Klart for nytt atomkappløp
I 32 år gjorde INF-avtalen Europa og verda tryggare. Kvifor riv USA og Russland sund ein avtale som har tent alle så godt?
Donald Trump og Vladimir Putin under eit møte i Helsinki i juli i fjor. Ingen av dei to statsleiarane har sett seg tente med å berge INF-avtalen som forbaud USA og Russland å utvikle landbaserte mellomdistanserakettar, og no kan dei ha lagt grunnen for ein ny rustingsspiral.
Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP / NTB scanpix
Laurdag 2. februar skjedde det ei varsla ulukke. USA trekte seg som venta frå INF-avtalen om kjernefysiske mellomdistansevåpen, og Russland svarte som venta med same mynt dagen etter. Europa har nytt godt av INF så lenge at dei færraste av oss no tenkjer over kor viktig avtalen har vore. Men da denne traktaten vart underskriven i 1987, var det ein historisk augneblink: Avtalen gjorde slutt på eit intenst og farleg atomvåpenkappløp i Europa.
Sidan 1976 hadde Sovjetunionen plassert ut hundrevis av mobile atomrakettar i austblokka, mellomdistansevåpen som var sikta inn mot mål i Vest-Europa. I 1979 byrja USA å plassere ut tilsvarande rakettar i europeiske Nato-land. Men tøvêret kom raskt etter at Mikhail Gorbatsjov vart generalsekretær for det sovjetiske kommunistpartiet i 1985, og i 1987 vart INF underskriven i Washington. Det var eit stort steg på vegen mot avslutninga av den kalde krigen, og starten på fleire tiår med amerikansk og russisk atomnedrusting.
Risikable våpen
Forkortinga INF står for Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty, og traktaten innebar at verken USA eller Russland kunne utvikle, teste eller eige atomrakettar med ei rekkjevidd på mellom 500 og 55.000 kilometer. Avtalen dekte berre atomrakettar på land, og både USA og Russland har mange mellomdistansevåpen som kan skytast ut frå skip, ubåtar eller fly. Likevel var INF eit stort framsteg.
Nesten 1700 atomvåpen vart fjerna frå europeisk jord og destruerte, to tredelar av dei var sovjetiske. Det gjorde Europa til ein langt tryggare verdsdel. Kort- og mellomdistanserakettar ber med seg ein særeigen risiko: Tida frå oppskyting til dei råkar målet er berre på nokre få minutt, dermed må reaksjonstida på båe sider vere svært kort om ein skal kunne slå attende ved eit eventuelt åtak. Dermed blir òg faren for å gjere fatale feil større.
Påstand mot påstand
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.