Kollektiv skallebank
Den første medisinen som er laga for å førebyggje migrene, vart godkjend førre veke.
Talet på migreneramma aukar i takt med at vi vert meir stressa og skjermavhengige.
Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix
Eg er på veg til butikken og kjenner nesten ikkje att veninna mi då vi går forbi kvarandre.
Ho har drege hettegenseren så langt ned i auga det lèt seg gjere, og har svarte solbriller på seg. Ho ser ut som ho er massivt fyllesjuk og prøver å skjule det. Ho bit saman tennene og går seint mot apoteket på gatehjørnet.
– Går det bra, spør eg, litt for høgt.
Ho krympar seg.
– Eg er tom for migrenemedisin, seier ho.
Eg kjenner bekymringsrynka mellom auga mine djupnar. Veninna er bleik, pustar tungt, og solbrillene er trykte godt inn under hetta. Ho har funne ut at ho er tom på akkurat på feil tidspunkt, og må trasse intens hovudpine for å hente ut reseptmedisinen. Paracet er nyttelaust no.
Fram til no har det ikkje eksistert førebyggjande medisinar for migrene. Medisinane dei migreneutsette har vore nøydde til å ta, er eigentleg laga for blodtrykksproblem og epilepsi, sa nevrolog Julie Sønnervik til Nettavisen tidlegare denne månaden. No har USA fått godkjent den første førebyggjande migrenespesifikke medisinen. Dei som tek han, kan få halvert talet på anfall, og 10 prosent vert heilt kurerte, ifølgje forskingsstudien. Problemet er berre at studien er sponsa av produsenten sjølv. Og studiar som er sponsa av legemiddelindustrien, får oftare positive resultat for medisinen dei testar, enn dei som ikkje har ei slik økonomisk binding, ifølgje forskning.no i fjor.
Eg ser meg sjølv i solbrilleglasa til veninna. Kven er det eigentleg som tener på denne hovudverken? For nett å få sett søkjelyset på hovudpine er ein skallebank i seg sjølv. Sønnervik meiner at nevrologane slit med å få styresmaktene til å prioritere hovudverksjukdommar fordi hovudverk ikkje fører til tap av leveår. Den nye medisinen vil koste 70.000 kroner per person i året, og i Noreg lid om lag 500.000 menneske av migrene. Dei som treng medisinen, må truleg betale han sjølv. Då hjelper det ikkje at NRK tidlegare i år melde at rekordmange unge nyttar migreneanfallsmedisin. For talet på migreneramma aukar i takt med at vi vert meir stressa og skjermavhengige. Den vanlege anfallsmedisinen som veninna mi no er på veg for å hente ut, kan sjølv gje kronisk hovudpine dersom ein nyttar han for ofte.
Då er spørsmålet kva ein skal ta seg råd til, når stadig fleire vert avhengige av den alt eksisterande migrenemedisinen på blå resept, får meir hovudpine av han og tek endå meir medisin.
– Har du vatn så du får teke tabletten straks du får han, spør eg veninna.
Ho har ikkje vore på arbeid i dag, og resten av dagen går med til å kome seg etter migreneanfallet. Eit slikt anfall kan vare i tre døgn. Sjølv om ein då ikkje taper leveår, taper ein vesentleg med arbeidstid.
Ho lyfter opp ei flaske frå veska, strekkjer armen i vêret i ei skål, nikkar og sniglar seg vidare.
Mone Celin Skrede
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kven er det eigentleg som tener på denne hovudverken?
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.