Auka hemmeleghald
Per Borten tok kampen i eiga regjering for å innføre offentlegprinsippet i norsk forvaltning i 1967. Nå gjer justisministeren sitt beste for å undergrave det same prinsippet.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Kommentar
vidar@dagogtid.no
Fredag før palmesøndag sende justisminister Emilie Enger Mehl ut eit høyringsdokument som tek sikte på å skalke luker for å hindre innsyn i kva forvaltninga steller med. Hindre journalføring av såkalla «organinterne dokument». Framlegget snur ideen bak offentlegprinsippet på hovudet ved å argumentere for at forvaltninga treng vern mot innsyn.
Det er det motsette av det statsminister Per Borten kjempa for då han i 1967 varsla at han måtte ta dissens i eiga regjering, der han hadde alle mot seg då han ville innføre offentlegprinsippet i norsk forvaltning. Alle statsrådane, også dei frå same partiet, var imot.
«Hemnaksjon»?
Eg har god grunn til å tru at innstrammingsframlegga nå kjem som eit direkte resultat av innsynssaker Dag og Tid har hatt gåande mot Finansdepartementet og mot Justisdepartementet i løpet av det siste dryge året.
Begge sakene har vore til behandling hjå Sivilombodet, og saka mot Finansdepartementet som starta i februar 2022, har vore til behandling i to omgangar og er ennå ikkje avslutta. Den gjeld krav om innsyn i fullstendige dokumentlister i ei bestemt sak. Departementet nekta å gje innsyn, utarbeidde lister då Sivilombodet bad om det, men sette seg bestemt imot å gje Dag og Tid innsyn i listene. (Begge departementa er leia av Sp-politikarar.)
Denne typen innsyn har vore fullstendig opne frå offentleglova kom i 1971 og fram til i dag. Og det er denne typen innsyn Justisdepartementet nå vil sette bom for.
Embetsmannsstaten
Siktemålet nå er å hindre at publikum og presse kan fylgje med på kva saker departementa arbeider med før endelege konklusjonar er trekte. Det handlar ikkje om innsyn i dokumenta som sirkulerer mellom departementa, men å hindre kjennskap til tema det blir arbeidd med. Det betyr at ein skal ha seg fråbedd innspel og debatt om tema frå «uvedkomande».
Departementet er jamvel redd for at interne prosessar kan bli øydelagde dersom slik kunnskap kjem ut, ved at forvaltninga blir redd for å framføre eigne synspunkt under dei interne prosessane. Ja, at ein også går over frå skriftleg til munnleg kommunikasjon.
Det er på eit vis å vende tilbake til embetsmannsstaten der alt var stengt. Og spørsmålet blir: Er «nyordninga» initiert av politikarane eller av embetsverket?
Prosessen
Det første dokumentet i denne nye lovendringssaka er datert 21. desember 2022, medan Sivilombodet hadde begge klagesakene frå Dag og Tid til behandling. Dokumentet er utkast til høyringsnotat om endringar i offentleglova. Det vart publisert i offentleg journal først 11. januar, noko som er i strid med arkivforskrifta.
24. januar vart dokumentet sendt ut til alle departementa. I tur og orden kom det inn svar frå departementa. Justisdepartementet publiserte registrerte svar drygt ei veke etter at svara var daterte og mottekne i departementet. Dette er ein type opplysningar Justisdepartementet vil ha slutt på med lovframlegget sitt.
Ris bak spegelen
Då Odelstinget behandla og vedtok den nye offentleglova, 4. mai 2006, understreka heile justiskomiteen at Stortingets intensjon var å gje meir innsyn. Her er det på sin plass å referere kva Aps hovudtalsmann, Thomas Breen, sa i debatten:
«Jeg vil også nevne at vi i merknadene forutsetter en evaluering av loven i neste stortingsperiode. Vi har også pekt på at denne evalueringen spesielt skal fokusere på organinterne dokumenter, og det må ses i sammenheng med at vi vurderer å endre arkivforskriften, slik at forvaltningen blir pliktig til å journalføre denne typen dokumenter.»
Evalueringa som ein samstemmig justiskomité kravde, og som justisminister Knut Storberget lova, fekk Stortinget aldri. Dagens justisminister har vridd seg unna å svare på kvifor. Men det ho nå gjer, er det motsette av det Stortinget i 2006 gjekk inn for. Er det slikt justisministeren og Sp vil bli hugsa for?
Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.