Kjær stad har mange namnNamnet skjemmer ingen, men nordmenn slåst om stadnamn så busta fyk. No gjer både kommune og stat lovbrot på grunn av strid om stadnamn.

Namnet skjemmer ingen, men nordmenn slåst om stadnamn så bustene fyk. No gjer både kommune og stat lovbrot på grunn av strid om stadnamn.

Publisert

Strid om stadnamn finst til alle tider og alle stader i Noreg. Stadnamn er like kjært for mange som våre eigne namn, personnamna våre. Det handlar om identitet og tilhøyrsle, ikkje minst fordi stadnamn og gardsnamn ofte fell saman med slektsnamn.

Strid om stadnamn har med historie å gjera, med dansketida og norsk sjølvstende. I mellomkrigstida skulle Noreg fornorskast; gamle danske namn skulle bytast ut. Det galdt fyrst og fremst danske bøyingsformer, til dømes vart øygruppa «Trænen» til «Træna». Men det som verkeleg gav bensin på bålet, var dei tilfella der danske namn skulle bytast ut med det gamle norrøne namnet. Vi kjenner til stridene knytte til Oslo og Kristiania og Trondhjem og Nidaros. Landsmål, seinare nynorsk, var rettesnor for namneendringane.

Debatt om stad og fornorsking har eksistert fram til tida vår. Den fyrste artikkelen eg skreiv som skribent, handla nettopp om danske kontra norrøne og moderne norske bøyingsformer. Det er nok å nemne tittelen, så skjønar ein kor absurde slike debattar kan bli: «Torget, Torgi, Torge, Torga eller Torgar». Det var stakkars Torget i Brønnøysund som skulle døypast om.

Men er det ein stad nynorsken har vunne, så er det nettopp i stadnamna. Filologen og målmannen gjorde eit kjempearbeid her som enno gjeld i hovuddrag i dag. Dei fleste namna i Noreg er normerte etter nynorsk rettskriving. Underleg nok har det gått rimeleg greitt. Men somme stader har alliansen nynorskmotstand og namnedebatt likevel gjort seg gjeldande. Badevatnet i Oslo heitte Sognsvatn fram til 1990. Alt i 1912–13 innførte Kartverket dei nynorske namna inn på karta sine. Men i 1990 året kom den nye lova om stadnamn inn, og fyrst då fekk også bokmål status som normeringsspråk. Vatn vart vann.

Hunn eller Skage

Men det finst òg stridar om stadnamn som har andre røter. Hunn er ein liten, koseleg tettstad aust for Namsos; namnet er til liks med mange tettstader i landet opphavleg namnet på ein kyrkjestad. Namnet på kyrkjesoknet er Skage.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement