Kjerringa mot distriktsstraumen

Ein skal ikkje undervurdera økseskaft og repeterande talehandlingar i politikken.

Avtroppande digitaliseringsminister Nikolai Astrup gav den nye distrikts- og digitaliseringsministeren Linda Hofstad Helleland nøkkelen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet førre fredag.
Avtroppande digitaliseringsminister Nikolai Astrup gav den nye distrikts- og digitaliseringsministeren Linda Hofstad Helleland nøkkelen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet førre fredag.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Linda Cathrine Hofstad Helleland (heretter LCHH) er frå bygda, frå Klæbu ved Selbusjøen, der Nidelva har sitt utspring. Kommunevåpenet var ein heraldisk vri på Trongfossen i landets djupaste elvegjel. Etter kraftutbygging er fossen borte, men til gjengjeld er stiftsstaden betre sikra mot flaum. Frå 1. januar har Klæbu vore ein del av den større og meir robuste Trondheim kommune.

HJELPESKRIVARANE er i stuss om forventningane til distrikts- og digitaliseringsminister LCHH. Er det eit PR-stunt for å tekkast folk i avkrokane, eller ein genistrek for regjeringsparti som har vore fanga i boblebad med Framstegspartiet og late Senterpartiet stikka av med bunaden og folk flest?

Vertinna tykkjer LCHH minner om ein Ivo Caprino-figur frå dokkefilmar med folkeeventyr, der dei går litt stivt og snakkar som robotar. Det eventyret ho tenkjer på, er «God dag, mann! – Økseskaft». Det handlar om den tunghøyrde ferjemannen som fekk besøk av lensmannen som skulle panta for gjelda kone og barn hadde bygd opp med lauslivnad.

Den tunghøyrde tenkte ut kva lensmannen ville spørja om og kva han skulle svara, replikk for replikk. Han sette seg til å telgja på eit økseskaft og rekna med at lensmannen ville spørja om kva det skulle bli. Så då lensmannen i staden begynte med å seia: «God dag, mann», svarte ferjemannen utrytande sitt planlagde «Økseskaft». Sidan gjekk det berre verre. Lensmannen tok ferjemannen for ein tulling, og snipp, snapp, snute, så var det eventyret ute.

Vertinna meiner at slik er det med LCHH også: Ho svarer sitt same og uttenkte, uansett kva spørsmålet er. Om ho skal sendast landet rundt for å lytta til folkets uro, meiner Vertinna at ho burde stilla i revyfestivalen på Høylandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement