JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Angsten for trygdebeistet

Blir eigentleg velferdsstaten vår så mykje betre av at vi brukar skattepengane våre til å trakassere sjuke folk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tonje Brenna overtok posten som arbeids- og inkluderingsminister måndag 16. oktober i år.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5617
20231027
5617
20231027

Vår nye arbeidsminister Tonje Brenna har vore klar i sin tale: Det er fleire som jobbar i dette landet, enn som ikkje gjer det. Dei aller fleste av oss står opp om morgonen, går på jobb og betaler skatt. Difor burde vi snakke mindre om nivået på trygdeytingar og meir om korleis vi får folk inn i arbeid.

No er jo Brenna sjølv sjefen for heile dette store systemet. Eg håpar ho vil setje av mykje tid til denne problemstillinga framover. Det har ho god grunn til.

Den uverdig trengande

Det Brenna ikkje seier, men som er sjølve bakteppet for det heile, er dette: Vi lever i ein av verdas mest velståande velferdsstatar. Det er vi mange som er glade for. Samstundes er vi alle litt redde for trygdebeistet, den uverdig trengande. Han, ho eller hen som rett og slett ikkje vil jobbe, unnasluntraren og svindlaren.

Dette beistet kastar ein mørk skugge over heile samfunnsmodellen vår. Over arbeidslinja, over skatteviljen og over velferdsstaten sjølv. Blir det for mange snyltarar, vil det rive velferdsstaten, som vi alle er så glade i, i filler. Difor skal beistet jaktast på, eller iallfall bli trekt inn i arbeidsmarknaden.

Å stå opp om morgonen

I haust har eg hatt kontakt med ein tidlegare sauebonde. Ho la ned drifta for ei tid sidan på grunn av svak økonomi. Så var ho klar for nye utfordringar i arbeidslivet. Men ho vart sjuk. Det som plaga henne, var det ein gjerne kallar samansette problem. Sjukdomen var der. Han forsvann ikkje med piller og kunne heller ikkje fjernast med kirurgiske inngrep. Det fanst ikkje noko standardisert behandlingsforløp. Og det var ikkje lett, verken for henne eller for legen, å svare på når ho ville vere klar til å jobbe.

Absolutt ingen av problema kom av at den sjuke ikkje hadde stått opp om morgonen. Sannsynlegvis var problemet motsett. Ho hadde stått på døgnet rundt i heile sitt vaksne liv og strekt seg ut over eiga tolegrense i lang, lang tid. Min hypotese er at slike ikkje-standardiserte sjukdomsforløp gjer at ein lett blir mistenkt for å vere ein av desse uverdig trengande, trygdebeista.

Hjartebank

Den tidlegare sauebonden fall rett ned i eit av hòla i velferdsstaten. Som tidlegare sjølvstendig næringsdrivande med låg inntekt var det ikkje mykje ho hadde krav på i utgangspunktet. Og ho fekk ingenting heller. Ikkje før ho klaga.

Ho fortel at det som var aller verst, verre enn å gi opp garden familien hennar hadde drive i generasjonar, ja, verre enn sjølve sjukdommen, var kommunikasjonen med Nav. Det var spørsmål som skulle svarast på, skjema, planar og oppfølgingsplanar og pengar som aldri kom på konto. Til slutt fekk ho nesten panikk av å sjå logoen til Nav. Dette er eit menneske i sin beste alder, full av verketrong. Spørsmålet eg håpar Tonje Brenna vil stille seg, denne veka og dei neste, er følgjande: Er det slik vi skal få folk inn i arbeidslivet?

Den store skandalen

Lesarane av Dag Tid har dei siste vekene fått lese om andre sider av jakta på trygdebeistet. Det handlar om rettssaka etter Nav-skandalen, dei uheldige som urettmessig har blitt straffa som om dei var trygdesvindlarar, fordi dei fekk pengar frå Nav medan dei oppheldt seg utanfor landet. Noko vi alle har full anledning til på grunn av EØS-avtalen.

Dag og Tid har fortalt om Marianne Evensen og Rune Halseth, som fekk ei oppreising på 150.000 og 100.000 kroner etter å ha blitt fengsla utan å ha brote norsk lov. Eg håpar Tonje Brenna vil bruke vekene som kjem, til å tenkje over kva saker av dette kaliberet gjer med respekten for systemet.

Tregt og full av feil

Ei offentleg utgreiing frå i år, NOU 2023: 11, med den ironiske tittelen Raskt og riktig, fortel om store systematiske problem internt i Nav. Kortversjonen er slik: Grunnen til at så mange klagar, er at det blir gjort så mange feilvedtak i Nav. Grunnen til at det blir gjort så mange feil, er blant anna svikt i arbeidet med å få opplyst sakene før vedtak blir gjorde.

For å betre situasjonen bør Nav, ifølgje NOU-en, blant anna sørgje for betre opplæring av dei tilsette. Dei treng meir kunnskap om juridisk metode, trygdemedisin og saksbehandlingsreglar. Det å handtere komplekse liv og komplekse sjukdomsforløp er openbert ein kompleks jobb. NOU-en framhevar dessutan at problema i Nav også handlar om tillit. Dei som klagar, har ingen tillit til Nav. Difor klagar dei.

Det gjeld oss alle

Eg er open for at det innanfor denne gruppa av folk som klagar på Nav, sikkert finst både verkeleg sjuke og arbeidsuføre og moglege trygdebeist. Men systemet er jo ikkje til for juksemakarane. Det er til for oss andre. Vi som er friske, går på å jobb og betaler skatt. Sjølv om vi er flittige av natur, kan vi likevel miste jobben, eller få sjukdommar som drar ut i tid.

Og for dei av oss som ikkje har ektefelle som driv lukrativ aksjehandel på si, ikkje har tilgang på etterløn frå Stortinget og slett ikkje har personlege nettverk som kan hjelpe oss inn i godt betalte styreverv, er det Nav som gjeld. Med den saksbehandlingstida og dei kvalitetsavvika i saksbehandlinga som blir omtala i NOU-en Raskt og riktig.

Denne NOU-en framhevar elles også at ineffektiviteten og klagane kostar samfunnet, og oss skattebetalar, pengar, det også. Av respekt for oss som betaler for det heile, og for systemet, håpar eg Tonje Brenna vil bruke tida framover på rydde opp. Sjølv om det sikkert er vanskelegare enn å diskutere kven som bør stå opp til kva tid, på Dagsnytt 18.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis