Rekordåret 2023
I 2023 sette verda varmerekord kvar månad mellom juni
og desember.
Skogbrann i British Columbia 18. august 2023. Brannane i Canada i fjor var dei største som er registrerte i landet.
Foto: Darryl Dyck / AP / NTB
erik@dagogtid.no
Den meteorologiske organisasjonen i verda (WMO) bruker seks leiande internasjonale datasett frå heile verda for å overvaka globale temperaturar: 2023 var med stor margin det varmaste året som er målt, med 1,45 grader celsius over den førindustrielle epoken (1850–1900). Ifølgje WMO var juli og august dei to varmaste månadene som nokosinne er registrerte. Kvart tiår sidan 1980 har vore varmare enn det førre tiåret. Dei ni siste åra har vore dei ni varmaste som er målte.
I 2023 sette verda fleire klimatiske rekordar: Både Nord-Atlanteren, Karibia og Sørishavet opplevde marine hetebølgjer med rekordvarmt overflatevatn.
Skogbrann i Manaquiri i Brasils regnskog i september i fjor.
Foto: Edmar Barros / AP / NTB
Ekstrem varme rammar fleire delar av verda, mellom anna det sørlege Europa og Nord-Afrika, med temperaturar på 48,2 grader i Italia og 50,4 grader i Alger i Algerie i juli 2023. I Canada opplevde ein dei verste skogbrannane nokon gong. 18,5 millionar hektar skog gjekk tapt.
Fem år med tørke på Afrikas horn vart i 2023 etterfølgd av den verste flaumen på mange tiår, med fleire hundretusen internt fordrivne. Sjøisen i Antarktis nådde det lågaste nivået sitt sidan satellittmålingane starta i 1979, éin million kvadratkilometer (eit område på storleik med Tyskland og Frankrike) mindre enn den førre minimumsrekorden.
Dei sveitsiske isbreane har dei siste to åra mista 10 prosent av volumet som er att. Havet heldt fram med å stiga i 2023. Det gjennomsnittlege havnivået har det siste tiåret (2013–2022) stige dobbelt så raskt som det gjorde i perioden 1993–2002.
– Klimaendringane er den største trugselen menneska står overfor. Det rammar oss alle, spesielt dei mest sårbare, uttalte WMO-sjefen, professor Celeste Saulo, då tala for 2023 vart presenterte i januar.
– Me har ikkje råd til å venta lenger. Det blir gjort mykje, men det må gjerast mykje meir, og me må handla raskare, sa ho.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.