Kollapsen i QuebecIngen tidlegare toppmøte har vore så katastrofale som sist helg.Trass i det seremonielle og høgtidelege preget er dei fleste multilaterale toppmøte keisame og lite viktige. Ein gong snakka eg med ein tilsett i utanriksdepartementet som v
Ingen tidlegare toppmøte har vore så katastrofale som G7-møtet sist helg.
Angela Merkel i samtale med Donald Trump på G7-møtet i Quebec i Canada i helga.
Foto: Jesco Denzel / Bundesregierung / dpa / NTB scanpix
Trass i det seremonielle og høgtidelege preget er dei fleste multilaterale toppmøte keisame og lite viktige. Ein gong snakka eg med ein tilsett i utanriksdepartementet som var med på å arrangere desse møta. Han skildra oppgåva si som å «overvake nyansane», noko som gjev eit hint om kor mykje som normalt står på spel.
Men iblant har slike møte verkelege konsekvensar, gode eller dårlege. G20-møtet i 2009, der statane vart samde om å gje økonomisk stimulans og lån til land som var i store vanskar på grunn av finanskrisa, spela i det minste ei viss rolle for å hindre at verda skulle gå gjennom ein full repetisjon av 1930-åra. Toppmøtet i 2010 vart derimot ei godkjenning av innstrammingspolitikken som forseinka den økonomiske tilfriskninga, og kanskje bidrog til å setje scena for framveksten av politisk ekstremisme.
Likevel har ingen av dei tidlegare toppmøta vore så katastrofale som G7-møtet sist helg. Det kan varsle byrjinga på ein handelskrig, og kanskje tilmed ein kollaps for den vestlege alliansen. I det minste kjem møtet til å skade omdømet til USA som ein påliteleg alliert i fleire tiår, sjølv om Trump til slutt forlèt scena i skam, vil ingen gløyme at ein slik mann faktisk kunne kome til makta i landet.
Kva skjedde i Quebec? Eg har sett overskrifter som hevdar at Trump inntok ein konfronterande «USA først»-posisjon og kravde store innrømmingar frå våre allierte, noko som ville vore ille i seg sjølv. Men røyndomen var mykje verre.
Trump sette ikkje USA først; «Russland først» ville vore ei betre skildring. Og han kravde ikkje drastiske endringar av politikken til våre allierte, han kravde at dei slutta å gjere galne ting som dei ikkje gjer. Dette var ikkje eit barskt standpunkt for å forsvare interessene til USA, det var ei framvising av vankunne og politisk galskap.
Trump byrja med å ta til orde for å sleppe inn Russland i gruppa att, noko som ikkje gjev meining i det heile. Sanninga er at Russland, med eit BNP som er på storleik med det spanske og ein god del mindre enn Brasils, aldri var kvalifisert til å vere med i det som skulle vere ei gruppe for verkeleg store økonomiar. Russland fekk innpass av strategiske grunnar og vart sparka ut etter invasjonen av Ukraina. Det er ingen gode grunnar for å sleppe Russland inn att, anna enn det eventuelle taket som Putin kan ha på Trump personleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.