Klagar–¿kvinnene i Masanjia
Dei er korkje kriminelle eller opposisjonelle, men heilt enkelt kvinner som har trudd på invitasjonen frå den kinesiske staten til å klaga til styresmaktene over urett av ymse slag. Difor vart dei internerte og torturerte i omskoleringsleir.
Gai Fengzhen er ei stor kvinne på 56 år med holkinna andlet. Ho har sett krykkja si i eit hjørne av rommet og strekkjer armane bakover for å illudere eit menneske som er hengt.
–?Ein vert plassert mellom dei to køyene i ei køyeseng av jarn, med hendene festa til kvar si køye. Det er diagonalen som er vondast, når den eine armen vert trekt oppover, den andre nedover.
Ho bøyer seg for å syne korleis det fungerer. Kroppen er snodd.
–?Anklane og føtene er òg festa, og det er uråd å bøye beina.
Dagua-en («den hengde») og dei fire variantane av den, som får senene til å hovne og som skader ledda utan å etterlate synlege spor, er ein av straffemetodane dei er utsette for, dei som sit i omskoleringsleiren Masanjia. Gai Fengzhen fekk smake denne torturen for siste gongen i fengslingsperioden sin 1. juli 2009, i seks timar utan avbrekk. Ho kasta opp blod. Ho vart ikkje sleppt laus før ho som torturerte henne, måtte ta seg av ein annan innsett som sat på «tigerbenken» – eit slag stol samansett av stålrøyr der offeret er plassert på ein måte som tyngdekrafta gjer forferdeleg smertefull. Det var det tredje og nest siste opphaldet for Gai Fengzhen i Masanjia, ein mønsterleir for laojiao («omskolering gjennom arbeid») i Shenyang, hovudstaden i provinsen Liaoning, nordaust i Kina.
Styresmaktene på nakken
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.