Klimaet endrar spelereglane
Den våte framtida har blitt notid. Noreg må bu seg på ras
og flaum på stader som før var rekna som trygge.
Flaum førte til eit jordras tett på husa i eit bustadfelt på Vassenden i Jølster 30. juli. Ekstreme nedbørshendingar har blitt vanlegare i Noreg dei siste åra.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
Flaum førte til eit jordras tett på husa i eit bustadfelt på Vassenden i Jølster 30. juli. Ekstreme nedbørshendingar har blitt vanlegare i Noreg dei siste åra.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
Klima
peranders@dagogtid.no
Også denne sommaren har ekstremvêr laga nyhende i Noreg, og Jølster vart hardast råka. 30. juli vart ein bilist teken av eit jordskred ved Årnes, E39 vart vaska vekk fleire stader, og på Vassenden skar flaumen rett gjennom eit bustadfelt, heldigvis utan å ta med seg hus. I Oslo førte styrtregnet natt til søndag til stengde gater og oversvømde kjellarar, da det kom nær 30 millimeter nedbør på ein time. Båe delar kan ein sjå på som einskildepisodar, og Noreg har alltid vore eit land med mykje vêr. Men slike episodar kjem tettare enn før, og verre skal det bli. Kor godt budd er det norske samfunnet på eit våtare klima med meir ekstremnedbør?
– Går for seint
Biletet er blanda, meiner klimaforskar Eystein Jansen, professor ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.
– Noreg er generelt betre rusta enn dei fleste land for å handtere klimaendringane. Vi har store økonomiske ressursar og mykje kompetanse. Men også Noreg har utfordringar, og eg meiner at det har gått for sakte med rassikring og sikring av infrastruktur, særleg av vegar, jernbane og avløp i byane, seier Jansen.
– Eg trur mange har tenkt at desse problema er noko som kjem på sikt, men at vi kan vente litt med tiltaka. Men slik er det ikkje. Vi har kjent til desse utfordringane ganske lenge, og vi ser alt resultata av eit endra klima.
Jansen peikar på at alle framskrivingane frå Klimapanelet har varsla at klimaendringane vil medføre nedbør i Nord-Europa.
– Men dei siste åra har vi blitt meir merksame på auken i episodar med ekstremnedbør. Og denne nedbøren kan føre til flaum og ras på uventa stader. Det som skjedde i Jølster i sommar, er eit godt døme.
Meir regn
Kor mykje har eigentleg nedbøren auka i Noreg? Svaret på det har ikkje to strekar under, for nedbør varierer mykje frå stad til stad, og talet på målestasjonar er avgrensa, særleg om vi går langt attende i tid. Men historiske data frå Meteorologisk institutt tyder på at årsnedbøren i Noreg har auka med omtrent 20 prosent dei siste hundre åra.
Vel så viktig er auken i talet på episodar med ekstrem nedbør, for det er desse som verkeleg kan gjere skade. Her er datamaterialet enda meir usikkert, sidan styrtregn ofte er så geografisk avgrensa. Men auken i talet på ekstreme nedbørsepisodar i Noreg dei siste 100 åra er truleg kring 30 prosent, ifølge ein studie utført av Asgeir Sorteberg, professor i meteorologi ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret. Den viktigaste forklaringa er enkelt sagt at varm luft kan frakte meir fukt med seg enn kald luft kan. Og når atmosfæren over Noreg blir varmare, fører dagens lågtrykk til meir nedbør enn tilsvarande lågtrykk gjorde for nokre tiår sidan.
Denne utviklinga er venta å halde fram. I stortingsmeldinga Klimatilpasning i Norge frå 2013 står dette om det forskarane ventar seg utover dette hundreåret: «Framskrivningene tilsier at det blir mer intens nedbør som igjen kan øke faren for enkelte typer flom og skred.»
Kunnskapen tilseier altså at vi har mykje sikringsarbeid å gjere. Men i dei brattaste fylka i Noreg meiner mange at det ikkje går fort nok. Og etter rasa i Jølster i sommar tok det seg ikkje så bra ut at regjeringa i vår reduserte løyvingane til skredsikring av riksvegar med 180 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.
Skippertak
– Vi må ta eit skikkeleg skippertak for å sikre dei mest rasutsette vegstrekningane i Noreg, seier Åshild Kjelsnes. Ho er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane og leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, ein samanslutnad av representantar frå ni av dei gamle norske fylka. Gruppa har eit klart mål: ei løyving på kring 50 milliardar for å sikre norske riks- og fylkesvegar med høg og middels skredfare. Kravet deira er å få dette arbeidet inn i Nasjonal transportplan (NTP).
– Dette kan gjerast på 12 år. Med takten i den gjeldande planen tek det meir enn dobbelt så lang tid, seier Kjelsnes.
– Mange seier det er uoverkomeleg å rassikre vegane, men det stemmer ikkje. Og klimaendringane ventar ikkje på oss.
I NTP for perioden 2018–2029 er det lagt inn 24 milliardar til rassikring av vegar. Det er mykje pengar, men det utgjer ikkje meir enn 2,4 prosent av kostnadene i planen. Vi bør bruke meir pengar på å trygge dei vegane vi har, meiner Kjelsnes.
– I dag aukar avstanden mellom behova og løyvingane til rassikring. Held det fram slik, kan dette bli uhandterleg. Vi har god dokumentasjon på kor skredfaren er størst. Men det er med dette som det er på helsefeltet: Det er lettare å få pengar til å reparere enn til å førebygge.
Stor jobb for NVE
Åshild Kjelsnes etterlyser også meir midlar til flaum- og rassikring i regi av Noregs vassdrags- og energidirektorat.
– NVE har trappa opp kartlegginga av område med flaum- og rasfare dei siste åra, men det hjelper ikkje å vite kva som er gale, om ein ikkje har pengar til gjere noko med det.
Eit oversyn som NVE laga sist vinter, synte at sikring av kjende faresonar i Noreg vil koste 3,9 milliardar. «Det vi har skissert er nok et minimumsbehov. Jeg er ganske overbevist om at vi hadde funnet mer dersom vi hadde hatt en mer systematisk kartlegging», sa Anne Britt Leifseth, direktør for skred og vassdrag i NVE, til VG i sommar. I år fekk NVE 350 millionar kroner til flaum- og skredsikring.
Framtida er her
Flaumane og rasa i Jølster i sommar er gode døme på det vi kan vente oss meir av i Noreg i åra som kjem, seier Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef i Vestland. Stensvand var i sekretariatet for NOU-en Tilpassing til eit klima i endring i 2010.
– Er vi rusta for dette? Tja, både òg. Forståinga av klimautfordringa har i alle fall mogna ute i kommunane. No høyrer eg ikkje ordførarar eller rådmenn seie at det ikkje er vits i å bu seg på eit endra klima. Men det varierer mykje kor godt dei lukkast i arbeidet.
Innskjerpingane i plan- og bygningslova er eit stort framsteg på dette feltet, meiner Stensvand.
– Men vi har mykje infrastruktur og mange bustadhus frå tidlegare tiår i område der det aldri ville blitt gjeve løyve til å bygge no. I tillegg ser vi at det kjem ras eller flaumar på stader der ingen har sett det før, eller i eit omfang som vi ikkje har sett før. Vi ser no det framtidsvêret som klimaforskarane har varsla.
Våte draumar
Dette inneber ein stor jobb for kommunane, understrekar Stensvand. Dei må systematisk kartlegge risikoområde der folk har bygd hus i god tru, på stader som var rekna som trygge for nokre tiår sidan.
– Og der det er risiko, må ein følge opp med sikring. Ein viktig del av diskusjonen blir kven som skal betale. Om kommunen finn ut at nokre bustader ligg utsett til, kven har ansvaret? Kommunen sa i si tid ja til dei som ville bygge, ut frå den kunnskapen dei hadde da. Men er det dermed rett at kommunen skal koste sikringa?
Skadane på E39 i sommar peikar òg på eit anna viktig diskusjonstema, meiner Stensvand.
– Kva er viktigast: å bruke pengar på å sikre dei vegane vi har, eller bruke pengar på nye prosjekt som eit ferjefritt vegsamband på Vestlandet? Kanskje bør vi dreie meir av merksemda over på eksisterande infrastruktur? Det er ein viktig debatt.
– Det er artigare å bygge nye vegar enn å sikre dei gamle?
– Det er det. Og det er mange våte draumar om eit ferjefritt vestland. Men vi bør tenkje over om vi heller skal bruke ressursar på å trygge det vi har.
– Det kjem ras eller flaumar på stader der ingen har sett det før.
Haavard Stensvand,
fylkesberedskapssjef i Vestland