JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Å velje å ikkje vete

Anniken Huitfeldt har ikkje teke habilitetsreglane alvorleg nok.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utanriksminister Anniken Huitfeldt på pressekonferanse om habilitetsvurderinga hennar etter ektemannens aksjehandel.

Foto: Annika Byrde / NTB

2507
20230901
2507
20230901

Kommentar

vidar@dagogtid.no

Anniken Huitfeldt (Ap) har til liks med statsrådskollegaene hennar, Tonje Brenna (Ap), Anette Trettebergstuen (Ap) og Ola Borten Moe (Sp), greidd å inhabilisere seg sjølv. Men i motsetnad til dei tre sistnemnde var det ikkje eigne handlingar, men tvert om manglande handling som skaffa henne habilitetsproblem.

Huitfeldt valde sjølv medvete å halde seg uvetande om ektemannens aksjetransaksjoner. Ho fortalde onsdag at ektefellane innførte eit «vasstett skott» seg imellom om kva aksjar han handla, for å unngå problem med innsidehandel. Men Huitfeldt har også forklart at «skottet» vart innført for å hindre at ho vart inhabil. I dag vedgår ho at ho skulle ha skaffa seg konkrete opplysningar om kva for aksjar mannen kjøpte og selde. Ho vedgjekk også at ho har forsømt pliktene sine som statsråd.

Konsekvensen av den manglande kunnskapen var at ho vart «uvetande inhabil», som ho sjølv formulerte det, i behandlinga av fleire saker både i eige departement, i regjering og i statsråd. Ektemannen kjøpte og selde aksjar både i våpenprodusenten Kongsberg Gruppen og i fleire fiskeoppdrettsselskap som er børsnoterte. Aksjekursane i desse selskapa er sterkt influerte av politiske vedtak.

Det er vanskeleg å forstå at ein så røynd politikar som Anniken Huitfeldt har valt ein strategi som går ut på å ikkje vete kva ektemannen gjer av aksjetransaksjonar. Berre ved å skaffe seg konkret kunnskap om slike disposisjonar kan ein statsråd sikre seg mot å bli avleia inhabil. At Huitfeldt har gjennomgått reglane i Handbok for politisk leiing om aksjehandel og inhabilitet med ektemannen, er neppe godt nok for å etterleve dei krava ein må stille til ein statsråd.

Når Huitfeldt no seier ho vart overraska over omfanget både når det gjeld verdi og volum på transaksjonar i aksjehandlane ektemannen har drive med, vitnar det om at ho ikkje har teke habilitetsreglane alvorleg nok. Det viste seg å vere rundt 100 transaksjonar etter at ho vart utanriksminister i oktober 2021, medan ho «trudde» det var «eit par» utan å spørje eller vete kva slags aksjar det var snakk om. Og mannen tok ut eit utbyte frå aksjehandelen på 950.000 kroner i løpet av to år utan å nemne noko for kona?

Så lemfeldig kan ikkje ein statsråd opptre.

Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Og mannen tok ut eit utbyte frå aksjehandelen på 950.000 kroner i løpet av to år utan å nemne noko for kona?

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis