Kjøtforslag forsvann

Kontroversielt EU-forslag blei ikkje noko av.

Den merksame lesaren har kanskje merka seg at det ikkje finst kontroversielle forslag knytte til kjøtproduksjon og kjøtforbruk i landbruksstrategiane frå EU-kommisjonen. Sjølv om både feilernæring, overvekt og kosthald blir sett i samanheng med verdshelsa, blir det ikkje presentert noko forslag om å ete maksimum 14 gram kjøt per dag eller noko i den retning.

Her kan det vere verdt å nemne at det nokre veker før lansering blei leke ut at kommisjonen vurderte å slutte å finansiere kjøt med EU-pengar. Forslaget overlevde ikkje reaksjonane, og organisasjonar som WWF og Greenpeace beklagar at ikkje strategiane kjem med sterkare lut for å gjere noko med det dei omtalar som overforbruk av kjøt.

«EU-kommisjonen seier at kjøt skader klimaet og naturen, men gjer ingenting med det», skriv Greenpeace i ein reaksjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement