Klima

– Klimaendringane akselererer

Meir enn tusen menneske mista livet i den spanske hetebølgja i august. Satellittmålingar viser at jorda kanskje er meir kjenslevar for klimautslepp enn me har trudd.

Ein innbyggjar i Tabara i Spania kjempar med det han har for handa, mot skogbrann.
Publisert Sist oppdatert

Aldri har det vore registerert fleire skogbrannar i Europa enn denne sommaren. Over 1 million hektar skog og landsbruksområde har så langt brunne ned, mellom anna i Spania, Portugal og Hellas. Det svarer til 10.000 kvadratkilometer.

– Klimakrisa blir verre for kvart år. Ho er tilbakevendande, og effektane av krisa akselererer for kvart år, uttalte Spanias statsminister Pedro Sánchez då han besøkte eit av dei råka områda i Spania nyleg.

Samtidig er det registrert marine hetebølgjer i Barentshavet, Middelhavet, Nord-Atlanteren og søraust i Stillehavet.

– Me ser at klimaendringane har akselerert, seier professor Tore Furevik, som er oseanograf, klimaforskar og direktør for Nansensenteret i Bergen.

Den globale gjennomsnittstemperaturen har auka med heile 0,4 grader på berre to år. Hovudårsaka er brenning av kol, olje og gass, som gir utslepp av klimagassen CO2.

– Klimaet er kanskje meir følsamt for klimagassutslepp enn me hadde trudd, seier geofysikar og forskingsleiar i Cicero Gunnar Myhre, som tidlegare har bidrege til FNs klimapanel (IPCC).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement