere, i Grisebukta. Men med sjølverklært rett til å behalde uimotsagt hegemoni i den vestlege hemisfæren tok USA revansj gjennom å påføre Cuba drakoniske sanksjonar, i kraft til denne dag sjølv om heile verdssamfunnet kvart år fordømmer det i FN.
Fidel Castro blei den mest beundra politiske leiaren blant folkefleirtalet i det globale sør. Av den grunn klarte ikkje mange av oss som beundra den cubanske revolusjonen, å sjå baksida klart nok: mangel på demokrati, brot på menneskerettar og ein katastrofal økonomisk politikk.
Det siste kom brutalt til syne då Sovjetunionen fall saman. Då viste det seg at cubansk velferd ikkje var basert på innanlandsk produksjon, men på massive sovjetiske subsidiar. Cuba var faktisk det einaste landet i den tredje verda som fekk så sjenerøs sovjetiske stønad under det kalde krigen, som eit døme rett framfor andletet til den hegemoniske fienden. Då sovjetstaten forvitra og tok med seg europeiske kommuniststatar i dragsuget, klarte Cuba så vidt å overleve med dramatiske innstrammingar og takka vere den eksepsjonelle personlege autoriteten til Fidel Castro.
Reformprosess
Broren til Fidel, Raúl Castro, såg at den einaste redninga for Cuba ville vere å kopiere Kina og Vietnam: marknadsøkonomi utan politisk demokrati. Stimulert av den historiske avtalen med Barrack Obama frå 2014 om å normalisere sambandet med USA sette han i gang ein omfattande økonomisk reformprosess.
Eg bygde doktoravhandlinga mi på ein hypotese om at desse reformene også kunne tvinge fram ei politisk demokratisering. Ein ny generasjon av unge cubanarar fatta nytt håp, starta eiga økonomisk verksemd, kulturlivet eksploderte. I nokre intense veker blomstra Havanna-våren 2016, då president Obama blei teken imot som ei popstjerne, Rolling Stones heldt gratiskonsert, Chanel og Karl Lagerfeld arrangerte eit ikonisk moteshow i sentrumsgatene i Havanna.
Men innimellom alt dette heldt kommunistpartiet ein kongress der reformene i røynda blei avlyste. Eit halvår før han døydde, gav Fidel Castro sitt siste bidrag til fedrelandet. Han overbeviste partiet om at planane til broren ville undergrave maktmonopolet. Han lét til å meine, nok med rette, at den kinesiske kombinasjonen av kapitalisme og diktatur ikkje ville fungere så tett opp mot verdssenteret til kapitalismen.
Då Trump blei president og avlyste normaliseringa, var Cuba alt på full fart attende til ein ikkjefungerande statsøkonomi som òg gjorde slutt på ungdommens von om eit meir pluralistisk samfunn.
Forlét landet
Den cubanske nasjonen lir no av den kanskje største systemkrisa sidan kolonitida. Det finst ingen verkeleg produksjons- eller finansstruktur. Infrastruktur og ikkje minst energiforsyning bryt saman, matvarer og andre basisgode er mest håplaust å få fatt i. Djup fattigdom spreier seg saman med korrupsjon, vald og kriminalitet i det som til no har vore eit rimeleg trygt samfunn.
Den velutdanna ungdommen som trudde på endring og kunne ha halde ved like produksjonen, reiser frå landet i strie straumar. Berre dei gamle sit attende, fattige og einsame. Dei som er heldige, lever på pengegåver frå slekt i utlandet.
Og så kjem Trump attende, med Cuba-ætling og Castro-hatar Marco Rubio som utanriksminister. Eg var blant dei som trudde at Kamala Harris, sterk tilhengar av Obama-tilnærminga, kanskje kunne gjere det mogeleg få i gang ein dobbel dialog: mellom regjering og cubansk sivilsamfunn, og mellom Havanna og Washington.
Det siste håpet er no steindaudt. Så kva vil skje? Marco Rubio har ikkje så mange økonomiske og politiske reiskapar enn dei som alt blir brukte. Vil han gje etter for dei mest hatske eksilcubanske tilhengarane som vil invadere landet? Det er neppe truleg i første omgang. Trump er jo eigentleg isolasjonist – men kanskje med unnatak for nærområda. I den førre perioden tok han fram att Monroe-doktrinen, om USAs rett til å diktere i Latin-Amerika.
Djup krise
Den store uvissa er no kva som skjer i det cubanske maktapparatet med Trump (og Rubio) attende ved makta. Ei samtale eg nyss har hatt med ein pensjonert cubansk ambassadør, framleis partimedlem, kan gje nokre signal. Det er semje om kor djup denne krisa er, og at det berre er eit spørsmål om tid før noko dramatisk må skje.
Vendepunktet kan kome når Raúl Castro, no 93, døyr eller mister fullt medvit. Han er nok den siste som held systemet saman. Eit scenario kan då vere eit kupp innanfor militæret, kanskje leia av yngre offiserar med familiar som deler vanlege folk si liding, kanskje som svar på meir valdeleg undertrykking.
Ingen veit kva som no skjer innanfor det militære, og kva retning eit eventuelt kupp vil ta. Men eit oppbrot som dette vil kunne vere det som provoserer fram eit militært svar frå USA og utløyser eit krigshelvete.
Same kva som skjer, er det få gode nyhende i vente for eit lidande cubansk folk. Diverre er det ikkje stort ein velfortent Rafto-pris kan gjere med det.
Vegard Bye er statsvitar og har i 25 år arbeidd med latinamerikanske spørsmål som forskar, journalist, bistandsarbeidar, politikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø