Lita skrift

Knips

Publisert

Det var avslutning for vidaregåande og høgtidsam utdeling av vitnemål etter tre års strev, eller, om ein vil, eitt år med skule og to år med «skule». Avgangselevane, stasa opp i dress, kjole og bunad, blei i tur og orden kalla fram. Det tok si tid, for 2003 var eitt av åra då foreldre belasta arvingane med uhorveleg mange mellom- og etternamn.

På scenen blei klasse for klasse stilte opp i tre rekkjer i påvente av fotografering. Alfabetisk, og ikkje etter til dømes høgd.

Fotosesjonen arta seg med det slik regelen er no: Foreldra blei kalla fram med kvar sin vesle mobiltelefon, med eller utan (ein vits av ein) blits, og der stod dei under scenekanten og freista få blikkontakt med avkomet i den rekkja som stod løynd i skuggen bak dei to fyrste.

At 140 elevar (med eit halvt tusen namn på deling) måtte venta ei lita æve på at eit tilsvarande tal foreldre skulle reisa seg, flytta seg, samla seg, knipsa frå seg og finna plassane sine att, gjorde noko med høgtida. Sjeldan har så mange teke fleire og dårlegare bilete med ringare utstyr og mindre kunnskap og omtanke. Kor slike trasige fotografi hopar seg opp, må gudane vita – berre eg slepp.

Kvifor ikkje la ein gamaldags fotograf – med kamera, stativ og lysmålar – ta bilete av klassane? Til beste for alle dei som var direkte involverte denne kvelden, og indirekte til beste for alle dei som sidan må sjå bileta.

Det kunne vore verre. I regelen er det det, for oss, i det minste, som har elev på musikklina. Eg sit med gigabyte på gigabyte med mobiltelefon-konsertopptak, i mangel av noko betre, som eg når mobilen er full, overfører til ei datamaskin som stundom må skiftast ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement