JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjernevåpena som vart laga for å brukast

Taktiske atomvåpen vart skapte fordi dei store atomvåpena var så effektive at dei var ubrukelege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den russiske raketten Iskander-M har alt blitt brukt i krigen mot Ukraina med konvensjonelt sprengstoff.  Denne typen rakettar kan òg utstyrast  med atomstridshovud.

Foto: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia.org

9434
20220930
9434
20220930

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Heilt sidan invasjonen av Ukraina tok til i februar, har president Vladimir Putin truga med at han kan kome til å bruke atomvåpen. Desse truslane har no fått fornya styrke. Dels fordi dei russiske styrkane har blitt drivne attende i haust, dels fordi Russland er i ferd med å annektere okkuperte område i Ukraina.

Det siste inneber at krigføring i desse områda kan definerast som åtak på russisk territorium. Og den russiske atomvåpendoktrinen seier at Russland kan ta i bruk atomvåpen for å forsvare seg også om landet er under åtak med konvensjonelle våpen, dersom åtaket utgjer ein eksistensiell trussel – eit omgrep som er ope for tolking.

I det vestlege ordskiftet blir det oftast teke for gjeve at det er dei såkalla taktiske atomvåpena Putin trugar med å bruke, ikkje dei store atomrakettane som kan utslette heile byar. I så fall er det verdt å finne ut kva slag våpen det er snakk om. Kva er eigentleg dei taktiske atomvåpena, kor stor skade kan dei gjere, og korleis kan dei brukast?

Ulike mål

Det finst ingen eksakt definisjon av eit taktisk atomvåpen. Det som skil dei frå strategiske atomvåpen, er først og fremst føremålet: Medan dei strategiske våpena er laga for å råke på lang avstand og skape enorme øydeleggingar langt inne på fiendens territorium, kan dei taktiske atomvåpena nyttast til å råke fiendtlege styrkar eller militære installasjonar ute i felten.

Naturleg nok er dei taktiske atomvåpena jamt over mindre enn dei strategiske. Medan strategiske atomvåpen kan ha ei sprengkraft på opptil 1000 kilotonn, det same som ein million tonn TNT, kan dei taktiske atomvåpena vere frå under eitt til over 100 kilotonn. Også dei største av dei taktiske våpena har altså ei kolossal øydeleggingskraft: Bomba som la Hiroshima i grus i 1945, var til samanlikning på 15 kilotonn. Biletet blir dessutan komplisert av at sprengkrafta til mange nyare atomvåpen kan justerast opp eller ned, avhengig av kva mål dei skal brukast mot.

Nytte i krig

I all hovudsak er det altså bruksmåten som er det definerande trekket ved dei taktiske atomvåpena. Og da Sovjetunionen og USA i si tid utvikla slike, var det på bakgrunn av ei enkel erkjenning: Dei strategiske atomvåpena var så kraftige at dei berre kunne brukast til avskrekking. Eit åtak med slike våpen mot den andre supermakta ville føre til slutten på sivilisasjonen. Da statsleiarane Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttest til toppmøte i Genève i 1985, summerte dei opp haldninga slik i felleserklæringa: «Ein atomkrig kan ikkje vinnast og må aldri utkjempast.»

Samstundes var det militærstrategar på båe sider av jernteppet som såg for seg at mindre atomvåpen faktisk kunne ha nytteverdi i ein krig. Dei taktiske atomvåpena kunne kanskje brukast mot fiendtlege styrkar på slagmarka utan at det utløyste ein full atomkrig. Og fordi mindre atombomber ville medføre mindre radioaktiv ureining enn dei store, kunne det òg vere mogleg å bruke dei i kamp nærare eige territorium utan å skade folk i heimlandet. Kanskje kunne ein slå ut heile panserbataljonar med ei atombombe – utan å ta titusenvis av sivile liv i same slengen?

Stort arsenal

Under den kalde krigen bygde både USA og Sovjetunionen opp formidable arsenal av taktiske atomvåpen. På slutten av 1980-åra rådde båe supermaktene over mange tusen slike våpen. USA skal ha hatt kring 9000 og Sovjetunionen mellom 13.000 og 22.000 taktiske atomvåpen, ifølgje Bulletin of the Atomic Scientists, og dei var del av arsenalet for både bakkestyrkar, marine og flyvåpen.

Dei mindre atomvåpena kunne brukast på fleire måtar enn dei strategiske: Det trongst ikkje store kryssarrakettar eller bombefly for å sende ut taktiske atomvåpen – eller levere dei, som det heiter på fagspråket. Dei kunne òg leverast med mindre kortdistanserakettar, pilotar kunne sleppe dei frå jagarfly, dei kunne skytast ut med artillerigranatar eller torpedoar, og dei kunne til og med brukast som miner eller i luft- og missilforsvar.

Droppa i USA

I 1991, etter kollapsen til Sovjetunionen, såg ikkje styresmaktene i USA nokon grunn til å halde på det store arsenalet av taktiske atomvåpen. Ikkje berre var trusselen frå kommunismen borte. Atomvåpen var svært upopulære både i USA og i Europa, dessutan var nytteverdien av taktiske atomvåpen for å stogge ein invasjon av Vest-Europa uansett diskutabel.

Alt under den kalde krigen skal somme sarkastiske amerikanske militærstrategar ha påpeika problemet: «I Tyskland er det berre to kilotonn mellom byane.» Det innebar at det var vanskeleg å bruke også dei mindre atomvåpena utan å gjere stor skade på uskuldige sivile.

Under president George H.W. Bush vart dei aller fleste av dei kring 9000 taktiske atomvåpena til USA trekte attende og destruerte. Offisielle amerikanske kjelder seier at landet i dag har 230 slike våpen. Til saman skal kring 100 bomber av typen B61, som kan leverast med fly og med justerbar sprengkraft, vere lagra ved militærbasar i Tyskland, Italia, Belgia, Nederland og Tyrkia.

Underlegne

Også Russland reduserte talet på taktiske atomvåpen etter at den kalde krigen var over, men i langt mindre grad enn USA gjorde. Tala er usikre, men eit vanleg anslag er at Russland framleis har mellom 1000 og 2000 taktiske atomvåpen. Federation of American Scientists meiner å vite at talet på slike våpen i Russland er 1912.

Ei årsak til at russarane valde å halde på så mange av desse våpena, var at dei konvensjonelle styrkane til Russland er klart underlegne Nato sine. Desto viktigare vart atomvåpenarsenalet for Russland. Og det å halde på dei mindre atomvåpena innebar ikkje noko brot på traktatane med USA: Medan den nye Start-avtalen frå 2010 set eit tak på kor mange strategiske atomvåpen kvart land kan ha (1550 kvar), er det merkeleg nok ingen traktat som avgrensar talet på taktiske atomvåpen.

Spekulasjon

Men ein ting er talet på mindre atomvåpen i Russland. Eit anna spørsmål er kva tilstand desse våpena er i, og det veit neppe nokon utanfor Russland. Det er for den del ikkje sikkert at leiinga for det russiske militæret veit det heller: Russland har ikkje utført atomprøvesprengingar sidan 1990, verken av store eller små atombomber.

Kva slag leveringsmiddel som er mest sannsynlege om desse våpena skulle bli aktuelle å bruke, er òg vanskeleg å seie. Som nemnt kan taktiske atomvåpen leverast på mange måtar. Til dømes kan dei skytast ut med same type kortdistanserakettar som russarane har brukt i krigen mot Ukraina, mellom anna Iskander-M-raketten, som har ei rekkjevidd på 500 kilometer. Men om dette kan vi berre spekulere – og det gjeld også ekspertar på området.

Ukjent

– Veldig lite er offentleg kjent om det russiske arsenalet av taktiske atomvåpen. Vi veit mykje meir om dei strategiske våpena, fortel Steinar Høibråten, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt.

I 2020 var han medforfattar av oversiktsrapporten Russiske kjernefysiske styrker. Her heiter det at dei taktiske atomvåpena ifølgje russiske styresmakter er trekte attende til sentrale lager, og berre strategiske atomvåpen skal vere utplasserte og klare til bruk. Men det er uvisst om dette stemmer, vedgår rapporten: «Ikke-strategiske kjernevåpen er (…) et område med mye usikkerhet.»

– Men sjølv om det ikkje er offentleg kjent kor i Russland dei taktiske våpena er lagra, vil eg tru amerikanarane har ganske god oversikt, seier Høibråten.

Uvisse

Amerikanske styresmakter har fortalt i media at dei ikkje har registrert nokon påfallande rørsler ved russiske atomvåpenlager sidan Ukraina-krigen byrja. Samstundes er det vanskelegare å overvake eventuelle forflyttingar av dei små atomvåpena, og det er vanskeleg å seie kva typar leveringsmiddel som kan vere aktuelle dersom Putin skulle ønskje å gjere alvor av truslane sine, seier Høibråten.

Han trur ikkje det er sannsynleg at Putin vil ta steget heilt ut og bruke atomvåpen mot Ukraina. Men nærleiken til Russland treng i seg sjølv ikkje å vere eit avgjerande hinder for dette, meiner Høibråten.

– Om russarane brukar eit av dei mindre atomvåpena, vil ikkje det radioaktive nedfallet vere farleg meir enn nokre kilometer unna eksplosjonen. Det vil bli radioaktiv stråling som kan målast i Russland, men ikkje nokon særleg helsefare.

Dilemma

Truslane frå Putin og andre russiske leiarar er openbert meint å skremme, og det er mange gode argument for at han vil nøye seg med å truge. Eitt av dei er at eit kjernefysisk åtak neppe vil vere populært i Beijing. Men om russarane faktisk brukar eit atomvåpen mot Ukraina, vil det setje USA og resten av Nato i eit frykteleg dilemma.

Den amerikanske statsvitaren Richard K. Betts skisserte tre alternativ for USA i Foreign Affairs i juli: Å protestere skarpt, men ikkje gjere noko. Å bruke eit atomvåpen mot russiske styrkar. Eller at Nato går inn i krigen på Ukrainas side med store konvensjonelle styrkar. Som Betts skriv, er ingen av desse alternativa attraktive. (Men han tilrår det siste.)

Denne situasjonen illustrerer òg poenget som mange kritikarar av ideen om taktiske atomvåpen har peika på: All bruk av atomvåpen, også dei små, inneber fare for eskalering til ein full atomkrig. «Eg trur ikkje det finst noko slik som eit ‘taktisk atomvåpen’», sa James Mattis, tidlegare forsvarsminister i USA, i 2018. «Eit atomvåpen som blir brukt, er alltid ein strategisk gamechanger

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis