JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Knakk lesekoden i racerfart»

Jong skole i Bærum fekk innovasjonspris frå staten for Ipad-satsinga si. Resultata i lesing på nasjonale prøver har blitt markert dårlegare i åra etterpå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Resultat frå nasjonale prøver i lesing ved Jong skole i Bærum frå 2015 til 2019.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

7870
20191220
7870
20191220

Skule

peranders@dagogtid.no

Det var jubel på Jong skole i Bærum 3. desember 2016 da rektor Frode Sømme og skulen fekk overrekt Innovasjonsprisen frå det statlege Senter for IKT i utdanninga. Skulen vart prislønt for å ha innført Ipad for alle elevar frå første til sjuande trinn. Teknologien gjekk «hånd-i-hånd med en ny pedagogisk tankegang», noko som hadde gjeve «dokumenterte resultater i lese- og skriveopplæringen», heitte det.

«Jeg ønsker dere lykke til videre med det innovative og spennende læringsarbeidet dere har satt i gang», sa daverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i samband med prisutdelinga.

Racerfart

Jong skole skaffa Ipad til elevane hausten 2014, og norskundervisninga for dei minste vart basert på prinsippet om å «skrive seg til lesing». Det vart slutt på handskrifta, og det vart ikkje lenger kjøpt inn bøker eller skrivepapir. Suksessen var umiddelbar, ifølgje Sømme. «Førsteklassingene knakk lesekoden i racerfart i år», sa han til Budstikka i 2015. Like bra gjekk det året etter: «Elevene knekker lesekoden i løpet av et par måneder. De både leser raskere og produserer mye mere tekst enn hva vi har sett tidligere med tradisjonell undervisning», sa han til Østlands-Posten i 2016.

I 2017 sa rektoren òg at Ipaden jamna ut skilnader mellom elevane ved ein skule der nesten 25 prosent av elevane hadde framandspråkleg bakgrunn. «Vi har elever som bor i millionboliger. Og vi har foreldre som kommer hit som flyktninger og er analfabeter. Nettbrettet utjevner sosiale forskjeller», sa Sømme til VG.

Men korleis har det gått med lesinga ved Jong skole sidan Ipad-revolusjonen – om vi ser på tørre tal?

Fall

Nasjonale prøver er ein grov målereiskap, men det er den beste målestokken vi har for nivået til elevane ved norske skular. Kvar haust blir barn på femte trinn testa i lesing, rekning og engelsk. Og sidan hausten 2015 har Jong skole fått markert svakare resultat i lesing. I 2015 var 56,5 prosent av elevane på meistringsnivå tre, som er det høgaste nivået. 13 prosent var på nivå éin, som er det lågaste. Dette var eit svært godt resultat i landsmålestokk.

Men dei fire neste åra vart resultata langt dårlegare. Hausten i år var den svakaste så langt. Da var berre 15,2 prosent av dei testa elevane på høgaste nivå i lesing – under ein tredjedel av resultatet i 2015. 29 prosent var på lågaste nivå.

Jong skole har før gjort det svært godt på nasjonale prøver, og resultata har ofte vore over gjennomsnittet i Bærum, ein kommune i noregstoppen på prøvene. Men resultatet ved Jong skole i 2019 var under det nasjonale gjennomsnittet i lesing. Skulen publiserer ikkje lenger dei årlege resultata frå nasjonale prøver på nettsida si.

Førebilete

Her skal vi ta fleire atterhald: Nasjonale prøver fangar slett ikkje opp alle sider av læringa ved ein skule. Og særleg ved små skular kan resultata svinge mykje frå år til år: Tilfeldige endringar i elevgrunnlaget frå eitt kull til det neste kan gje ganske store utslag på resultata. Jong har i dag 396 elevar.

Likevel er det grunn til å sjå nærare på tala. Ein grunn er at rektor Frode Sømme fortalde at elevane fekk stor framgang i lesing etter overgangen til Ipad. Når resultata på dei nasjonale prøvene har utvikla seg klart negativt i åra etter at nettbretta kom, verkar dette paradoksalt. Dei to siste kulla med femteklassingar ved skulen er dei første som har hatt all lese- og skrivetreninga si på Ipad.

I tillegg har Jong skole vore eit viktig førebilete. Omlegginga i 2014 vart starten på ei nettbrettbølgje i Bærum. I dag har alle dei offentlege skulane i kommunen delt ut Ipadar til elevane. Og Jong har òg inspirert andre norske kommunar som lurer på korleis dei skal digitalisere skulane sine. «Hver uke kommer delegasjonene spaserende inn gjennom skoleporten, i så stort antall at Sømme har måttet begynne å innføre egne besøksdager», skreiv Klassekampen i 2017. Rektorar og politikarar frå andre landsdelar har fortalt at besøk ved Jong skole var inspirasjon for deira eigne Ipad-satsingar.

Difor har det interesse å sjå på korleis læringsresultata har vore ved Jong sidan Ipad erstatta papir i 2014. Men utviklinga der kan ha mange andre årsaker enn nettbretta. Dag og Tid kontakta rektor Sømme for å høyre kva han sjølv meinte.

Undring

Det er fleire årsaker til resultatet for femte trinn i år, fortel Frode Sømme på telefon.

– Ei årsak er ei veldig stor tilstrøyming av framandspråklege på dette trinnet. Og det er òg veldig mange som har spesialundervisning, og som i utgangspunktet slit med lesinga. Men kartleggingsprøvene på til dømes andre trinn ved Jong skole i dag er heilt på toppnivå i Bærum kommune.

– Kor stor er delen elevar med framandspråkleg bakgrunn på det femte trinnet?

– Eg vil anslå at delen framandspråklege og elevar med spesielle tiltak er oppe i kring 30 prosent. Vi har lenge vore klare over at på dette trinnet kjem ikkje resultata så høgt som vi skulle ønskje.

– Om Jong skole har kring 25 prosent elevar med framandspråkleg bakgrunn, er det ikkje så spesielt med ein slik prosentdel på femte trinn?

­– Det i seg sjølv er ikkje heile forklaringa på litt svakare resultat på trinnet. Også lærarane må sjå på praksisen sin og stimulere til meir lesing og betre leseforståing.

– Men dette gjeld fleire trinn. Nedgangen i nasjonale prøver kom alt for tre år sidan?

– Talet på elevar på meistringsnivå tre varierer frå år til år. Nokre årsaker til dette er kjende, andre er ting vi som skule òg undrar oss over.

– «Nettbrettet utjevner sosiale forskjeller», sa du til VG i 2017. Er dette erfaringa di i dag?

– Ja, det er heilt klart at Ipad utjamnar sosiale skilnader, og at alle barn har tilnærma like sjansar, sjølv om familie, utdanning og nasjonalitet spelar ei rolle for ein del elevar.

– Du har sagt at elevane lærer å lese mykje raskare med nettbretta. Korleis går det saman med resultata på dei nasjonale prøvene?

– Vi ser at barna lærer å lese og skrive mykje raskare med nettbrett enn dei gjorde før. Men det handlar om fleire ting. Barn les kanskje ikkje så mykje som før på fritida. Dei les færre bøker. Vi prøver å stimulere til meir lesing, og vi har bibliotek på skulen.

– Vil du utelukke at utviklinga har med overgangen til Ipad å gjere?

– Ja, det er heilt utelukka. På dei andre trinna har vi gode resultat. Så vi klarer ikkje sjå nokon samanheng der. Snarare tvert imot: Vi ser at elevane er blitt flinkare lesarar fordi vi bruker nettbrett. Men ein må lese på meir enn berre nettbrett for å bli ein god lesar, seier Frode Sømme.

Tydeleg strategi

I 2017 var det Teglverket skole i Oslo som fekk Innovasjonsprisen frå Senter for IKT i utdanninga, «for sin tydelige strategi for digital kompetanse». Også Teglverket hadde gjeve Ipad til alle elevane. Dette er ein ny skule, og det finst berre data for nasjonale prøver attende til 2016. Det året gjorde skulen det særs godt i lesing, med 68 prosent av elevane på høgaste nivå og berre 5 prosent på lågaste. I haust var 26 prosent av elevane på høgaste nivå og 21 prosent på lågaste.

Dette treng slett ikkje å ha med nettbrett å gjere: Teglverket har hatt store endringar i elevmassen i desse åra. Men Dag og Tid ønskte likevel å ta opp temaet med skulen. Elisabeth Palmgren, som tok imot Innovasjonsprisen, er ikkje lenger rektor ved Teglverket: Ho har byrja å jobbe i IT-selskapet Atea. Dag og Tid ringde til dagens rektor Irene Langeid og spurde kva ho tenkte om utviklinga til Teglverket på nasjonale prøver, men utan hell.

– Dette vil eg ikkje kommentere, svarte Langeid.

Dag og Tid har kontakta Utdanningsdirektoratet for å finne ut kor mange norske skular som brukar nettbrett til all leseopplæring i første trinnet. Dette finst det ingen oversikt over.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis