JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Byråkratisk woke

Woke-vekkinga er truleg på hell, men sjølve ordet og omgrepet har kome for å bli.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Børre Høstland / Annar Bjørgli

Foto: Børre Høstland / Annar Bjørgli

3792
20230224
3792
20230224

Hugskot

havard@dagogtid.no

Når ein har levd ei stund, veit ein av røynsle at vekkingar har ei levetid på eit tiår eller to. Sluttfasen er sjeldan eit sjarmerande syn, og det er truleg ein slik me ser no.

At woke-vekkinga er på hell, veit me som har born i tenåra. Grunnverdiane har dei fått inn med morsmjølka, men dei nektar å stå i ein vestleg skammekrok og gjera bot for kolonitida. Fleirkultur er ikkje noko dei drøymer om, men lever i.

Eit anna teikn: Vekkinga vert forkynt av halvgamle byråkratar. Dei nyanselause aktivistane er grå eminensar i statlege riksinstitusjonar. Eit kjent døme fekk me laurdag i Aftenposten då den svenske kunsthistorikaren og avdelingsdirektøren ved Nasjonalmuseet Stina Högkvist skulle grunngje kvifor Christian Krohgs måleri «Leiv Eiriksson oppdager Amerika» (1893) ikkje vil vera å sjå i museet: «Det er et kolonialistisk bilde.»

Vestleg kolonisering stod sentralt i eit liknande døme i Dag og Tid dagen før. Journalisten spurde Pål Kristian Eriksen, seniorkonsulent i Språkrådet og aktuell med boka Språk på sotteseng: «Kva er det som fa°r deg til a° tru at tempoet i den lingvistiske masseutryddinga kan auke i a°ra framover?» Seniorkonsulenten svarte: «Det er det vitskapen fryktar. Etter den vestlege koloniseringa av verda, der ein har fa°tt kolonimaktspra°k som mellom andre engelsk, fransk og portugisisk som politisk er svært sterke i store delar av verda, ser vi at det ga°r ut over urfolksspra°ka og minoritetsspra°ka som blei snakka i desse omra°da.»

Av dei tjue største språka i verda i dag er fem vestlege. Kva med dei femten ikkje-vestlege storspråka? Finn ein ikkje språkdød i kjølvatnet etter utbreiinga av mandarin og arabisk?

Slik spør ein tenåring, men spørsmåla er ikkje woke. Slik arvesynda ligg som ein uuttala premiss i kristentrua, ligg vestleg skuld som ein uuttala premiss i woke-vekkinga – med éin skilnad: Arvesynda er universell, som menneskerettar på vranga, medan woke-skulda er kulturelt og etnisk essensialiserande.

Men om vekkinga er på hell, er det omstridde woke-omgrepet kome for å bli. Heilt i tråd med at ordet er både likt og mislikt, finn ein det i somme ordbøker, men ikkje i andre. Det er med i Det norske akademis ordbok («Riksmålsordboken»), om ein som «har høy bevissthet rundt rasisme og annen urettferdighet i samfunnet (jf. politisk korrekthet)». Det er med i Ordnett (Gyldendal), om ein «som har høy bevissthet rundt rasisme, manglende likestilling og annen sosial urettferdighet».

Førebels finn ein det ikkje i Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Språkrådet), men snart dukkar det nok opp der òg, etter det mediale gjennombrotet ordet fekk i veka som har gått. I Natt og Dag vart det nytta redaksjonelt alt i 2017.

Uviljen mot woke-ordet kjem gjerne frå folk som faktisk er woke. Dei meiner at det er betre å drøfta kvar identitetspolitiske sak for seg, utan å samla dei i eit paraplyord som nokre nyttar nedsetjande.

Mange hadde ein liknande uvilje mot eit politisk paraplyord som fekk sitt breie gjennombrot for drygt femti år sidan, i debattar der kolonialisme stod like sentralt som no: reaksjonær.

Hersketekniske merkelappar freistar ein naturlegvis å børsta av seg, men det gjekk ikkje med reaksjonær og går nok heller ikkje med woke.

Ein norsk variant av ordet har lange tradisjonar: vakt. «Ho er vakt», sa ein på 1800-talet om dei religiøst radikale. Sidan vart vakt-metaforen nytta om dei politiske radikale òg, som i tittelen på Dag Solstads AKP(m-l)-roman Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land (1982).

Her heime har nok woke-vekkinga meir sams med ei religiøs enn med ei politisk vekking.

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis