Sideblikk
Kø er kollektiv likehandsaming
Å observera er god tidtrøyte. Men venting som kunstform er komen i forfall i nettets tid.
Ein skal vera tolmodig om ein treng nytt pass for tida.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Eg er dårleg til å venta. Derfor prøver eg alltid å koma fem minuttar for seint til avtalar. Om eg kjem før tida, blir eg uroleg – lenge før eg har venta så lenge som andre normalt må venta på meg. Går klokka feil? Har eg tatt feil av dag eller tid? Eg tar det som eit teikn på at me B-menneske er skrudde saman på ein særeigen måte.
MEN DENNE GONGEN var eg tidleg ute, for eg hadde ein avtale med sjølvaste Politiet for å få fornya passet. I fleire SMS-ar hadde dei mint meg på at avtalen var klokka 13.00, og at eg ville mista plassen dersom eg ikkje var presis. Den siste SMS-en kom 12.50, så eg skjønte at det var nødvendig å vera på rett tid til denne viktige, faste og bekrefta avtalen.
For gyldig pass må ein ha. Det nyttar ikkje lenger som i den klassiske Braathen-reklamen der ein godt vaksen og rimeleg påsegla mann går forbi passkøen på Fornebu med den vesle, raude boka høgt heva og ropar «norsk».
I DEN LANGE KØEN ved kølappmaskinen var det mykje heft, men etter fleire forsøk med diverse identifiseringar, fekk eg ut ein lapp med A892. Då eg såg med rundt i det fullstappa lokalet der folk sat på golvet, vagla seg i trappene og hang langs veggane, var eg glad for å ha ein fastspikra og politibekrefta avtale.
Men lykka var kortvarig, for ved skranken sat det ei sur politidame og informerte om at dei var to timar forseinka, så det var berre å venta og passa på. Eg var i det minste så heldig at eg fann plass på ein benk med utsikt til lystavla der kønummera flimra over skjermen.
EG INNSTILTE MEG på å venta, men ettersom eg hadde hatt full tillit til avtalen klokka 13, hadde eg ikkje budd meg med førebyggande dotur, nistepakke og drikke, avis eller bok. Mobilen var heller ikkje godt nok lada, så den tok eg ikkje sjansen på å bruka i utrengsmål, for det kunne jo koma endå ein SMS frå Politiet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.