Lita skrift

Klem

Publisert

Det ser så enkelt ut, men er eigentleg eit innfløkt ritual.

Det opnar med blikkontakt mellom partane, og det oppstår ei taus semje om at dei skal gjere det. Dei nærmar seg kvarandre med ansikt og overkropp, først varsamt prøvande i tilfelle dei har misforstått signala, så når dei eit punkt der rørsla er irreversibel og dei berre må la det stå til. Kontakten skal vere eit mjukt fjørande og ikkje minst samordna møte mellom kinn og overkropp etter ønskt intensitetsgrad. Returen må òg skje i samforstand og med koordinerte rørsler. Ikkje for raskt, det kan verke sårande, ikkje for sakte, det kan verke krenkjande.

Dette er grunnstega. Så finst det ei mengd underartar og hybride former.

Den myteomspunne varianten vi ser i gamle franske filmar, blir utført med smattande trutmunn og gjerne på begge sider av ansiktet (to smatt per side, aldri hudkontakt med leppene). Dette stiliserte, nærmast formaliserte ritualet kan verke overflatisk på oss, men har òg noko raffinert, eterisk over seg.

I motsett ende av skalaen er machovarianten vi kan sjå mellom fotballspelarar etter at dommaren har blåse av kampen. Det startar gjerne med eit handtrykk, somme legg i tillegg venstrehanda på skulderbladet til motparten, så kjem ein relativ kort, men kraftfull samanstøyt med høgre halvdel av overkroppen, før dei raskt avsluttar kroppskontakten, kanskje med eit barskt smil, avhengig av kampresultatet.

Felles for alle er eit intrikat sett av innarbeidde konvensjonar. Mange meistrar dette sosiale spelet til det fullkomne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement