Klima
Sjokkert over Høgsterett
Sjansane er store for at klimasøksmålet går vidare til Den europeiske menneskerettsdomstolen, meiner jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde.
Miljøorganisasjonane har tapt klimasøksmålet mot staten i tre rettsrundar.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Denne veka vart det klart at miljøorganisasjonane tapte klimasøksmålet mot staten. Høgsterett meiner at tildelinga av utvinningsløyve i Barentshavet i 2016 korkje braut med miljøparagrafen i Grunnlova eller med den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
Hovudspørsmålet var om grunnlovsparagraf 112 om retten til miljø gjev borgarane individuelle rettar som dei kan gjera gjeldande direkte for domstolane. Høgsterett kom samrøystes til at miljøparagrafen må forståast som ein tryggingsventil, der terskelen for at domstolane skal kunne setje til sides eit lovvedtak, skal vere svært høg.
Jørn Øyrehagen Sunde, professor i juss ved Universitetet i Oslo, har følgt med på saka.
– Hadde denne saka noko å gjere i rettssystemet i første omgang?
– Ja, det hadde ho, fordi all maktutøving skal kunne kontrollerast, og det er Høgsterett som til sjuande og sist gjer det i norsk kontekst. Det inneber ikkje at domstolen er ein ideell plass for ei så stor og komplisert sak.
– Kva har dommarane lagt vekt på?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.