JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Bak kulissane i Finansdepartementet

Dokumenta frå Finansdepartementet som Dag og Tid presenterte i den såkalla Meyer-saka i førre utgåve, gjev eit eineståande innblikk i ein forvaltnings­praksis som ikkje toler dagslys.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
SSB-sjef Christine Meyer og advokaten hennar, Dag Steinfeld, då dei forlét Finansdepartementet etter møtet med finansmininster Siv Jensen 11. november 2017.

Foto: Mariam Butt / NTB

3669
20220121
3669
20220121

Kommentar

vidar@dagogtid.no

Det er all grunn til å stille spørsmål om kva som har skjedd i kulissane når referat frå møte ved nokre pennestrøk frå ein overordna, får eit heilt endra meiningsinnhald. Det er neppe daglegdags at slikt skjer i forvaltninga.

Sjølve saka fekk som resultat at direktøren i Statistisk sentralbyrå (SSB) måtte gå, det vart kontrollhøyring på Stortinget og sterk kritikk både mot finansminister Siv Jensen og Finansdepartementet.

Dokumenta som Dag og Tid har presentert, er framleis hemmeleghaldne av Finansdepartementet, som også prøvde å kome unna med å levere sladda dokument då Sivilombodsmannen bad om å få utlevert dokumenta for å handsame klage over innsynsnekting.

«Den går ikkje», sa ombodsmannen. Det er merkeleg at eit presumptivt opplyst og skolert departement kunne tru at dei kunne kome unna ombodsmannen slik. Hadde dei ingenting lært av saka med Olje- og energidepartementet og Statsministerens kontor som freista å kome unna med å nekte å utlevere dokument til ombodsmannen i ei klagesak i 2009?

Resultatet den gongen var at Sivilombodsmannen sende særskild melding til Stortinget om at regjeringa hindra han i å utføre kontrolloppgåvene sine. I neste omgang valsa den dåverande leiaren i kontrollutvalet, Martin Kolberg, opp med regjeringsråden, Nina Frisak, og fortalde kvar skåpet skulle stå.

For å gå tilbake til utgangs­punktet: eit møte i Finansdepartementet 19. september 2017 mellom SSB-direktøren Christine Meyer og forskingssjefen i byrået Kjetil Telle, på den eine sida, og finansråd Hans Henrik Scheel og ekspedisjonssjef Amund Holmsen på den andre, assistert av møteskrivar Pål Sletten, fagsjef i Økonomiavdelinga, på den andre.

Det talar mot god tru å tenkje seg at møteskrivar Sletten skal ha misoppfatta kapitalt kva som vart sagt av partane i eit møte som dette. Som underordna, med dei to øvste embetsmennene i departementet til stades, kan ein trygt legge til grunn at han gjorde sitt beste for at referatet han laga, var pinleg nøyaktig til minste detalj. Ein må legge til grunn at referatet var korrekt.

Alternativet er at på­-
teikningane, som endrar meiningsinnhaldet, er styrte av «interesser» i saka. Då må ein spørje seg om det er «politiske» eller «personlege» interesser ute og går. Det er etablert som faktum at det er Holmsen som gjorde endringane i referatet nesten fire månadar etter at møtet vart halde.

Det er ei kjent sak at både LO og NHO saman engasjerte seg for å stoppe den omorganiseringa av SSB som Christine Meyer var i gang med. Dei ottast konsekvensane for leveransane av dokumentasjon som dei er avhengige av i inntektsoppgjera.

Det er også ei kjent sak at Framstegspartiet kom med kraftige reaksjonar då det vart kjent at ein av forskarane i forskingsavdelinga som Meyer ville fjerne frå forskingsavdelinga, var mannen som stod bak produksjonen av innvandrarrekneskap. Erling Holmøy hadde levert materiale som viste at innvandring var «ulønsamt». Å fjerne han frå avdelinga vart i Frp oppfatta som straffeeksersis.

Spørsmålet er då om Holmsen «korrigerte» referatet av eige tiltak utan «input» ovanfrå, eller om han «sensa» kva som burde stå i referatet?

Uansett: Ei slik handling framstår som ei overkøyring av den underordna og er eigna til å svekke respekt og tillit til den overordna. Ikkje rart at det skaper intern uro.

Det er vel slikt som må kallast dårleg leiarskap?

Vidar Ystad er journalist.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein må legge til grunn at referatet var korrekt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis