🎧 Svalbard er norsk Michelet-land
Nato-servile brønnpissarar fører vidare kald krig og antirussisk ishavsimperialisme.
Statsminister Erna Solberg speidar etter kvalross frå brua på «Polarsyssel» i farvatnet utanfor Spitsbergen. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad følgjer med.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
hompland@online.no
ORIONS BELTE av Jon Michelet blei ein forrykande actionfilm og fekk mange Michelin-stjerner. I partiorganet Klassekampen 8. desember 1977 blei romanen kommissarisk godkjend av signaturen «L» som ein litterær versjon av AKP (m-l)s korrekte analyse av det aggressive og sosialimperialistiske Sovjet og deira kapitalistiske allierte, nyttige idiotar som Odvar Nordli og Jens Evensen, pluss SV og NKP, som dei kalla sosialfascistiske medlauparar og quislingar.
Svalbard stod sentralt i utsiktene til ein snarleg tredje verdskrig. Det var der det ville ta til, slik Jon Michelet såg det, der han sat på Oslo Bryggeriarbeideres Feriehjem Drolsum og skreiv om sjøslaget mellom den rustne frakteskuta «Sandy Hook» og den sovjetiske krigsmakta. Då han heldt 17. mai-tale, hoppa han over Nordkapp og snakka om å forsvara landet «Fra Lindesnes til Sjuøyane». Partiparolen var: «Kamp mot sosialimperialismen! Svalbard er norsk land!»
Slaget ved på Kvitøya enda elles med norsk siger, for dopa russarar smurde seg bort då som Bolsjunov nå.
KRIGSSIGLAREN Jon Michelet er ikkje lenger i levande kampmodus. Som dårlege erstatningar har me fått den militære etterretningssjefen, generalløytnant Morten Haga Lunde, og Høgres forsvarspolitiske talsmann Hårek Elvenes – han som vil gje Nobels fredspris til Nato, som han ser som ei fredsbevarande utdjuping av FN-pakta. Akkompagnert av Trumps pengeinnkrevjar og Nato-generalane sin sekretær, Jens Stoltenberg. Dei er spydspissar i å dra opp skremmebildet av aukande russisk fare – i notar, på bakken, til havs og i cyber. For tida er Svalbard episenter i propagandakrigen.
ISHAVSIMPERIALISME var ein norsk raptus i spora etter Roald Amundsen og kvalfangsten. Ved fredsoppgjeret etter første verdskrigen klarte ikkje det nøytrale Noreg å få hand om tyske koloniar, men diplomat og privatpraktiserande baron Wedel Jarlsberg sikra formell suverenitet over Svalbard, som hadde vore ingenmannsland. Motytinga var at borgarar frå alle land som skreiv under traktaten, skulle ha same rett til å bu og driva næringsverksemd der. Det revolusjonære Sovjet-Russland, som hadde lange tradisjonar og klare interesser på Svalbard, var ikkje med på den handelen.
Etter Svalbard annekterte Noreg i 1930-åra folketomme steinklipper i Sørishavet og ein bit av Antarktis. Peter I Øy var oppdaga av russaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen i 1821. Han kalla henne opp etter tsar Peter den store, men ingen klarte å koma i land der før den andre Norvegia-ekspedisjonen i 1929. Så tok me Dronning Maud Land etter at forretningsmannen Lars Christensen hadde utrusta fleire ekspedisjonar for å driva kartlegging av iskanten og fanga blåkval.
Høgdepunktet var okkupasjonen på Aust-Grønland, der Helge Ingstad blei gjort til sysselmann over Eirik Raudes land. Den saka tapte Noreg så det suste for Danmark i domstolen i Haag i 1933. Sidan har norsk ishavsimperialisme vore meir forsiktig og lågintensiv.
LANDKUNNE, heitte geografiboka Spaltisten hadde på folkeskulen. Der var Noregs landareal rekna på to måtar: totalareal og arealet av «hovudlandet». Jan Mayen og Svalbard med Bjørnøya høyrde til Kongeriket, men med særstatus. I tillegg kom Bouvetøya og andre «biland» i sør som er under norsk statssuverenitet, utan å vera ein del av Riket.
Slik er det framleis offisielt, dokumenterer Byråsjefen, men sju kommunar i Nord-Troms og Finnmark har også fått særstatus som tiltakssone med lågare skattar og avgifter for privatpersonar og bedrifter. Den sære statusen for Svalbard er langt meir omfattande med omsyn til skattar og avgifter og ymist anna. Sjølv om Svalbard er ein del av Kongeriket, ligg det utanfor Schengen; derfor er det passkontroll på flyruter mellom Svalbard og fastlandet.
DEN ANDRE SIDA av saka er at norske styresmakter har utvida handhevinga av suvereniteten og tatt større kontroll på Svalbard, også over russiske aktivitetar. Dei har med monaleg suksess prøvd å omskapa ein kompaniby (Store Norske Spitsbergen Kullkompani) til eit ordinært norsk lokalsamfunn. Det har skjedd på omdiskutert rettsleg grunnlag etter prinsippet facts on the ground, og særleg i havet rundt.
Der manøvrerer Noreg på usikker is, for ingen av signatarmaktene stør dei mest vidtgåande norske tolkingane av Svalbardtraktaten. Ikkje Russland, sjølvsagt, men heller ikkje allierte som EU, Storbritannia og Island, som gjerne vil fanga snøkrabbar og har ført torskekrigar i dei farvatna før.
NÅR SPALTISTEN skriv tvisynt om den russiske bjørnen på Svalbard og andre stader, og tar Byråsjefen med på galeien, må me sjølvsagt rekna med at e-sjef Lunde og forsvarspolitisk talsmann Elvenes har diagnosen klar: offer for russisk trolling, påverknadsagentar og undergravande propaganda.
Slik stempla Elvenes Framstegspartiets utanrikspolitikar Tybring-Gjedde då han kom med alternative og realpolitiske refleksjonar om den russiske annekteringa av Krim med flåtebasen i Sevastopol. Og slik forklarte e-sjef Lunde at Rune Rafaelsen og andre røyster i Aust-Finnmark kritiserer norske styresmakter og taler om tillit, godt naboskap, lågspenning på grensa og folk-til-folk-samarbeid: Russland har lykkast i å så mistillit til norske og allierte militære autoritetar og skapt dårleg klima og mistru mellom nord og sør og sentrum og periferi i Kongeriket.
Det var på folk som Elvenes og Lunde diktaren Sigbjørn Hølmebakk frå Feda sette den velplasserte merkelappen «brønnpissar».
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Noreg er på tynn is i tolkinga
av fiskevern og folkerett.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?