Klima

Olje kring heile bordet

Den norske modellen er bra til mykje, men dårleg eigna til å avslutte oljealderen, meiner statsvitar Matto Mildenberger.

Statsminister Jonas Gahr Støre under klimatoppmøtet i Glasgow 2. november. Anten det er Ap eller Høgre som leier norske regjeringar, vil politikken vere petroleumsvenleg, seier Matto Mildenberger.
Statsminister Jonas Gahr Støre under klimatoppmøtet i Glasgow 2. november. Anten det er Ap eller Høgre som leier norske regjeringar, vil politikken vere petroleumsvenleg, seier Matto Mildenberger.
Publisert

Tysdag fekk Noreg den lite ærerike utmerkinga «Dagens fossil» av paraplyorganisasjonen Climate Action Network under klimatoppmøtet i Glasgow. Grunngjevinga er at den norske regjeringa vil halde fram med leitinga etter meir olje og gass. I samband med toppmøtet har Jonas Gahr Støre ført eit meir offensivt forsvar for norsk petroleumsutvinning enn vi er vande med, og han har framstilt oljeindustrien som ein del av løysinga på klimakrisa.

Vi skal ikkje gå i detalj om argumenta til Støre her, men vi kan slå fast at norsk klimapolitikk i mange år har stått i spagat: På eine sida seier norske regjeringar ofte at dei vil gå føre i arbeidet for å bremse klimaendringane, og dei kallar klimatrusselen «vår tids største utfordring». På andre sida er det politisk nær umogleg å trappe ned petroleumsutvinninga, som er den største kjelda til klimagassutslepp i Noreg, og grunnen til at Noreg berre så vidt har klart å redusere utsleppa nasjonalt sidan 1990.

Årsaka er å finne i sjølve den norske samfunnsmodellen, meiner den amerikanske statsvitaren Matto Mildenberger. Han er amanuensis i statsvitskap ved University of California i Santa Barbara og har klimapolitikk som spesialfelt. I boka Carbon Captured: How Business and Labor Control Climate Politics (2020) drøftar Mildenberger mellom anna norsk klimapolitikk.

Norsk modell

Når vi snakkar om «den norske modellen» – eller «den nordiske modellen» – kan det tyde mange ulike ting. Men det Mildenberger siktar til, er først og fremst trepartssamarbeidet mellom arbeidarrørsla, næringsliv og styresmakter i Noreg. Denne modellen har tent Noreg vel på mange vis, understrekar han på telefon frå California.

– Det norske trepartssamarbeidet fungerer godt på ei rekkje måtar: Det har gjort velferdsstaten dykkar sterk, det sikrar stabilitet i økonomien og førebyggjer konfliktar. Men det same systemet blokkerer alle forsøk på å redusere petroleumsindustrien dykkar, seier Mildenberger.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement