JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Å stela frå staten har vore normalen

At Ukraina er ein korrupt stat, er ikkje noko nytt. Spørsmålet er: Kven er korrupte? Og kan ein gjera noko med det?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utover på 1990- og 2000-talet blei heile poenget med å ha politisk makt at ein kunne stela, skriv Halvor Tjønn. Biletet viser statuen av nasjonalhelten Bogdan Khemlnitskij i sentrum av Kyiv og gullkuplane på St.Michael-katedralen.

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

9576
20230908
9576
20230908

For få dagar sidan kom meldinga om at den ukrainske forsvarsministeren, Oleksij Reznikov, går av. Slik saka står no, ser det ikkje ut til at Reznikov har gjort noko gale. Men ministeriet – og ikkje minst sektoren som han leiar – har vore skaka av så mange korrupsjonsskandalar at ministeren fann det best å gå.

Ingen skulle ha vore overraska over at dette skjer. Sjekkar ein med antikorrupsjonsorganisasjonen Transparency International, står Ukraina på 116. plass av verdas land. Denne plassen deler Ukraina med Zambia, og rett bak kjem statar som Kenya, Niger, Laos og Usbekistan. På plassen over Ukraina kjem Angola, El Salvador og Mongolia.

Dette seier det aller meste. Det kunne ha vore sett punktum for denne artikkelen her, hadde det ikkje vore for at Ukraina er eit mykje viktigare land i verda enn Mongolia. Ukraina kjempar for å overleva, og denne kampen har gått saman med kampen mot korrupsjonen. Heilt sidan Ukraina blei sjølvstendig i 1991, blei det snakka på inn- og utpust om at landet ikkje kunne halda fram som ein sjølvstendig stat om ein ikkje gjorde noko med problemet. Dess meir det blei snakka, dess meir stal dei som sat med makta. Utover på 1990- og 2000-talet blei heile poenget med å ha politisk makt at ein kunne stela.

Verdas superrike

For å gjera ei lang og innfløkt historie kort: Litt utpå 1990-talet tok ukrainske namn til å dukka opp på listene over verdas superrike. Dei ukrainske oligarkane hadde ofte éin ting til felles: Dei sat i det ukrainske parlamentet, Verkhovna Rada. Det viktigaste dei dreiv med, var å dela opp den sovjetiske statsformuen. Sjølv i det nokså utarma Ukraina var denne formuen enorm. Dei som sat i parlamentet, fekk god hjelp frå mannen i presidentstolen. Mellom 1994 og 2005 heitte han Leonid Kutsjma. Han, meir enn nokon annan, har fått «æra» for å ha forma oligarksystemet. Kor mykje Kutsjma eig i dag, er uklart. Men svigerson hans, Viktor Pintsjuk, har gjort det rimeleg bra. Rett føre krigen var han god for ein formue på 2,3 milliardar dollar, om ein skal tru avisa Kyiv Post.

Viktor Janukovitsj, som var president frå 2010 og fram til han vart styrta av Majdan-opprøret i 2014, visste også kva pengane var verde. Mens han var president, budde han i Mezjyhirja, rett utanfor byen. Etter omveltinga i 2014 blei Mezjyhirja gjort om til museum. Der kan ein gå ikring og sjå på den luksusen Janukovitsj velta seg i. Mellom anna hadde han eit eige bilmuseum, ein dyrehage og eit stort gartneri. Og sjølve huset er heller ikkje av den mest smålåtne typen.

Formuen til Janukovitsj, der han i dag sit som flyktning i Russland, er sett til berre omlag 100 millionar dollar. Sonen Oleksandr ser ut til å ha vore meir flittig. I dei få åra far hans sat som president, frå 2010 til vinteren 2014, auka formuen hans frå 7 millionar til 510 millionar dollar.

At Ukraina var eit gjennomkorrupt samfunn, visste alle som jobba med landet på 1990-talet, anten dei var journalistar eller diplomatar. Då sjokolademagnaten Petro Porosjenko tok over som president etter den russiske annekteringa av Krym i 2014, lova han å gjera slutt på uvesenet. Utover i presidentperioden hans heldt likevel dei med makt fram med å stela. Då var det at skodespelaren og TV-stjerna Volodymyr Zelenskyj kom fram på den offentlege scena, bokstaveleg talt. TV-serien hans, Sluha naroda (Folkets tenar), tok ukrainarane med storm.

Aldri var det ukrainske samfunnet blitt så grundig hengt ut, korkje av vener eller fiendar, som i denne serien. Morgonen då det viser seg at den ukjende gymnaslæraren Vasilij Goloborodko (rollefiguren til Volodymyr Zelenskyj) er vald til ukrainsk president, blir det glede i familien. Alle vil ha jobb i tollvesenet, og spesielt i tollvesenet i den største ukrainske eksporthamna, Odesa. Det var der pengane var, og det var der ein kunne skaffa seg eit skikkeleg sugerøyr ned i statskassa.

Gjera som på TV

Partiet Folkets tenar hadde ikkje noko eigentleg program før valet i 2019. Volodymyr Zelenskyj sa berre at han skulle gjera det han gjorde i TV-serien av same namn, nemleg å kappa hovudet av korrupsjonen. I åra etterpå, og ikkje minst etter at krigen braut ut i februar i fjor, har det dukka opp fleire skandalar. Mellom anna har sjefane for mobiliseringskontora teke seg godt betalt for å skriva ut attestar som gjer unge menn tenesteudyktige. Så omfattande var korrupsjonen i denne sektoren at alle sjefane i rekruttenesta blei avsette i førre månad. Mange innkjøp som den ukrainske hæren har gjort, har vist seg å vera mykje dyrare eller av dårlegare kvalitet enn det som vart tinga. Fleire skandalar har dessutan handla om at dei militære kjøper inn mat til hæren for prisar som ligg over det ein betalar i vanlege butikkar. Fortenesta har militære sjefar stukke i eigne lommer. Ein del kontraktar om våpenkjøp er underskrivne, og så har leverandøren saman med pengane fordufta til utlandet. Det var summen av alle desse skandalane som til slutt førte til at forsvarsminister Oleksij Reznikov nyleg sa takk for seg.

Den verste skandalen dei siste åra kom i mai i år. Då blei sjølvaste sjefen for den ukrainske høgsteretten, Vsevolod Knjazev, arrestert etter at han hadde motteke 2,7 millionar dollar frå oligarken Konstjantyn Zjevago. Sidan 1998 hadde Zjevago sete i det ukrainske parlamentet, men i 2019 tapte han for ein kandidat frå Zelenskyjs parti. Dei to – Knjazev og Zjevago – hadde avtalt utfallet av ein pågåande prosess der store summar stod på spel. Pengane som Zjevago betalte til Knjazev, blei leverte kontant, i 14 ulike vesker. Mesteparten av desse kontantane blei funne heime hos Knjazev.

Avsløringa av at sjefen for den ukrainske høgsteretten var korrupt, var ikkje noko godt nyhende for korkje ukrainarane eller for partnarlanda i Vesten. Så seint som i månadsskiftet august-september hadde tryggingsrådgjevaren til president Joe Biden, Jake Sullivan, eit møte med toppar i administrasjonen til president Zelenskyj der dei diskuterte korleis ein kunne koma korrupsjonen til livs. Når både ytre venstre og ytre høgre i Nato-landa går inn for at ein skal stoppa hjelpa til Ukraina, er korrupsjonen det fremste argumentet dei har.

No er det ikkje noko som tyder på, så langt det er mogleg å sjå, at noka av den direkte, vestlege hjelpa til Ukraina har hamna på avvegar. Men dei aller fleste som på vestleg side støttar Ukraina, forstår at det vil vera ein torpedo mot alle framtidige hjelpepakker om det berre blir reist mistankar om svindel og korrupsjon. Noreg skal gjennom Nansen-programmet gje 75 milliardar kroner til Ukraina gjennom dei neste fem åra. UD og Norad har dei siste månadene vore i gang med å byggja opp eit stort apparat for å sikra at pengane kjem fram dit dei skal. 75 milliardar er veldig mange pengar. Om kontrollapparatet er godt nok, både på norsk og på ukrainsk side, vil berre tida visa.

Som ein reaksjon på alle skandalane den siste tida har president Zelenskyj teke til orde for at korrupsjon og steling frå fellesskapet i krigstid skal bli sett på som forræderi og straffast på lik line med det. Forslaget er kontroversielt i Ukraina, mellom anna fordi mange frykter at det vil gje tryggingstenesta SBU ei sterkare stilling. Krigen kan på denne måten gjera Ukraina til eit overvakingssamfunn av same typen som Russland, noko som ein kjempar for ikkje å bli. Denne debatten har så vidt teke til og blir interessant å fylgja i tida som kjem.

Kva med presidenten?

Midt oppe i alle avsløringane og skandalane er det sjølvsagt at ein i eit fritt land med ei fri presse – som Ukraina ynskjer å vera – spør korleis det er med sjølvaste toppfiguren i staten. Kan Volodymyr Zelenskyj for eigen del heilt fri seg frå mistankar om korrupsjon? Eller er det kanskje slik at antikorrupsjonsfelttoget hans gjennom mange år berre har vore eit dekke over eigen korrupsjon? Det siste har me sett eit utal av døme på i den tidlegare Sovjetunionen, og det hadde ikkje vore uventa om ein fann eit eller anna om ein grov i fortida til den sitjande presidenten.

Faktum var jo at utan hjelp frå superoligarken Ihor Kolomojskyj hadde neppe Zelenskyj kome til makta i 2019. I tida før presidentvalet hadde Zelenskyj tett kontakt med Kolomojskyj, og mange hevda at den støtta Kolomojskyj gav til Zelenskyj, var ein lekk i eit pågåande oppgjer Kolomojskyj hadde med andre oligarkar. Hopehavet mellom Zelenskyj og Kolomojskyj blei demonstrert ved at serien «Folkets tenar» før valet i 2019 blei send dag etter dag på TV-stasjonen til Kolomojskyj. Om Kolomojskyj føre valet hadde vendt ryggen til Zelenskyj, ville presidenten i Ukraina fortsett ha vore Petro Porosjenko, kan ein nok ganske sikkert seia.

Det er ingen tvil om at det var eit nært samband mellom Kolomojskyj og Zelenskyj i og før 2019. Heile historia om hopehavet mellom dei to er enno ikkje skriven. Men på eitt tidspunkt må Zelenskyj ha bestemt seg for å bryta med han. I fjor sommar, fire månader etter den russiske invasjonen, blei Kolomojskyj fråteken det ukrainske statsborgarskapet. Grunnen var at han hadde to andre statsborgarskap, israelsk og kypriotisk, noko som er forbode etter ukrainsk lov.

For få dagar sidan blei Kolomojskyj sett i varetekt i Ukraina, mistenkt for å ha kvitvaska ein sum som svarar til om lag 140 millionar kroner. I motsetnad til mange andre ukrainske oligarkar dei siste 30 åra, ser det ikkje ut til at Kolomojskyj har fått betalt for tenestene sine. Det gjev håp.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis