JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Brunskvetting bidrog til raudgrønt valnederlag

Dei raudgrøne mista fleirtalet av di taparane i valet var dei aktivistiske antirasistane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Unge Sverigedemokraterna-tilhengjarar i Göteborg ventar på partileiar Jimmy Åkesson.

Foto: Håvard Rem

6463
20220916
6463
20220916

Kan ein sjå eit mønster i dei svenske veljarrørslene som no har ført til eit knapt fleirtal for den borgarlege blokken i Riksdagen og dimed eit regjeringsskifte?

Av di dei to valvinnarane, Social- og Sverigedemokraterna, høyrar til kvar sin blokk, er det nok ikkje hjå dei ein finn kva som endra styrketilhøvet mellom blokkane. Socialdemokraterna, leidd av statsminister Magdalena Andersson, og Sverigedemokratarne, leidd av Jimmy Åkesson, var dei einaste partia som gjekk monaleg fram i valet.

Framgangen deira fordelte seg nokså jamt på blokkane og endra ikkje styrketilhøvet mellom blokkane.

DEI TO TAPARANE

Meir relevant er det då å sjå etter fellestrekk hjå dei to einaste partia som gjekk markert attende:

Centerpartiet mista nær ein fjerdedel av veljarane sine, og gjekk frå 8,6 til 6,7 prosent.

Vänsterpartiet mista nær ein femtedel av veljarane sine, og gjekk frå 8,0 til 6,7 prosent.

Og i motsetnad til dei to valvinnarane høyrer dei to valtaparane til same blokk, den raudgrøne.

Tilbakegangen deira, som var større enn framgangen til Socialdemokraterna, bidrog difor avgjerande til at den borgarlege blokken fekk fleirtal.

LITE SAMS

Men kva har Centerpartiet og Vänsterpartiet sams?

Lite. Det eine partiet har røter i kommunismen, det andre har bakgrunn frå bøndene og borgarleg side.

Vänsterpartiet og Centerpartiet står langt frå kvarandre på mange felt. Då partileiar Annie Lööf før valet såg føre seg ei mogeleg samlingsregjering, var det berre to parti ho ikkje ville ha med. Vänsterpartiet var det eine.

Som det norske systerpartiet har Centerpartiet rett nok vandra frå borgarleg til raudgrøn side, men i spørsmål om økonomi, velferd og arbeidarrettar er partiet framleis borgarleg.

Det er i identitets- og innvandringspolitikken Centerpartiet meir og meir har kome til å likna Vänsterpartiet.

LIKSKAP HJÅ TAPARANE

Og av di det var slike spørsmål som dominerte valkampen, vart den vesle likskapen mellom Centerpartiet og Vänsterpartiet tydelegare enn den store skilnaden mellom dei.

Andsynes migrasjon og kriminalitet har dei to partia mykje sams. Båe sto fram som to av dei mest «antirasistiske» partia.

Jau, Magdalena Andersson distanserte seg retorisk frå Sverigedemokraterna, ho òg, men Centerpartiet og Vänsterpartiet, dei to taparane i valet, nytta dessutan mykje tid på stigmatisering og drepande karakterstikkar som rasistiskt og brun.

Det gjorde ikkje Social­demokraterna. I innvandringspolitikken har dei fleste partia flytta seg mot Sverigedemokraterna. Frå å vera syndebukk har Jimmy Åkesson vorte bjøllesau.

Med andre ord: Eit sams trekk hjå partia som tapte valet, er antirasistisk brennmerking av meiningsmotstandarar.

SVEKKA STIGMA

I motsetnad til dei som berre tek avstand frå rasisme, er dei aktivistiske antirasistane opptekne av å identifisera og stigmatisera rørsler, parti og einskildmenneske som kjem inn under ein romsleg rasismedefinisjon – som ikkje berre omfattar rasistiske ytringar, men stundom mikrorasisme og strukturell rasisme òg.

Poenget her er ikkje om ein slik raus rasismedefinisjon er rett eller gale. Det vil lesarane meina ulikt om. Det skal me ikkje ta stilling til. Observasjonen er at stigmatiseringa ikkje lenger ser ut til å ha same kraft og verknad som før.

Ja, at ho vert kontraproduktiv, og som i Sverige bidreg til å øydeleggja for eigen blokk.

Kor skremmande er det at eit stigma vert svekt? At innvandringsrestriktive parti har framgang i mange europeiske land, kan ein sjå som uttrykk for aukande rasisme hjå dei innfødde. Men ein kan òg sjå det som uttrykk for at rasismestigmaet er svekt.

Og dei to tinga er ikkje det same. At ein veljar tek mindre omsyn til rasismestigmaet, tyder sjølvsagt ikkje naudsynleg at veljaren er framandhatar.

Basert på tendensar i valkampen i Sverige, men elles i Europa òg, som i det italienske nyvalet sundag om ei dryg veke, verkar det som eit mønster at rasismestigmaet råkar mindre hardt og skremmer færre veljarar.

Å stigmatisera meningsmotstandarar i von om å jaga veljarar vekk frå dei, kan syna seg som feilslått strategi.

KVIFOR SVEKKA?

Kvifor ser rasismestigmaet ut til å verta svekt?

I Det norske akademis ordbok vert stigma definert som «kjennetegn eller trekk som gir noen lavere sosial status».

At svekkinga kjem til uttrykk i val, er naturleg, av di stigmaet råkar sosialt medan val er hemmelege.

Men det ser ut til at rasismes­tigmaet har vorte svekt i ålmenta òg. Social­demokraterna tek no innvandringspolitiske standpunkt partiet for få år sidan ville ha avfeid – i kampen mot Sverigedemokraterne om arbeidarveljarar og LO-medlemer.

Noko som kan tyde på at stigmaet er svekt meir langvarig, er no den store oppslutnaden om Sverigedemokraterna hjå unge veljarar og fyrstegongsveljarar og i skuleval.

Grunnen til at ingen av dei borgarlege partia førebels vil inn i regjering med Sverige­demokraterna, er nok mindre politikken, og meir historikken, og at partiet framleis med jamne mellomrom lyt ekskludera tillitsvalde på grunn av rasisme.

ETTER PALME

Eit anna teikn på at skiftet kan vera varig, er kursendringa til Socialdemokraterna.

I ein heilt annan grad enn det norske systerpartiet vart Socialdemokraterna radikalisert av venstrevekkinga i siste helvta av 1960-åra, under Vietnam-krigen, der Sara Lidmans svenske rapportar gjorde djupt inntrykk.

I Svensk politik (2018) skriv Per T. Ohlsson om «Olof Palmes eldiga retorik, en socialdemokrati som radikaliserades av den tidsande som brukar sammanfattas i årtalet 1968.»

I eit Sverige med lægre sjølvtillit er Olof Palme heilt borte. Det moralske overtaket til venstresida ser ut til å gleppa. Den moralske stigmatiseringa vert svekt.

Det kan verka skremande på mange – om lag som den gongen det moralske overtaket til kyrkja og prestane byrja å gleppa, og mange uroa seg over kva som no ville henda med gode verdiar.

FORHANDLINGAR

Kva for innflyting Sverige­demokraterna vil få på ei borgarleg regjering, om ein får stabla henne på beina, er for tidleg å seia. I tryggingspolitikken har partiet alt tilpassa seg, og er ikkje lenger mot EU- og Nato-medlemsskap. Kor langt til venstre dei kan dreia velferdspolitikken, og kor langt til høgre dei kan dreia innvandrings- og bistandspolitikken, vil dei neste dagane og vekene syna.

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Frå å vera syndebukk har Jimmy Åkesson vorte bjøllesau.

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis