Knappen til Trump viservegen ut av terrorismenBiletet av presidenten i Riyadh gjev bod om eit strategisk kupp.

Biletet av Donald Trump i Riyadh gjev bod om eit strategisk kupp.

President Donald Trump la handa på ein lysande klode, saman med mellom andre den saudiske kongen, då han besøkte senteret som skal kjempe mot ekstremistisk ideologi i Riyadh i Saudi-Arabia 21. mai.
President Donald Trump la handa på ein lysande klode, saman med mellom andre den saudiske kongen, då han besøkte senteret som skal kjempe mot ekstremistisk ideologi i Riyadh i Saudi-Arabia 21. mai.
Publisert

Problemet vi står overfor, er ikkje komplisert. Ei rørsle som tolkar religiøse tekstar på det mest bokstavlege viset, spreier seg over heile verda. Denne rørsla oppmuntrar unge menn og kvinner til å tru at vald mot vantru ikkje berre er legitimt, men prisverdig. Den moralske koden er så forkvakla at han prisar som «soldat» ein mann som spenner fast ei bombe til sin eigen kropp og utløyser henne i ein konsertsal der han drep 22 forsvarslause menneske, blant dei ei åtte år gamal jente.

Kvart år drep denne rørsla mange tusen menneske. I 2015 var fire grupper ansvarlege for tre fjerdedelar av over 29.000 drepne av terrorisme: IS, Boko Haram, Taliban og Al Qaida. Det desse gruppene har til felles, er at dei rettferdiggjer handlingane sine med eksplisitt å vise til Koranen og hadith-tekstane, skriftene som fortel om kva Muhammed sa og gjorde. Vald i namnet til ein religion er ikkje noko historisk eineståande for islam, sjølvsagt, men det har ikkje vore noko slikt i den kristne verda sidan det 17. hundreåret.

Det er sant at det er land med muslimsk majoritet som lid mest under denne rørsla. Men Vesten er under åtak i aukande grad. Det var 64 åtak knytte til IS i vestlege land i 2015, medrekna massakren i Paris i november (130 drepne). Det er berre aktsemda til tryggingstenestene som har hindra at ikkje mange fleire er blitt drepne. I 2014 var det fleire arrestasjonar knytte til terrorisme i Storbritannia enn noko anna år sidan 2000. Ein britisk bombemann måtte komme, før eller seinare. Storbritannia er ikkje ulikt Frankrike.

Mønsteret er no så velkjent at ein les meldingane – «Dette veit vi om bombemannen» – med ei kvalmande kjensle av déjà vu. Salman Abedi var enda ein heimeavla vestleg terrorist: fødd i Manchester, son til to libyarar som fekk asyl i Storbritannia fordi dei var motstandarar av regimet til oberst Muammar Gaddafi.

På den tida var far til Abedi, Ramadan, medlem av Libyan Islamic Fighting Group. Etter at Gaddafi var styrta, drog han attende til Libya, der han vart tilhengjar av Jabhat al-Nusra, avleggjaren av Al Qaida i Syria. «Min bodskap til verda,» erklærte han i førre veke, før han var arrestert, «er [at] det finst skjulte krefter som ønskjer å sverte biletet av muslimar som lever i Vesten». Han sa òg: «Vi trur ikkje på å drepe uskuldige. Det er ikkje oss.»

Men kven er det Ramadan trur på å drepe? Det er «dei vantru», ifølgje Facebook-sida hans, som synte eit bilete av Abedis yngre bror med eit stort gevær i handa, og med biletteksten: «Løva Hashem... trenar.» Ingen skjulte krefter der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement