Klima
Verda sett frå solsida
Den som vil ha ei motvekt mot klimapessimisme, kan ringje Stig Schjølset, fagsjef i miljøstiftinga Zero.
Stig Schjølset har mellom anna fortid som fagdirektør i Klima- og miljødepartementet og som analytikar i Point Carbon. «Det ser ut til å ligge mer håp i marked enn i politikk», skreiv han nyleg i ein artikkel for Energi og Klima. Her peikar Schjølset på at Statkraft, DNV, Rystad Energy og andre som analyserer energimarknaden, har langt meir optimistiske klimaprognosar enn dei som ser på politikken.
– Om du ser på klimapolitikken som er lova, reknar du deg kanskje fram til ei oppvarming på 2,5 eller 2,8 gradar i dette hundreåret. Men dei som ser på kor fort teknologiutviklinga går, og på dei fallande kostnadene med fornybar energi, har langt meir positive konklusjonar, seier Schjølset.
Han viser mellom anna til Statkraft, som spår at oppvarminga blir avgrensa til to gradar.
– For berre sju år sidan var det mange analysar som peika mot ei oppvarming på 3,5 gradar i dette hundreåret. Men det er det ingen som trur lenger. Og det er ikkje så mykje på grunn av klimapolitikken, det er på grunn av dei fallande kostnadene for fornybar energi.
Teknologiutviklinga er ikkje avhengig av at alle land har ein ambisiøs klimapolitikk, påpeikar Schjølset.
– Men det har hjelpt at til dømes Tyskland har gått føre og subsidiert solkraft. Det har bidrege til å få skalert opp produksjonen og drive ned kostnadene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.