Krig
Kjellarbarane i Kyiv – drivhus for sivilsamfunnet
Sidan sovjetæraen har skikken for alkoholnyting i Ukraina bestemt at ein lyt skåle før kvar gong ein drikk.
Kyiv-bartenderen Bogdan Kuzminskyj tek farvel med venene i baren Barman Diktat. Han skal til fronten som soldat.
Foto: Barman Diktat via Facebook
Det kan vere ein lang tale eller nokre få ord, men ein kan ikkje setje glaset til munnen før nokon har gjort merksam på kva ein drikk for. No har ukrainarane i 15 månader drukke «for siger!» heime, på restaurantar og i barar. Da vi såg den private hæren til Prigozjin yppe seg mot Moskva, vart ein ny skål skapt: «For at dei alle øydelegg kvarandre!»
I denne krigen, medan restaurantar og kafear har halde oppe rolla si som senter for gastronomisk kultur, har barar gjerne blitt meir som arenaer for sivilsamfunnet der likesinna samlar seg og utviklar ei kjensle av nasjonal einskap. Vanlege kundar kjenner seg som medlemar av ein familie der det er ein sterk sans for gjensidig omsut og eit sterkt ønske om å sikre framtida for Ukraina.
For nokre få dagar sidan tok den kjende Kyiv-bartenderen «Bodya» Kuzminskyj farvel med venene sine. Han skulle verve seg til krigsinnsats. Sidan byrjinga på Russlands totale aggresjon mot Ukraina, om ein ser vekk frå dei første vekene av krigen, da baren hans til liks med alle andre skjenkestader i Kyiv var stengde, har Bodya miksa både tradisjonelle og nye «militære» drinkar for gjestene.
Bodya vart sett vel av garde av alle kollegaene og stamgjestene i Kyivs legendariske Barman Diktat, baren som held til i kjellaren på bygning nummer 44 i Kresjtsjatik-gata. Inngangen til baren ligg i ein trong bakgard, og å gå inn er som å stige ned i eit bomberom.
Truleg var dette eit av dei første føremåla med dette rommelege underjordiske lokalet. Ein eller annan gong vart kjellaren privatisert og seld fleire gonger. Til slutt vart han det han er i dag, ein svært koseleg og godt likt bar for kyivittar og modige fordrivne som trass i daglege rakett- og droneåtak på Kyiv ikkje har late seg drive ut av byen.
Det er fleire slike undergrunnsbarar i sentrum av Kyiv, og dei opnar vanlegvis ved firetida om ettermiddagen. Om kvelden blir det fullt der, men ingen klagar. Stamgjestene har ein todelt grunn til å velje desse «vasshola» under jorda – å lette på stresset og å få nokre trygge timar i eit bomberom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.