KlimaDet er ikkje noko nytt at underskrivne er forvirra, men éin ting trudde eg i alle år at eg visste: at norsk sau og NRF-rasen var ei klimagåve til verda. Dei norske lamma går nemleg på utmarksbeite mesteparten av livet, eit beite som korkje treng oppdy

Publisert

Det er ikkje noko nytt at underskrivne er forvirra, men éin ting trudde eg i alle år at eg visste: at norsk sau og NRF-rasen var ei klimagåve til verda. Dei norske lamma går nemleg på utmarksbeite mesteparten av livet, eit beite som korkje treng oppdyrking eller gjødsling og dimed høyrer til den naturlege klima- og natursyklusen.

NRF-rasen er på si side noko så unikt i verdssamanheng som både kjøt- og mjølkerase. I dei fleste landa i verda finst det ein rase for mjølk og ein rase for kjøt. NRF kombinerer dette og vert dimed svært fôr- og klimaeffektiv. Kort sagt: Ja, norske sauer og kyr slepper ut klimagassar, som så vert tekne opp att av naturen i vekstsesongen.

Eg har ikkje forstått noko. Regjeringa fortel i statsbudsjettet at dei ser føre seg å kutta 2,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar gjennom redusert konsum av raudt kjøt fram mot 2030. Eg plar lita på offentlege dokument og særleg statsbudsjettet. Men om vi reduserer produksjonen av NRF- og sauekjøt, kvar vert CO2-en av då? Når planter rotnar, slepper dei ut CO2. Når dyr et plantene, slepper dyra ut CO2-en. Korleis vert det til ein samla reduksjon om plantene slepp ut CO2-en direkte? Produserer sauer og kyr meir avgassar enn det den samla energien dei tek til seg, tillèt?

Så kan ein seia at skogen kjem til å taka over kulturbeita og dei dyrka markene. Ja, det er rett. Og skog bind CO2 mykje lenger enn gras og fôrplanter. Eg ser det. Men eitt av satsingsområda til denne regjeringa er å halda oppe kulturlandskap. Og då kan vel ikkje skogen veksa fritt likevel?

Trøysta for dei som ikkje forstår dette, får vera at landbruksbudsjettet skal få ein rekordauke på 5,4 prosent. Det skal gå til å gjera oss meir sjølvforsynte med mellom anna oksekjøt, som vi no importerer i stor mon. Det vil føra til langt fleire ammekyr, som slepper ut mykje meir klimagassar enn NRF-kyr. Trur eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement