JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Klarer ikkje å halde milliardflya i lufta

I USA er kampflyet F-35 tilgjengeleg for bruk berre halve tida. Er det grunn til å tru at situasjonen er betre i Noreg?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein F-35 frå U.S. Air Force under flyshowet Aero India i februar i år. Kampflya har vist seg å bli langt dyrare både i innkjøp og drift enn det som var planen.

Foto: Aijaz Rahi / AP / NTB

9694
20230929

For godt til å vere sant

Det kan verke underleg i dag, men pris var eit viktig argument da Noreg valde å satse på F-35 som det neste norske kampflyet i 2008. Statsminister Jens Stoltenberg hevda i fullt alvor at F-35 skulle bli mykje billegare enn den svenske rivalen JAS Gripen, både i innkjøp og levetidskostnader. Prisen for 48 fly skulle bli 18 milliardar 2008-kroner, medan levetidskostnadene skulle bli 145 milliardar kroner.

Innkjøpsprisen for F-35 skulle dermed bli seks milliardar kroner billegare enn for Gripen, og levetidskostnadene 20–30 milliardar kroner lågare for F-35. Ingen av delane var i nærleiken av sanninga. I 2021 kom militærtidsskriftet Jane’s fram til at driftskostnadene per time for F-35 var omtrent fem gonger kostnaden med å bruke Gripen.

Forsvar

peranders@dagogtid.no

September i år var ein dårleg månad for tidenes dyraste kampfly. Søndag 17. skaut ein amerikansk pilot seg ut av F-35-flyet sitt i nærleiken av Charleston i Sør-Carolina. Årsaka er ukjend, men flyet styrta i ein åker heile 100 kilometer frå staden der piloten landa. I over eit døgn visste ingen kor kampflyet – med ein prislapp på kring ein milliard kroner – var blitt av. Den underlege hendinga fekk brei mediedekning i dagane etterpå.

Mindre merksemd fekk rapporten som Government Accountability Office i USA la fram fire dagar seinare. GOA er eit motstykke til Riksrevisjonen i Noreg, og ein av konklusjonane i rapporten var meir oppsiktsvekkjande enn eit flykrasj: F-35-flya til USA er i snitt tilgjengelege berre 55 prosent av tida. Resten av tida står dei på bakken for vedlikehald, som ofte blir utsett fordi reservedelar manglar.

Skivebom

Dette er svært langt frå målet til Pentagon, som er at desse flya skal vere tilgjengelege 85 til 90 prosent av tida. Tala frå GOA er lei lesnad for det amerikanske forsvarsdepartementet, som skal kjøpe til saman nesten 2500 F-35-fly til ein samla kostnad på 18 billionar kroner. Da vil du ikkje at flya er utilgjengelege halve tida.

Den stygge statistikken frå USA reiser òg store spørsmål for Noregs del. F-35-avtalen med Lockheed Martin er det største offentlege innkjøpet som nokon gong er gjort her i landet. Sjølve flykjøpet, som for tida er vurdert å koste 91 milliardar, er ein mindre del av totalkostnaden. Det er drift og vedlikehald som verkeleg monar. Den forventa levetidskostnaden for dei 52 flya Noreg har tinga, er på heile 326 milliardar kroner fram til 2054. Til no er 40 av flya leverte. F-35 blir ofte omtalt som sjølve ryggrada i det norske Forsvaret i fleire tiår framover.

Men om USA, staten som har tinga og finansiert F-35, rår over kolossale militærressursar og kan kalle inn produsenten Lockheed Martin på teppet på kort varsel, ikkje klarer å halde F-35 operativt meir enn halve tida – kva er da stoda i vesle Noreg?

Hemmeleg

Det er ikkje lett å finne ut, viser det seg. «I Norge har flytimer og skrogtilgjengelighet en hemmelig gradering, da en offentliggjøring av slike data vil være av høy interesse for en potensiell motstander», skriv oberstløytnant og kommunikasjonssjef Eivind Byre i Luftforsvaret i eit e-brev til Dag og Tid.

Dette er i og for seg skjønleg. Men det inneber òg at vi, altså folket som skal betale 326 milliardar kroner for F-35, ikkje kan få vite kva vi får att for dette ufattelege beløpet. Og det finst grunnar til å mistenkje at dei norske F-35-flya er ute av drift vel så mykje av tida som dei amerikanske. Den viktigaste grunnen er ein kronisk mangel på teknisk personell som kan halde flya i drift. Den mangelen er ikkje eingong ein militær løyndom lenger.

Så få her i landet

«F-35 fungerer ikke som tenkt fordi vi er for få ansatte som holder våpensystemet F-35 i gang. Det fører til at Forsvaret mangler reaksjonsevne, overlevelsesevne og operativ evne», skreiv major Morten Hanche i eit innlegg i Adresseavisen i fjor haust. Hanche visste kva han snakka om. Han var den første norske piloten som flaug F-35, og flyg framleis ved Ørland flystasjon, hovudbasen for den norske F-35-styrken. Hanche er òg fagsjef for kampfly ved Luftoperativt inspektorat.

I innlegget sitt i fjor var han klar og hard: «Den største norske offentlige investering noen gang fungerer ikke som tenkt, selv om Forsvaret har drevet omorganisering og effektivisering i over 20 år», skreiv Hanche. Forklaringa er ganske enkel: Det manglar folk til å ta seg av støttefunksjonane kring flyet.

Eitt skift

Morten Hanche utdjupa kritikken sin i eit intervju med Fosna-Folket i oktober i fjor og samanlikna med situasjonen i USA: «Amerikanske F-35 skvadroner har tre skift med teknikere som jobber på flyene hele døgnet. Da kan man ha hvert fly i lufta mer. Vi har ett skift og da får vi ikke fikset like mye på flymaskinen», sa han.

Men trass i ei langt betre bemanning i støtteapparatet enn det norske Luftforsvaret, klarer altså ikkje amerikanarane å halde F-35-flya operative meir enn halve tida. Igjen må vi spørje: Er det da grunn til å tru at dei norske flya er meir tilgjengelege enn dei amerikanske?

Lokale spørsmål

Dag og Tid kontakta Hanche i arbeidet med denne saka, men han viste oss til Luftforsvaret. Dei viste i sin tur til spesialrådgjevar Endre Lund hos Forsvarsmateriell, etaten som har ansvar for alt norsk militærutstyr. Han meiner dei alarmerande tala frå rapporten til Government Accountability Office ikkje seier noko om situasjonen i Noreg. «Dette er ein amerikansk rapport om interne amerikanske utfordringar», skriv Lunde.

«Det er først og fremst lokale spørsmål i Noreg som påverkar drifta av dei norske flya. Tala i den amerikanske rapporten er difor ikkje direkte overførbare til oss.» Lunde meiner USA har særeigne problem med vedlikehaldet, mellom anna har dei ikkje bygd nok verkstader for reparasjon av F-35.

Naudløysing

Men når ein les GAO-rapporten, verkar det som dei fleste problema med flyet i USA kan vere relevante for norske forhold. Ei lang rekkje reservedelar til F-35 er forsinka frå leverandøren, personellet manglar opplæring i vedlikehaldet, og det manglar tekniske data som trengst for reparasjonar. Og i Noreg kjem altså den akutte mannskapsmangelen på toppen.

I fjor haust var Rolf Folland, sjef for Luftforsvaret, tydeleg på det punktet: «Vi mangler 131 årsverk på Ørland for å kunne være i stand til å operere slik vi burde» sa han til Adresseavisen. Det er ingen liten mangel. Ei av naudløysingane Noreg tyr til no, er å leige inn teknikarar frå produsenten Lockheed Martin for å kunne halde F-35-flya på vengjene.

Fallitterklæring

– Det er ei fallitterklæring at vi må leige inn teknikarar frå utlandet for å sikre drifta, seier Sigurd Myrvoll. Han er sjølv flyteknikar og arbeidde i 22 år for Luftforsvaret ved Bodø hovudflystasjon. Myrvoll har òg vore hovudtillitsvald ved stasjonen for Fellesforbundet og er politikar for Arbeidarpartiet. Han meiner kutt i talet på tilsette gjennom mange år har gjort det umogleg å bruke F-35 slik det var tenkt.

– Det vi ser i Luftforsvaret, er ei krise som har vore varsla i mange år. Du kan investere i så mykje flott utstyr du vil, men det er ikkje mykje verdt om du ikkje har folk til drifte det.

Flytting

Problemet vart forverra med vedtaket i 2012 om at Ørlandet skulle bli F-35-basen, medan flystasjonen i Bodø vart nedlagd: Mange av flyteknikarane ved Bodø ville ikkje flytte for å jobbe ved Ørlandet, slik Luftforsvaret hadde sett for seg, seier Myrvoll.

– I Noreg har vi no tre teknikarar for kvar F-35. Nederland har ni eller ti per fly. Vi har færre teknikarar til å drifte kvar F-35 enn vi hadde til F-16, sjølv om F-35 er eit meir komplisert fly som vi har lite erfaring med.

– I USA er F-35-flya berre tilgjengelege halve tida. Trur du det er betre i Noreg, med den mangelen vi har på flyteknikarar?

– For å seie det slik: Om amerikanarane manglar delar til flya sine, trur eg ikkje situasjonen er betre her. Eg tviler på at Noreg står først i køen, seier Sigurd Myrvoll.

– Fortvilande

Mannskapsmangelen i Luftforsvaret no er langt på veg resultat av vedteken politikk, meiner Per Erik Solli. Han er senior forsvarsanalytikar ved NUPI og tidlegare F-16-pilot.

– Talet på stillingar har vore detaljstyrt av departementet. Det var ein strategi gjennom tiår å kutte pengar på drift og slik frigjere pengar til investeringar i nye våpensystem. Men det ser ut som ein ubalanse no. Vi har kjøpt nye, dyre system, men har ikkje personell til å operere dei, ikkje eingong i dagleg drift i fredstid, seier Solli.

– Å bruke over 300 milliardar på kampfly utan å sikre seg nok folk til å operere dei, verkar djupt irrasjonelt?

– Eg er heilt samd. Det er fortvilande.

Erkjenning

No ser det ut til at problemet er erkjent i Forsvarsdepartementet. I vår løyvde regjeringa 40 millionar til innleige av teknisk personell, mellom anna dei nemnde teknikarane frå Lockheed Martin. Regjeringa vil òg opprette ei flyfagline på Fosen vidaregåande og ei flyingeniørutdanning ved NTNU. Men det vil ta ein god del år før dei siste tiltaka får særleg effekt. Og dei kjem ikkje til å hjelpe med å nå det erklærte målet om at den norske F-35-styrken skal vere fullt operativ i 2025.

«I dagens tryggingssituasjon er kampflya våre avgjerande for tryggleiken vår. Vi kan ikkje setje oss i ein situasjon der flya blir ståande på bakken på grunn av manglande teknisk personell», skreiv forsvarsminister Bjørn Arild Gram i ei pressemelding i mai. Mykje tyder på at det er nett den situasjonen vi er i.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi har kjøpt nye, dyre system, men har ikkje personell til å operere dei, ikkje eingong i dagleg drift i fredstid.

Per Erik Solli, forsvarsanalytikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis