Krig
Kjem Zelenskyj til å bli ein bestseljande forfattar?
Maivêret velsignar Ukraina med anten sol eller torevêr. Naturen vaknar til liv, trea byrjar vekse, og sjølve farten på livet og hendingane i Ukraina mangedoblar seg.
Kjem Zelinskyj til å arrangere boksigneringsmøte med publikum, og kjem han til å delta på framtidige bokutstillingar og festivalar? I mellomtida har han andre suter, mellom anna å førebu nye offentlege førestillingar framfor utanlandske forsamlingar.
Foto: Pressekontoret til den ukrainske presidenten / AP / NTB
For tredje gongen i dette hundreåret vann Ukraina Eurovision Song Contest på fjernsynet. Kvar siger har kome etter ei historisk omvelting i Ukraina. Eg ønskjer å tru at sigeren dette året vil bli den siste på mange år. Til vanleg ser eg ikkje på denne songkonkurransen, det gjorde eg ikkje i år heller. Men eg har høyrt på vinnarsongen. Eg likte songen, men best likte eg solidariteten frå europeiske sjåarar som røysta på Ukraina. Sjølvsagt var det ikkje på grunn av songen i seg sjølv, men på grunn av at Ukraina syner slikt eit overveldande mot ved å stå imot den russiske hæren, som er fleire gonger større enn den ukrainske.
I fleire dagar har ukrainsk Facebook koka over av glede over denne sigeren. Ukrainarane vitsar med at Putin vakna sist sundag morgon forferda over å høyre at Ukraina hadde vunne. Først da innsåg han liksom at Ukraina var Grand Prix-vinnar.
Men krigen held fram. Det same gjer livet i Ukraina. Folk døyr ikkje berre i krigen. Tysdag vart den første presidenten i Ukraina, Leonid Kravtsjuk, gravlagd i Kyiv. Oppfatningane av kva han hadde å seie for å gjere Ukraina uavhengig, kan delast i to, slik meiningar alltid er delte i Ukraina. Eg var ingen tilhengjar av han, og trur framleis at det var på grunn av han Ukraina ikkje følgde i sporet til Litauen, Estland og Latvia, og at han dimed ikkje sytte for effektivt å endre dei forelda sovjetiske mønstera for økonomisk styring. I sovjetperioden hadde Leonid Kravtsjuk ansvaret for ideologi i politbyrået til det kommunistiske partiet i Ukraina. Det vart sagt om han: «Leonid Kravtsjuk går utan paraply i regnet og vert aldri våt – han veit korleis ein skal gå mellom dropane.» Dei politiske knepa hans var vidgjetne, men leidde ikkje til nokon verkeleg positive endringar i Ukraina. Det einaste minnet etter han no, er «Kravtsjusjkaen», ei slags vogn som ukrainarane brukte når dei drog til marknaden for å selje varene sine og kjøpe mat under den økonomiske krisa tidleg på 1990-talet.
Den krisa har lenge vore historie. Sidan den gongen har Ukraina, trass i mange problem, blitt eit uavhengig land med nokså velståande folkesetnad. Frå samtalar mellom russiske soldatar og offiserar og slektningane deira i Russland – fanga opp av etterretningstenestene – er det tydeleg at dei er forbausa over den høge levestandarden til ukrainarane. Og dette er kan hende det som irriterer russarane mest. Derifrå kjem vel hatet, trongen til å «ekspropriere» det som ikkje høyrer dei til, nett slik det hende etter 1917-revolusjonen, da bolsjevikane tok klede, fabrikkar, butikkar og hestar frå rike borgarar.
Offiserar frå den russiske hæren har sendt mykje tjuvgods inn i Den russiske føderasjonen, som traktorar og skurtreskjarar frå John Deere og mange bilar. Minst halvparten av offiserane som ikkje bur i Tsjetsjenia, har no store problem med å registrere dei stolne varene i samsvar med russiske lover. Ein bil lyt jo registrerast av politiet og få russisk nummerskilt! Det russiske politiet skjønar ikkje kva dei skal gjere i slike saker. Den russiske dumaen har enno ikkje fått i stand ei lov om legalisering av stolen eigedom frå ukrainske borgarar og framande statar. Truleg kjem ei slik lov snart. I Russland er det jo slik at for kvart brotsverk kjem det ei lov som gjer brotsverket lovleg. Alt er enklare i Tsjetsjenia – det du tar med til Tsjetsjenia, er ditt. Hovudsaka er å vere lojal til Kadyrov, så kan du køyre på tsjetsjenske vegar med ukrainske nummerskilt.
På same viset som dei var usamde om kor viktige handlingane til Kravtsjuk var, er ukrainarane splitta i synet på at forsvararane av Mariupol overgjev seg etter å ha kjempa så lenge og så heltemodig i gangane under stålverket Azovstal. Dei fleste ukrainarane er redde for at Russland heilt enkelt vil drepe dei i fangenskap, men det er òg dei som meiner at dei ukrainske militære ikkje skulle ha gjeve opp. Personleg er eg glad for at dei framleis er i live, og eg vonar at dei snart vil vere heime att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.