Klimakamp med nye middel

Rørsla Extinction Rebellion vil ty til sivil ulydnad i klimasaka. – Vi er i ein farleg situasjon, seier medlem Inger Østenstad.

Klimaaktivistar frå Extinction Rebellion protesterte utanfor Downing Street i London førre veke. Rørsla har varsla komande aksjonar i Noreg.
Klimaaktivistar frå Extinction Rebellion protesterte utanfor Downing Street i London førre veke. Rørsla har varsla komande aksjonar i Noreg.

I dag er det varsla skulestreikar for klimaet i Bergen, Stavanger og Mandal. Neste fredag skjer det same i Oslo, Hamar, Svolvær, Haugesund, Trondheim og Arendal. Elevane er ikkje åleine om å protestere mot politikarane si handtering av klimaendringane.

I desember vart det stifta ei norsk gruppering av Extinction Rebellion, ei internasjonal rørsle som tek til orde for sivil ulydnad som verkemiddel i klimasaka.

Inger Østenstad, som er fyrsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, er medlem.

– Kva føremål har Extinction Rebellion?

– Vi er eit ikkjevaldeleg globalt opprør for å få styresmaktene til å erkjenne at vi står midt i ei økologisk krise av eksistensielle dimensjonar. Dei må formidle den alvorlege sanninga til befolkninga og setje i verk tilstrekkelege tiltak for å unngå at situasjonen vert katastrofal.

– Kva er tilstrekkelege tiltak?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement